Kampen for skeive rettar i Hellas: – Dei unge er i fyr og flamme

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Denne saka er del av artikkelserien «Dei unge grekarane», der vi undersøker korleis det er å vere ung i demokratiets vogge i 2023. Prosjektet er gjennomført med stønad frå Fritt Ord. 

Connie (han/dei) (21) studerer journalistikk og massemedia i Thessaloniki i Hellas. Han brukar også namna Constantinos og Hermis. (Obs! I denne artikkelen brukar vi alle tre namna). Connie er ikkje-binær trans-maskulin, og identifiserer seg også som ein ikkje-binær gut.

Connie (21) fortel at kvardagen til transpersonar i Hellas er utfordrande. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Eg kjenner meg som ein gut, men eg vil ikkje vere ein gut etter normane til samfunnet. Eg vil vere meg sjølv, for meg sjølv, utan å måtte forklare meg til andre, seier han. 

Risikerer steinkasting

Gatene i Thessaloniki er på sitt mest fargerike. Tusenvis av skeive og allierte spaserer gjennom den nest største byen i ortodokse Hellas. Lastebilar med dragdronningar, faner med ulike slagord, og sjølvsagt tusenvis av regnbogeflagg beveger seg i tog gjennom byen.

Debattar, drag-show, festar og maning til politisk kamp står på programmet under pride-veka.

Om lag 15.000 personar deltek i pride-paraden, ifølge arrangørane. Dei veit at dei risikerer hånord og steinkasting frå folk på sidelina. Folk på eit «Reclaim Pride»-arrangement tidlegare på våren enda dessutan opp med å bli tåregassa av politiet.

Om lag 15.000 personar var med i Pride-paraden i Thessaloniki. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Connie er ein av dei som er med som frivillig. Han fortel at det gir håp å sjå alle som kjempar for skeives rettar.

– Dei unge er i fyr og flamme no. Det er mange arrangement som vert stelte i stand av unge skeive. Om vi ikkje dør av klimaendringane, vil det greske folket få det betre dei neste åra, fordi vi kjempar for det. Det er mange som går ut i gatene, og eg beundrar det stort, seier han.

Glede, tilfredsheit og takksemd

Filomeni Maria Liatsa, presseansvarleg for Thessaloniki Pride, fortel at ho kjenner på same kjensla som alle andre år: glede, tilfredsheit og takksemd, sjølv om det også ligg mykje hardt arbeid bak å halde alt saman. 60–70 frivillige har vore med for å stelle alt i stand.

– Den første pride-paraden eg marsjerte i, var den vanskelegaste. Eg var redd for reaksjonane til andre. Men då eg såg tusenvis av folk som gjekk i harmoni, som lo og elska kvarandre, kjende eg meg heime, som om eg endeleg høyrde til ein plass og ikkje var åleine på denne reisa, seier ho.

Filomeni Maria Liatsa er presseansvarleg for Thessaloniki Pride. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Ho slår fast at det ikkje er spørsmål om tryggleik i paraden. Det kan vere einskilde små grupper som kan prøve å lage trøbbel, men dei er handterbare, og politiet er klare til å ta seg av dei. 

– Når vi er så mange saman i paraden, er det vanskeleg for andre å skape problem og harme. Nokre personar kan hamne i kjipe situasjonar i kvardagen sin, men eg trur generelt ikkje at Thessaloniki er ein by der folk treng å skjule kven dei er og ikkje vere synleg skeive, seier Filomeni.

Politiet måtte halde tilbake ei gruppe med ungdommar som kasta steinar på paraden i Thessaloniki. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

13. plass i Europa

Ifølge Rainbow Europe, ein organisasjon som følger med på rettar og sosiale tilhøve for skeive i Europa, er stoda slett ikkje så verst i Hellas. På den europeiske rangeringa ligg landet heilt oppe på 13. plass over lista med dei beste tilhøva for skeive, med ein score på 57 prosent. Noreg har 67 prosent. Hellas ligg over både Nederland (56 %) Tyskland (55 %), Storbritannia (53 %) og Italia (25 %), såvel som alle landa i Midt- og Aust-Europa.

Regnbogekartet til ILGA-Europe. Skjermdump

Den høge scoren skuldast mellom anna:

  • personar er verna mot diskriminering på bakgrunn av seksuell orientering eller kjønnsidentitet i arbeidslivet og ved kjøp av varer og tenester
  • det er vedteke eit forbod mot konverteringsterapi (men forbodet har blitt kritisert for problematiske smotthôl)
  • skeive kan gi blod
  • likekjønna par kan inngå partnarskap (men ikkje ekteskap)
  • hatprat på bakgrunn av legning eller kjønnsidentitet er straffbart
  • ein treng ikkje få ein diagnose eller steriliserast for å få kjønnsbekreftande behandling eller endre kjønnsopplysingar i systemet.

