Makedonske Antonio: – Vi gløymer kor lett det er å normalisere undertrykking

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Namnet som er valt for denne dagen er veldig mektig. Det peikar på mangelen på handling mot trakasseringa tusenvis av LHBTI-personar vert utsette for dagleg. Handlingar som går ut over retten til personleg tryggleik, verdigheit og helse.

Det seier Mina Skouen, som er ansvarleg for menneskerettar hjå Den norske Helsinforskomitéen. 

– Homofobisk og transfobisk mobbing er kanskje høglydt og valdeleg, men ho er altfor ofte omkrinsa av stille. Dagen er ein påminnar om kor viktig det er å seie frå. 

Ein av dei som seier frå er Antonio Mihajlov frå organisasjonen Sexual and Gender Minorites Association Subversive Front i Nord-Makedonia. 

Vi er glade for at han ville dele sine opplevingar frå arbeidet sitt med oss.

Ein lang veg att å gå

Antonio bur i hovudstaden Skopje. Han er 36 år, og brukar pronomena han/hans. Organisasjonen han var med å etablere i 2013 er ikkje berre ein jobb for han.

– Eg håpar å gjere landet mitt til eit meir inkluderande, meir empatisk og meir solidarisk samfunn. 

– I organisasjonen min arbeider vi etter prinsippet «Helse i all politikk», fortel Antonio. Foto: Privat

I dag er det framleis ein lang veg att å gå.

Ein rapport frå EU sitt byrå for grunnleggjande rettar (FRA), syner at nesten éin av fem LHBTI-personar har oppelvd fysisk eller seksuelt åtak i løpet av dei siste fem åra.

Paraplyorganisasjonen ILGA Europa, som årleg måler menneskerettssituasjonen for LHBTI-personar, syner at Nord-Makedonia i 2020 er rangert på 33. plass av dei 49 landa som er vurderte. Og unge er ekstra sårbare.

– Skeive unge risikerer i høgare grad å oppleve depresjon, angst, risikabel sex, rusmisbruk, og endåtil sjølvmord, enn jamaldra som ikkje er LHBTI, seier Antonio.

Homofobien stoppar ikkje ved skuleporten

Og homofobisk mobbing stoppar ikkje nødvendigvis når du er ferdig på skulen og universitetet, og startar ditt vaksne liv.

– Eit nyleg døme gjorde inntrykk på meg. Ein ung, homofil lærar vart outa på skulen der han arbeidde. Kort tid etter laut han gå med ryggen pressa mot veggen, for å kome unna trakasseringa både frå studentar og kollegaar. Han måtte etter kvart seie opp jobben og bestemte seg for å forlate landet, seier Antonio og legg til: 

– Vi må endre denne situasjonen. 

I august 2020 lanserte Subversive Front ei nasjonal LHBTI-hjelpelinje, der LHBTI-personar, deira foreldre og lærarar, kan få støtte og råd for å nedkjempe mobbing og trakassering i skulen.

Telefonane hjå hjelpelinja ringer jamt gjennom arbeidsdagen.

Normalisering av undertrykking

– Mobbing har ringverknadar langt utanfor skulegarden. Vi gløymer kor enkelt det er å normalisere undertrykking, å akseptere at måten mobbaren oppfører seg på er ok, også når det er staten som mobbar deg, seier Antonio.

– I min organisasjon arbeider vi etter prinsippet «Helse i all politikk». Vi prøvar å understreke korleis lover og politikk er knytte til den psykisk helsa og livskvaliteten til menneska dei påverkar. 

I 2019 feira Skopje sin første Pride noko sinne. Foto: Privat

Som ein erfaren aktivist, kan han sjå korleis desse prosessane påverkar han personleg. Som opent homofil, opent aktivist, er det vanskeleg å etablere eit forhold til nokon som ikkje er komen ut som skeiv. Dei fryktar dei vil verte outa av å vere saman med han.

– Men eg elskar jobben min, eg likar verkeleg det eg driv med, og eg prøver å vere den beste, mest autentiske versjonen av meg sjølv mesteparten av tida. Eg vert alltid ekstremt glad når eg ser ekte, hjartefølt lidenskap for LHBTI-rettar og likestilling. 

På rett veg

Endå der er mykje arbeid som gjenstår for Antonio og kollegaane hans, så betrar situasjonen seg år for år.

