– Eg ynskjer at kvinner si helse blir teke på alvor, og at dei ikkje berre må finne seg i å gå rundt og ha vondt og vere sjuke.

Frida Tvedte Matre
Publisert

– Eg hadde på ingen måte ein plan om at det var jordmor eg skulle bli då eg byrja på sjukepleia. 

Det seier jordmor Åsgeir Almvik. 40-åringen har ein bachelor i sjukepleie og ein mastergrad i jordmorfag, og jobbar i dag som jordmor på fødeavdelinga på Sjukehuset i Østfold Kalnes. Der har han jobba fulltid sidan i fjor sommar, men han har vore på avdelinga sidan han byrja å studere i 2020.

– Då eg kom inn på jordmorutdanninga søkte eg på ei utdanningsstilling kor eg kunne jobbe og få løn medan eg studerte. Då batt eg meg også til å jobbe på Sjukehuset i Østfold i tre år etter at utdanninga var ferdig. Så det er ein heilt fantastisk fin mogelegheit til å både ha god økonomi medan ein er student, men også sikre seg jobb etter studiet. Eg slapp å vere fattig student undervegs i utdanninga, forklarar han.

Om Åsgeir

Namn: Åsgeir Almvik

Alder: 40

Frå: Lillehammer

Yrke: Jordmor på Sjukehuset i Østfold

Utdanning: Master i jordmorfag frå Universitetet i Søraust-Noreg. Bachelor i sjukepleie frå Høgskulen i Østfold.

 

Verka fint å jobbe med «det friske»

Almvik visste heile tida då han gjekk på sjukepleiarstudiet at han ynskja å vidareutdanna seg. Han tenkte først på anestesi- eller akuttsjukepleiar, men då dei lærde om reproduksjon og menstruasjonssyklusen på sjukepleia, fekk han auga opp for fagfeltet.

– Det syntest eg verka så spanande, både som fagfelt, men også meir inn mot kvinnehelse. Eg syntest det verka fint å få jobbe med «det friske» på sjukehuset. Det var på ein måte litt overraskande at det blei den retninga, men eg har på ingen måte angra.

Før han byrja på utdanninga visste han ikkje at jordmoryrket var så vidt.

– Det var eit mykje breiare fagfelt og yrke enn eg trudde då eg søkte, så det var ei positiv oppleving. Det handlar om mykje meir enn å berre ta i mot born. Jordmoryrket er også omsorg for kvinner, og kvinnehelse frå dei får menstruasjon til dei er i overgangsalderen med alt ein møter på helsestasjon, i svangerskapsomsorgen, på føden og barsel og etter ein har født, fortel jordmora.

Mann i sykepleieruniform.

Åsgeir Almvik hadde ikkje planar om å bli jordmor før han byrja på sjukepleiarutdanninga. Foto: Privat

Han hadde også forventningar om at han som mann inn i jordmoryrket kom til å bli møtt med skepsis og motstand.

– Det vil eg påstå at var ganske fordomsfullt av meg, for eg har ikkje møtt på så mykje av det. Sjølvsagt så er det nokon som ikkje ynskjer ei mannleg jordmor, men på same måte så er det også mange som ikkje ynskjer ein mannleg pleiar i stell på andre avdelingar på sjukehuset. Eg har blitt tatt veldig godt imot, og har berre positive opplevingar.

Dei gongane kor kvinner som skal føde ikkje har ynskja å ha Almvik som jordmor, så tenkjer han at det er kvinna sitt val.

– Det skal ein akseptere, anten det har med til dømes religion eller tidlegare historikk å gjere. Ein må setje seg sjølv til side og sjå brukaren først og fremst.

Fakta om jordmoryrket

Stilling: Ei jordmor er nokon som følgjer ei gravid kvinne under svangerskap, fødsel og barseltid. I tillegg jobbar jordmødrer med kvinnehelse i eit livsløpsperspektiv. Det vil mellom anna seie gynekologiske kontrollar, rettleiing i samband med familieplanlegging og innsetjing av langtidsverkande prevensjon.

Utdanning: For å bli jordmor må ein først ta ein bachelorgrad i sjukepleie. I tillegg må ein ha minimum eitt års yrkespraksis som sjukepleiar, for og så kunne ta ei toårig spesialisering innan fødselshjelp, svangerskapsomsorg og kvinnehelse, og dermed få ein master i jordmorfag.

Gjennomsnittleg årsløn: 730 560 kroner

 

Kjelde: utdanning.no 

 

Ikkje ferdig sjølv om ein er ferdig utdanna

Jordmora fortel at då rundt halvparten av utdanninga er praksis, var han godt førebudd på yrket.

– Då er ein på sjukehuset på fødeavdelinga og får oppleve korleis det er å vere jordmor. Både som forløysande jordmor, men også i svangerskapets utvikling. Så eg synest absolutt at utdanninga førebudde oss på det som kom.

Likevel er det framleis mykje å lære etter fullført utdanning.

– Ein er heilt fersk når ein er ferdig, og gjerne veldig lysten på å vise alt ein kan, men så skjønar ein etter kvart at ein har mykje å lære, sjølv om ein er førebudd og ferdig utdanna. Så det er litt sånn at ein er ikkje ferdig sjølv om ein er ferdig utdanna, seier han.

Før Almvik byrja på jordmorutdanninga jobba han eitt år som sjukepleiar på ei hjarteavdeling på sjukehuset i Østfold. Sjølv om utdanninga førebur deg godt på yrket, vil han anbefale noko erfaring før ein kastar seg ut på ein master i jordmorfag.

– Det er likevel noko med å ha erfaring med å jobbe på ein klinikk kor ein ser sjuke menneske, og jobbar med sjukdom slik at ein får det i fingrane også. For meg har i alle fall det fungert bra, fordi no har eg ei erfaring som eg kan byggje vidare på som jordmor. Ein jobbar som regel med friske menneske i dette yrket, men det er mykje som kan gå gale.

Hektiske arbeidsdagar

Som jordmor jobbar ein gjerne i turnusordning, som vil seie at arbeidstidene varierer frå dag til dag. Almvik har tredelt turnus, og jobbar både dag-, kvelds-, og nattevakter.

– Stort sett så kjem eg på jobb, og dersom det er nokon som er i fødsel så tek eg over frå førre vakt og fortsett den fødselen. Då er ein inne på fødestua og hjelper med å få babyen ut. Andre dagar kan det vere oppfølging av dei gravide som ikkje har født. Då er dei til dømes inne til ein latens eller til ein observasjon. Andre vakter kan ein jobbe meir på barsel, kor ein passar på at dei som har fødd har det bra.

Når det er mange inne på fødeavdelinga og mange som skal føde, blir det fort hektisk. Då må ein prioritere godt.

– Det er kort veg mellom at det er stille og fredeleg, til at ein må handle litt meir akutt. Det kan vere alt frå blødingar hos mor til eit barn som er dårleg. Ein må heile tida vere litt på alerten.

Åsgeir Almvik

Fødslar kan vere både det mest utfordrande og det beste med jordmoryrket for Almvik. Foto: Privat

Den korte vegen frå at alt er normalt til at ein hamnar i akutte situasjonar er det mest utfordrande med jobben.

– Ein kan aldri slappe heilt av, ein må alltid ha i bakhovudet at her kan det skje noko.

Sjølv om nokre fødslar kan vere utfordrande, er det å få vere med på å ta i mot born også det beste med jobben, ifølgje Almvik.

– Å få vere med på ei såpass stor hending i liva til dei som kjem inn og skal føde og forløyse barn, det må vere beste.

Fødslel er òg det han trekker fram som det mest utrulege som skjer i jobben som jordmor.

– Ein kvar fødsel er fantastisk. Det er særleg gøy når ein har halde på lenge, og kanskje tek over i ein situasjon kor ein tenkjer at det ikkje kjem til å gå, og at det må bli eit keisarsnitt, men så føder dei vaginalt, og er kjempe nøgd med det. Kvar fødsel blir på ein måte ein liten «happy trip» både for min del som jordmor, og for den som føder. For det er jo heilt utruleg flott.

– Meir enn å overleve

Jordmora har fleire draumar for framtida knytt til yrket. Mellom anna håpar han at kvinnehelse får ein viktigare plass i samfunnet enn det det har hatt til no.

– Eg ynskjer at kvinner si helse blir teke på alvor, og at dei ikkje berre må finne seg i å gå rundt og ha vondt og vere sjuke, utan at ein tørr å snu fleire steinar på kva årsaka kan vere, forklarar Almvik.

I tillegg har han eit håp om at jordmoryrket blir styrka slik at ein er betre bemanna, samt at ein tørr å gå bort frå at så lenge mor og barn lever, så skal ein vere nøgd.

– At ein målar suksess ut ifrå mortalitet, det synest eg er tåpeleg. Det er så mykje rundt det psykiske og det fysiske i ein fødselssituasjon og svangerskap som handlar om mykje meir enn berre det å overleve. Det håpar eg me kan tørre å bli litt ærlege på.

Mann i sykepleieruniform på sykehus.

Fødestova kan vere eitt av romma jordmora oppheld seg i løpet av arbeidsvaktene. Foto: Privat

Tydeleg, men tilbøyeleg

40-åringen meiner at ein ikkje treng å ha fødd eller ha eigne born for å gjere ein god jobb som jordmor. Det viktigaste er at ein ser den som skal føde.

– Ein må ha empati, og vere eit godt medmenneske. Ein må både kunne vere tydeleg og sørge for at det som skal skje under fødselen skjer, men også tilbøyeleg til å kunne få den som føder til å føle seg bra.

Til dei som allereie studerer sjukepleie og vurderar å gå inn i jordmorfaget tilrår han å spørje om moglegheitene for å hospitere på ei fødeavdeling.

– Slik at ein får komme inn og sjå korleis det er og få litt inntrykk av kva det vil seie. Eg vil anbefale folk å tørre å ta sjansen, og sjølvsagt særleg anbefale fleire menn å tørre å søkje jordmorutdanninga, avsluttar han.

Les også: Yrket mitt: Christoffer (31) er ungdomsskulelærar

Lærar Christoffer Cabiao i eit klasserom.

Christoffer Cabiao ynskte å jobbe med menneske og formidling. Difor vart han ungdomsskulelærar.