Skeive grekarar har altså mange rettar – på papiret. Men Connie fortel at kvardagen deira ser annleis ut i praksis.

Ta tilbake femininiteten

Hermis fortel at det generelt er vanskeleg å leve som trans i Hellas. Det er lite medvit rundt skeive identitetar, og du må heile tida kjempe for din eigen eksistens. Mange veit ikkje ein gong kva binær trans er, og desto færre forstår kva det er å vere ikkje-binær, fortel dei.

– Grekarar er ikkje så veldig aksepterande. Mange stader eg går, tillet eg ikkje meg sjølv å vere ute. Eg veit at det kan få konsekvensar. Viss eg går inn i ein butikk, og personen bak kassa feilkjønnar meg, skal eg legge inn tid og innsats for å forklare, kvar gong? seier Hermis.

Grekarar er ikkje så aksepterande, hevdar Hermis (21). Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Dei fortel at folk ventar at dei må bruke bukser og vere maskulin. Folk forventar at også transpersonar følger dei tradisjonelle kjønsnormene.

– Men gutar i kjolar er skikkeleg kule! Trans-maskuline personar må ta tilbake femininiteten vår. Vi vert fortalde om femininitet på ein veldig spesifikk måte. Når vi innser at vi er trans, avviser vi femininiteten, fordi vi ikkje passar inn i stereotypen. Men når du utforskar transheiten din, forstår du at det ikkje berre er ein rigid boks. Du kan ta tilbake femininiteten. Men det er vanskeleg, særleg når samfunnet rundt deg ventar at du avviser den for alltid, seier dei.

Gøymer identiteten sin

Ifølge tal frå EUs byrå for grunnleggande rettar seier 27 prosent av skeive i Hellas at dei er veldig eller ganske opne om identiteten sin. Snittet i resten av EU er 47 prosent.

Nesten to av tre skeive grekarar skjuler den skeive identiteten sin i nokon grad. Illustrasjon: Canva/Eirik Dyrøy Lotsberg

Skeive grekarar rapporterer om meir diskriminering på jobb og i andre deler av kvardagen, til dømes på kaféar, sjukehus eller i butikkar, samanlikna med EU-snittet. Samstundes er det færre som opplyser om trakassering og vald i undersøkinga.

På skulen er det fleire greske elevar som gøymer legninga eller kjønnsidentiteten sin samanlikna med resten av EU, og berre 26 prosent av tenåringane som er spurde, meiner skulen tek opp LHBTQ+-saker på ein positiv eller balansert måte. Men talet på elevar som skjuler LHBTQ-identiteten sin på skulen, har minka frå 47 prosent i 2012 til 41 prosent i 2020.

Tungrådd system

Hermis seier at det er ein lang veg å gå for likestilling. Du kan endre det juridiske, men om dei som jobbar i ulike nivå, i byråkratiet, bankar eller bedrifter, ikkje anerkjenner deg, har du ikkje mykje du skulle ha sagt.

– Regjeringa har gjort nokre vedtak for å få støtte frå LHBTQ-samfunnet. Vi har fått vår første opne homofile minister. Men når statsministeren har vorte spurt om likekjønna ekteskap, har han svara at tida ikkje er inne for det enno. Det er veldig frustrerande. Han veit at mange av støttespelarane hans ikkje vil like likekjønna ekteskap, seier Hermis.

Etter intervjuet har den greske statsministeren Kyriakos Mitsotakis vel å merke gått ut i media og sagt at regjeringa ønsker å legalisere likekjønna ekteskap.

– Det greske samfunnet er mykje klårare og modent, sa Mitsotakis i kjølvatnet av pride-feiringa.

Om lag 15.000 personar marsjerte gjennom gatene i Thessaloniki under pride-paraden. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Hermis meiner at både juridiske og sosiale betringar er viktige, og at det eine ikkje har særleg betyding utan det andre.

– Vil du verkeleg saksøke arbeidsplassen din for å vere transfobisk? Vil du gå til rettssak? Og kjem du til å vinne? Du bur i Hellas: Sjølv om du har ein rett, er det ein sjanse for at du ikkje vil få det du har rett på, seier dei.

Dei fortel at systemet er tungrådd, at byråkratar og sakshandsamarar ikkje har oppdatert kunnskap. Og dersom du til dømes vil endre namn, held det ikkje å berre gjere det éin stad. Du må gå til banken, til familiedepartementet, til utdanningsdepartementet, til skatteetaten, og så vidare. 

– Det er horribelt at det ikkje skjer automatisk, seier Hermis.

Dei fortel også om fleire tilfelle der transpersonar vart nekta hjelp hjå banken.

Treng å bli høyrde

Filomeni Maria Liatsa frå Thessaloniki Pride fortel at det er mange saker som er viktige for LHBTQ+-miljøet i Hellas, men trekker særleg fram likekjønna ekteskap og adopsjon for likekjønna par. Ho fortel også at transpersonar har utfordringar med papirarbeid, tidsbruk og pengar for å endre identitetspapir og for å få kjønnsstadfestande operasjonar, i tillegg til trakassering på jobb eller i offentlege tenester.

