Juni er som kjent Pride-månaden, og i år er det i tillegg 50 år sidan homofili vart avkriminalisert i Noreg.

Les om Stonewall-opprøret, som starta den moderne homokampen her, og om korleis kampen for skeive rettar har vore i Noreg får år til år her!

?? Skeiv i Noreg i dag

Framtida.no har ei rekkje reportasjar som gjev eit innblikk i korleis det er å vere skeiv i dagens samfunn.

1Lukas vart kasta ut heimanfrå, Kristine trudde ho kunne velje legninga si bort og Tuulia skifta status på Facebook og reiste frå landet

F.v. Tuulia Keränen (27), Lukas Steidl (21) og Kristine Medhaug Grönn (20). Foto: Privat/Maja Korbøl.

Tuulia Keränen, Lukas Steidle og Kristine Grönn delte sine kome ut-historier med Framtida.no for halvanna år sidan.

– Når ein har vakse opp med å høyre at homofile skulle vore drepne og andre ganske grove ting, tenker ein jo ikkje at dette er noko ein skal fortelje, sa Tuulia Keränen. 

Les saka her!


2Jens Martin (29) starta draglinje på folkehøgskule

– Mange har nok det inntrykket av at drag må vere ein homofil mann som er kledd ut som ei glamorøs og sexy dame. Det er stereotypien, fortel Jens Martin Hartvedt Arvesen. Foto: Karina Rønning

– Mange har nok det inntrykket av at drag må vere ein homofil mann som er kledd ut som ei glamorøs og sexy dame. Det er stereotypien. Men det finst mange perspektiv på kva drag kan vere, fortel Jens Martin Hartvedt Arvesen.

Han er iniativtakar til den nye draglinja hjå Arbeiderbevegelsens folkehøgskule. Les saka! 


3Dragkongane Gutta: – Vi meiner at alle kroppar kan romme heile spekteret av kjønnsuttrykk

Dragkongane i Gutta. Frå venstre til høgre: Lavrans (Desiree Bøgh Vaksdal), Robin (Ann-Christin Berg Kongsness), Larry (Lærke Grøntved) og RichHard (Josephine Kylén Collins). Foto: Ingeborg Bjerke Styve

Josephine Kylén Collins (30),  Ann-Christin Berg Kongsness (33) og Desiree Bøgh Vaksdal (28) er dragkongar i Gutta.

Dragkongar er kvinner som leikar seg med mannlege uttrykk, ofte stereotypiske:

– At det ikkje har fått meir merksemd har å gjere med ei generell usynleggjering av lesbiske, trur Desiree.

Les intervjuet her! 


4Scarlet Envy i Oslo: – Drag er ikkje lenger berre av og for skeive

Scarlet Envy. Dragshow på Rockslo. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Då den verdskjende dragartisten Scarlet Envy hadde dragshow for unge i Oslo, var mellom andre Mica Andersen Olafsen i publikum:

– Det er spesielt å sjå så mange skeive samla. Dette er liksom ein så spesifikt skeiv ting, sa 18-åringen og fortalde at dei òg har ein heil dragkarakter klar.

Les om dragshowet for ungdom her! 


5Først som 25-åring kom Geir Egil ut av skåpet – via ei Dropbox-lenkje

Då han var ung våga ikkje Geir Egil Eiksund (32) frå Ørsta seie til nokon at han vart forelska i gutar. No er han aktuell med barneboka «Kampen», som han sjølv ville ha lese. Foto: Kristianne Marøy/Samlaget

– Frykta for andre sin reaksjon gjorde at eg lata som om eg var som alle andre. Eg lata som om eg likte jenter, fortel Geir Egil Eiksund.

Han har skrive boka han sjølv trong å lese då han forsod at han var homofil. Les intervjuet!


6Johannes (23) vart slått ned fordi han er homofil

Johannes Fandal (23) til vanleg, og etter å ha blitt slått ned natt til 06. mars. Foto: Privat

I tidleg mars i år, vart 23 år gamle Johannes Fandal slått ned på veg heim frå fest. Då han gjekk av bussen merka han at nokon følgde etter han:

– Så høyrer eg nokon som ropar «jævla homo» og får eit slag med noko skarpt frå sida. Eg vert litt fortumla og når eg ser meg rundt ser eg ingen, så dei må ha sprunge vekk.

Les saka! 


7Malin fekk ikkje leilegheit – fordi ho er bifil

Malin Sollund Jacobsen (18) Foto: Privat

Malin Sollund Jacobsen (18) var på leit etter plass å bu i Trondheim, men då ein utleigar fann ut at ho er bifil, vart tilbodet trekt attende.

– Det er heilt idiotisk at ein ikkje skal kunne bu ein plass på grunn av legning.

Les saka!


8Sultan er influencar: – Eg skal vera aktivist til eg døyr

Sultan Hadaddeen er endeleg 18. Ho har alltid hatt eit håp om at når ho vert vaksen, vert alt betre. I dag er ho ei av dei kvinnene ho beundra då ho var lita som snakka høgt om å vera trans. Foto: Aida Mahmody / Amnesty

Sultan Hadaddeen vart ikkje akseptert som kven ho er av foreldrene og to fosterfamiliar meinte ho var for «skeiv», difor flytta ho for seg sjølv som 16-åring.

No brukar Sultan plattforma si til å snakke om transpersonar sine rettar.

– Eg vil ta for meg kampen – eg har opplevd så mykje dritt at eg kan tåla det. 

Les intervjuet!


9Ahmed (32) drøymer om Pride i Khartoum i 2030 – utan å risikere livet

Foto: Ahmed Umar

Då Ahmed Umar vaks opp var det dødsstraff for homofili i heimlandet og framleis får han både dødstrugslar og historiar frå unge som ikkje vågar stå fram.

– I 2030 skal me ha ein parade i Khartoum. På ti år må me gjera alt slik at me kan vera opne i sudanske gater utan at me risikerer våre liv, seier Umar.

Les intervjuet!


10Helene (23) meinte at skeive ikkje hadde nokon plass i kyrkja. Så innsåg ho at ho var skeiv sjølv

Helene Lunder Eriksen tenner dei tre første lysa i regnbogestaken. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

– I starten ville eg berre prøve å dysse ned legninga mi, sidan trua alltid har stått sterkt i livet mitt. Men så fann eg ut at det vart vanskeleg. Når ein ikkje godtar seg sjølv, fortel Helene Lunder Eriksen.

Les saka her!


11Emilie var skeiv i eit kristent miljø

Emilie Nancy Eiken. Foto: Birgitte Vågnes Bakken

– Eg er vaksen opp i eit miljø der homofil og lesbisk var skjellsord, og der det var synonymt med valdtektsmenn og pedofile og sånt, fortel Emilie Nancy Eiken (23).

Då ho kom ut som skeiv mista ho heile kretsen sin, og ho og foreldra melde seg ut av trussamfunnet.

Les saka her!


 

? Over regnbogen

I fjor vår hadde den norske Helsingforskomité og Framtida.no-prosjektet Over regnbogen, der vi løfta historiene til aktivistar som kjempa for skeive rettar i Aust-Europa.

12Albania: Xheni Karaj

Foto: Privat

Då ein konservativ politikar sa at han ville skyte sin eigen son om han er homofil, reiste albanske Xheni seg frå salen og sa:

– Det er fordi det finst folk som deg i denne verda, at folk som meg må gøyme seg og leve eit dobbeltliv. Men ikkje lenger! Eg kan ikkje verte verande i skuggen, så difor kjempar eg.

Slik vart ho den første opne lesbiske i Albania. Les om ho her! 


13Ukraina: Då Pride-paraden vart møtt av nazistiske ytringar, byrja Nataliia å engasjere seg

Nataliia Lobatsj hadde aldri planlagt å verte aktivist, no kjempar ho for LHBT-rettar gjennom kunst og aktivisme.
Foto: Privat

Ukrainske Nataliia, som fann ut at ho ikkje kunne stå på sidalinja då ho var vitne til at ytre høgre-aktivistar ropte nazistiske motto og steina deltakarane på Equality Festival i Lviv. Les intervjuet her! 


14Bosnia: Dajana var med å arrangere den første Pride-paraden i heimlandet

Dajana i den første Pride-paraden i heimlandet Bosnia-Hercegovina. Foto: Dajana Bakić/Universitas

– Diskriminering, hatytringar og vald er til stades kvar dag i heimane våre, i skulen, på jobb, i gatene og i dei sosiale nettverka, fortalde Dajana.


15Russland: Då Valentina fekk pris for Barents Pride-arbeidet sitt, fekk ho dødstrugslar i heimlandet

Valentina Likhosjva har motteke Thorvald Stoltenbergs pris for arbeidet sitt med Barents Pride og menneskerettar. Då det vart kjent i russiske medium fekk ho dødstrugslar. Foto: Privat

– Eg jobbar med saker som å verne retten til å leve, til å vere fri frå vald, auke kor synleg LHBT+ er, og for å redusere stigma mot LHBT+. Alt dette arbeidet vert utført i ein kontekst med diskriminerande lover og trakassering frå politiet og statsapparatet, fortel Valentina Likhosjva.

Les intervjuet med ho her! 


Nord-Makedonia: Antonio vil gjere heimlandet meir inkluderande, empatisk og solidarisk

– Miljøet vårt veit korleis det kjennest å verte undertrykt, diskriminert, ekskludert og nekta tilgang til grunnleggjande rettar, fortel Antonio Mikhajlov.

Les intervjuet med han her! 

Antonio Mihajlov var ein av arrangørane bak den første pride i Nord-Makedonia noko sinne, i 2019. Foto: Privat

16Russland: Natalia vil gjere heimlandet til ein trygg stad for LHBTI-personar

Russiske Natalia Soloviova arbeider for å betre kåra til LHBTI-personar i heimlandet. Foto: Privat

– Vi arbeider for eit samfunn der transpersonar ikkje er andrerangs borgarar, og der dei ikkje kjenner seg som andrerangs borgarar, seier russiske Natalia.

Les intervjuet med ho her!

✨ Då eg var 20

I Då eg var 20-spalta vert du kjend med kven kjendisane var som tjueåringar! Der har ei rekkje viktige skeive profilar òg delt. Dette er nokre av dei:

17Kim Friele

Karen-Christine som 21-åring (til venstre). 10. august var Kim Friele med på å feira Storapride på Stord. Foto: privat og Svein Olav B. Langåker

Som 20-åring var Kim Friele au pair i England, der fleire menn sverma for ho, inkludert ein engelsk hertug. Men då ho prøvde å snakka med lærarane sine om at ho likte jenter, så fekk ho ingen svar.

– Kven skulle ein gå til for å få svar? Heime eller på skulen fekk eg ingen svar. Det kunne vera så jævleg tungt. Eg måtte leva og finna ut alt. Tenk på oss som ikkje hadde noko forbilde. Det er frykteleg.

Les spalta her! 

18Noman Mubashir

Journalist og programleiar Noman Mubashir (47) var mest oppteken av jobb som 20-åring. Foto: Ole Kaland/NRK

Som 20-åring jobba Noman Mubashir i lokalavisa, og drøymde om å jobbe i VG, Dagbladet eller Aftenposten.

Om han i dag hadde møtt seg sjølv som 20-åring hadde han tenkt:

– Eg hadde møtt ein usikker gut med mange draumar og ei hemmelegheit ingen skulle vete om, svarar Mubasir.

Les spalta her! 

19Finn Schjøll

Som tjueåring fekk Finn Schjøll den europeiske arv i gåve, og ein fot innanfor i blomsterverda. Foto: www.magnor.no

Som 20-åring var Finn Schjøll lærling hjå blomsterforretninga som laga brudebuketten til dronning Sonja!

Les spalta her!

Oppdatert: torsdag 23. juni 2022 13.11

LES OGSÅ

ANNONSE