Nord-Makedonia kom på 33. plass av 49 i 2020, men det er likevel elleve plassar opp frå 2019. Det er ingen tvil om at det er grunna det harde arbeidet frå det levande sivilsamfunnet i Nord-Makedonia.

– Miljøet vårt veit korleis det kjennest å verte undertrykt, diskriminert, ekskludert og nekta tilgang til grunnleggjande rettar. Vi kan enkelt føle med og knyte kontakt med grupper som opplever liknande utfordringar, og vi er heller ikkje immune mot fattigdom, arbeidsløyse, korrupsjon og ulikskapen som gjennomsyrer samfunna våre, seier Antonio. 

I mai 2015 var det store protestar i gatene i dåverande Makedonia, der folket kravde at statsmnisteren gjekk av. Foto: AP Photo/Boris Grdanoski

Dette vart veldig tydeleg i 2015, då folk samla seg i gatene for å kaste den maktglade statsministeren Nikola Gruevski, under det som har vorte kjent som «den fargerike revolusjonen».

LHBTI-miljøet var i front for revolusjonen, som ein òg har sett i andre revolusjonar og protestar rundt i Europa. Og rørsla vaks seg sterkare.

Å heve stemma kan endre alt

I mai i fjor vart rørsla sett på prøve, om kor mykje dei kunne handtere. Då vart diskrimineringslova, som inkluderer vern frå diskriminering basert på seksuell orientering, oppheva og LHBTI-personar i landet stod utan eit avgjerande vern. Aktivistar var rasande.

– Meldinga styresmaktene sende med denne handlinga, var at liva våre var irrelevante, seier Antonio.

Meldinga styresmaktene sende med denne handlinga, var at liva våre var irrelevante.

– Men vi reagerte med samhald og styrke, saman med andre marginaliserte grupper. Vi fortalde styresmaktene at «vi har ikkje politisk makt, vi har ikkje pengar, vi kan ikkje gje dykk stemmer i valet, men det bør ikkje vere eit vilkår for at de gjev oss eit verdig liv».

Innan slutten av 2020 var ei ny lov på plass – og denne gongen for godt. For å bryte stille, heve stemma si – det kan endre alt. 

Solidaritet er eit viktig prinsipp for å kjempe mot undertrykking. – Eg vil alltid hugse augeblikket då min greske venn og aktivist frå Thessaloniki Pride gav ei varm og støttande tale på sitt nært perfekte makedonske mål, frå scena på den første Skopje Pride i 2019, seier Antonio. Hellas og Nord-Makedonia er låst i konflikt om kven som har eigarskap til namnet «Makedonia». Foto: Privat


Vil du vete meir? Day of Silence vert brukt for å spreie merksemd om mobbing og effektane ho har på lesbiske, homofile, bifile og transkjønna studentar.

Dagen var opphaveleg skapt i USA på 90-talet, og i løpet av det første året deltok over 100 college og universitet. I dag deltek nesten 10.000 skular i Day of Silence i USA – og dagen får stadig meir merksemd rundt i verda. 

Om du vil vete meir, besøk sida til hovudarrangøren GLSEN. Om du vil vete meir om homofobisk og transfobisk mobbing i Noreg, kan du kontakte Mobbeombodet på din heimstad eller ein skeiv studentorganisasjon på ditt universitet.

Sjekk også ut iChatten, eller nokre av dei norske LHBTI-organisasjonane Foreningen FRI, Queer Youth, PKI, Queer World, and Salam Norge.


Les også intervjuet med russiske Natalia: – Vi arbeider for eit samfunn der transpersonar ikkje er andrerangs borgarar, og der dei ikkje kjenner seg som andrerangs borgarar

Russiske Natalia Soloviova arbeider for å betre kåra til LHBTI-personar i heimlandet. Foto: Privat

OVER REGNBOGEN?️‍?

Frå mars til juni 2021, i samband med viktige menneskrettsdagar, vil Den norske Helsingforskomité dele historier frå nokre av Europa sine modigaste og mest energiske menneskerettsforsvarar.

Målet vårt er at unge i Noreg lærer meir om, og engasjerer seg i, situasjonen til LHBTI-personar i Europa.

Initiativet Over regnbogen vert gjennomført i samarbeid med Framtida.no.

Følg med for interessante historier, arrangement og ein konkurranse eller to!

Delta i skrivekonkurransen om menneskerettar og LHBTQI+!