– Mange studentar lir på skulen på grunn av mobbing, sidan det ikkje er gode nok lovar som beskytter dei i utdanningssystemet. Vi har også liten eller ingen representasjon for LHBTQI+-miljøet i skulebøker eller på timeplanen, seier ho.

På grunn av desse og mange andre grunnar meiner ho at det er viktig å arrangere pride i byen. Ho seier det er viktig at folk over heile landet skjønar at skeive manglar fundamentale menneskerettar.

Ei drag-dronning i pride-paraden i Thessaloniki. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Det er så mange folk her som slit i kvardagen, har vanskar med ting som andre folk kan ta for gitt, anten det er å bli trakassert av familiemedlem eller vere redd for å halde partnaren sin i handa når dei går på gata. Det er ein parade som inviterer kvart einaste individ til å gå med oss, for å vise at vi er her, vi treng å leve i fred ved sida av alle andre, og røystene våre treng å bli høyrde, seier ho.

Sjølvvald familie

Constantinos først byrja å late håret på beina gro ut, vart han møtt med skepsis. Han fortel at familiemedlemmer kalla han ein sjimpanse.

Connie (21) jobbar med å betre forholdet sitt til einskilde familiemedlem. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Han benytta sjansen til å komme ut som trans til dei. Responsen var ikkje særleg positiv.

– Det finst den typen homofobi og transfobi der familien din kastar deg ut av huset, og den typen når dei held på deg: Dei trur dei elskar deg, men dei bryr seg ikkje om deg. Dei er likevel ikkje openbert og uttalt homofobiske, så du ser ikkje korleis du kan legge skulda på dei, seier han.

Etter at han kom til Thessaloniki for å studere, har Constantinos funne seg eit skeivt miljø og sin eigen, valde familie. Det har vore avgjerande.

– Eg kjem ikkje godt overeins med folk som ikkje er skeive. Andre skeive og transpersonar forstår kvarandre, forstår kampane vi kjempar og korleis vi lever. Det er fint å kunne finne det samhaldet, seier han.

Constantinos vaks opp på Rhodos, kjend som ei luksuriøs ferieøy blant nordmenn, men Constantinos seier han var privilegert som kunne flytte derfrå, til eit meir liberalt, urbant miljø. Det er generelt lite mangfald og bevisstheit på den greske landsbygda, seier Constantinos.

– Med den økonomiske situasjonen i Hellas er det mange som ikkje har moglegheit til å forlate heimstaden. Du blir tvungen til å bli verande i landsbyen din, utan universitetsgrad, knapt med fullført vidaregåande. Korleis kan du komme deg til byen då? Du har ikkje mange moglegheiter. Eg er heldig som kan leve autentisk, seier han.

Må utnytte kapitalismen

Connie trur ei endring er på veg. Det er mange som deltek i kampen. Unge engasjerer seg og organiserer hendingar. Connie beundrar alle som tar til gatene.

Til neste år skal Thessaloniki dessutan vere vert for den internasjonale Europride-festivalen.

Glimt frå pride-paraden i Thessaloniki. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Med årlege prideparadar og Europride 2024, trur du det er ein god pådrivar for samtalen rundt tilhøva for skeive i landet?

– Vi har hatt Pride i over 10 år i Thessaloniki. Har folk endra seg? Eg er ikkje heilt sikker. Europride vert sett litt på som eit turistprodukt for å skaffe fleire kundar til hotella. Eg trur det vil vere ein boom – og så tilbake til normalen. Men det er to sider av mynten når det gjeld regnbogekapitalisme. Vi treng sponsorar, pengar og merksemd. Synlegheit er nøkkelen. I ei ideell verd vil vi ikkje ha kapitalisme i pride, men i samfunnet vi lever i må vi utnytte det, seier han. 

Ville ikkje vore streit

Trass alle vanskane, kunne ikkje Connie tenke seg å vere streit. Han meiner identiteten berikar livet hans.

Connie (21) meiner han er heldig som bur i relativt liberale Thessaloniki. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– Å vere skeiv er så befriande. Opent. Eg kan ikkje tenke meg å vere fanga i boksar. Som ikkje-binær er det veldig fint å kunne utforske kjønnsbøying, møte andre skeive som har same tankar som meg, og uttrykke skeivheita mi. Det er litt som å finne ei meining. Før visste eg ingenting om identiteten min. Det er som å oppdage kven du er. Det kan vere tøft, men også veldig fint, seier han.

– Sjølv med alt det forferdelege som skjer i verda, vil eg framleis vere skeiv, og kjempe for det skeive miljøet. Eg vil at skeive skal ha høvet til å leve som skeive utan noko frykt, seier han.


Beatriki Stoidou (17) frå Thessaloniki røysta for første gong i årets val. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg