Ahmed (32) drøymer om Pride i Khartoum i 2030 – utan å risikera livet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.01.2021 11:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er veldig opptatt av å gjera det lett for meg, og gjennom å gjera det lett for meg så gjer eg det forhåpentlegvis lett for andre.

32 år gamle Ahmed Umar sitt kunstnariske virke kan ved første augekast vera litt vanskeleg å få tak på. Det er som om han sjølv er ein del av kunsten, og ved å bruka sine eigne erfaringar som homofil mann frå eit land der legninga hans inntil nyleg har vore forbode, håpar han å hjelpa andre.

I 2018 reiste Ahmed Umar til Sudan og laga portrettserien «Carrying the face of uglyness» saman med skeive sudanarar. Foto: Ahmed Umar

Etter at han kom til Noreg som 20-åring har han teke utdanning i medium- og materialbasert kunst ved Kunsthøgskulen i Oslo.

– For å kunna bearbeida med følelsane mine, treng eg å jobba fysisk og føle prestasjon og at eg meistrar. Det eg meistrar med er kunsthandverk, fysisk arbeid, forklarar kunstnaren, som òg driv med performance.

Lettar hjartet for andre

– Eg har lyst å tømma hjartet mitt og snakke om ting eg er kritisk til. Ting som har vore, ting som hadde vore mykje betre om ikkje skjedde. Til dømes det med religion og korleis samfunnet ser på deg. Eg ser fortsatt at mine opplevingar går i repetisjon, for det er ikkje så mykje forandring, forklarar Umar.

Ein av Umar sine mest kjende verk er performancen «if you no longer have a family make your own with clay», eit lokalt sudansk ordtak som betyr at ein klump leire er betre enn eit menneske i kjøt og blod som gjer deg vondt. Han laga leirfigurar av alle dei som reagerte negativt på legninga hans.

Han håpar at andre òg kan finne ei slags letting gjennom hans eiga historie og laga folk dei er frurstrert over i leire i performancen.

– Det er alltid fint, når du føler at du ikkje er åleine i det. Det er nokon som har same erfaring.

Crossdressing i Khartoum

Umar er politisk flyktning frå Sudan, eit land som fram til i år hadde dødsstraff som straff for homofili.

For Umar byrja 2020 på best tenkjeleg vis med ei oppleving han aldri trudde han skulle få i heimlandet. Saman med mange vener hadde han eit crossdressingparty, eit vouging ball, i hovudstaden Khartoum.

– Det hadde eg aldri sett føre meg i mitt liv, at eg skulle få ei slik oppleving i Sudan, fortel Umar på telefon til Framtida.no.

Etter revolusjonen i 2019 har Sudan vorte meir ope og gjestene kunne til og med vere ute på terrassen utan frykt for å bli oppdaga og politimelde. Det står i sterk kontrast til det Sudan Umar forlét.

– Det er ein følelse eg ikkje hadde før, at eg har nokon som kan støtta meg, som ikkje bryr seg så mykje og ikkje vil skada meg fordi eg er homofil, og det er fint.

Kle er ei viktig uttrykksform for Ahmed Umar, som ein kan sjå i desse sjølvportretta. Foto: Ahmed Umar

Klesprakt

– Det var ganske vanskeleg, for alt som har med meg å gjera var på ein måte uakseptabelt og sterkt kritisert, forklarar Umar om oppveksten.

Han fekk mykje kjeft for sine val av klede og frisyrar, som var litt meir spesielle enn gutefrisyrane i Sudan på den tida. Då han kom til Noreg hadde han framleis ganske vanlege klede, men etter å ha fullført norskopplæringa byrja han å eksperimentere meir med sitt visuelle uttrykk.

Då han byrja på KHiO i 2011 og presenterte seg for klassen: «Eg heiter Ahmed, kjem frå Sudan, og eg er homofil», var det ingen som heva eit augnebryn.

– Eg fekk masse vener og hadde det ganske kjekt. Det var der eg vart meir og meir trygg på mine val og byrja å eksperimentere, forklarar han.

– Eg har til dømes ikkje noko grenser, det avgrensar meg ikkje at eitt plagg er laga for ei kvinne eller ein mann. Passar det meg så gjer det det, om eg er pen i det så går eg i det.

Men klede med store merkelogoar vil du aldri sjå kunstnaren i. Han meiner nemleg at kleda skal vera eit uttrykk for den som ber dei, ikkje ein reklameplakat for produsenten.

Ahmed Umar hadde på seg bunaden under seremonien der han vart norsk satsborgar. Foto: Ahmed Umar

Ahmeds bunad

Eit av plagga som Ahmed Umar har fått mykje merksemd for er sin unike bunad, som miksar norske tradisjonar med sudanske. For Umar er bunaden eit bilete på korleis han høyrer til to estetikkar, to kulturar.

Og når han tek på bunaden føler han seg ordentleg penkledd.

– Eg lærte oppi Hallingdal at før i tida hadde kvinnene ikkje så mykje val på stoff, det dei fekk av stoff laga dei noko pent av. Det må vere litt meir rom for personlegdom og kreativitet, meiner Umar.

Han vart skuffa då han gjekk på Husfliden og spurde om hjelp til å laga sin eigen bunad, men fekk høyra at dei berre brukar faste mønster. For kunstnaren ser på bunaden som noko veldig personleg, ikkje ein uniform med strenge reglar.

– Kle er noko me vel, det er skalet på kroppen vår og det må me velje sjølv, understrekar han.

Det stille året

2020 byrja med eit smell. I mars var Umar i Sydney for å delta på Sydney-biennalen med sarkofagen som har fått tittelen What lasts!, men så slo koronapandemien inn for fullt.

Sarkofagen med tittelen «What lasts!» er eitt av verka som har fått internasjonal merksemd. Foto: Ahmed Umar

Tre utstillingar vart utsette på ubestemt tid. Ei av dei var performancen «if you no longer have a family make your own in clay», som han skulle framføra under Mawjoudin Queer film festival i Tunis.

Kvardagen har gått frå hyppig reiseaktivitet til isolasjon, og Umar medgjev at det er tøft. Han fortel at han mista rytmen og arbeidslysta, trass i at han er vand med å jobba sjølvstendig til alle døgnets tider.

– Eg var aldri merksam på at eg var avhengig av at folk rundt meg bevegde seg og at heile samfunnet bevegar seg, så eg vart veldig… mållaus. Eg veit ikkje korleis eg skal beskrive det…

Umar samanliknar det med ein slange som vert kappa hovudet av, som ikkje veit kor han er eller kor han skal.

Ny i nord

Eit lyspunkt var då Nasjonalmuseet opna si kunststilling med mellom anna ein skulptur av Umar og ein jobb på Hersleb skole.

Kunstnaren kjente seg att i ungdommane han jobba med. Foto:

Kunstnaren samarbeidde med unge flyktningar om eit kunstprosjekt der dei brukte ulike medium for å skildra kjenslene sine.

– Eg kjenner meg att i deira historier for me har på ein måte gått gjennom noko av det same, når språket ikkje strekker til alt du har på hjartet, så det var på ein måte ganske fint for meg å vere der.

Spesielt gjevande var det når han såg dei byrja å opna seg og snakke og bruka kunst for å snakka om følelsane sine.

Umar samanliknar fordommane ein møter i eit nytt land med ei bok, der folk allereie har skrive inn korleis du er basert på kva land du kjem frå og om du til dømes er muslim.

– Ein blir litt sånn usikker på seg sjølv i byrjinga. Kva er desse fordommane, korleis er det dei skildrar meg, eg er ikke slik dei seier, vil ikkje vera slik, seier Umar, som forklar at det kan vera vanskeleg å uttrykke sine håp og draumar i byrjinga.

Ahmed Umar samarbeidde med unge flyktningar ved Hersleb skole om ei utstilling, der dei fekk uttrykka kjenslene sine. Foto: Ahmed Umar

Kampen for livet

Etter at Ahmed Umar kom til Noreg stod han fram som homofil i NRK-programmet Migrapolis i 2012. Seinare har vald å vera ein synleg LHBT-forkjempar i sosiale medium, noko som fører med seg både støtteerklæringar og dødstrugslar.

– Det er mykje oppmoding til vald mot meg og andre homofile. På den andre sida er det mykje støtte. Min største siger akkurat no er at mange som seier: «Du er homofil, men du er eit bra menneske». Når dei ser at det er eit menneske bak fantomet som er homofili er det ein prosess, forklarar Umar.

Han vert òg kontakta av unge sudanarar som kjem ut av skåpet til han og fortel sine historier.

– Det er mykje fint med det, men det har avgrensa min inngang til Sudan, som eg er veldig glad i.

Ahmed Umar er vorte ei viktig LHBT-stemme i heimlandet Sudan. Dette biletet er frå serien «Carrying the face of uglyness». Foto: Ahmad Umar

Nile Pride 2030

No håpar Umar at Sudan er klar for neste steg. Saman med fleire samarbeidspartnarar og organisasjonar lanserer Umar snart The Nile Pride 2030

– I 2030 skal me ha ein parade i Khartoum. På ti år må me gjera alt slik at me kan vera opne i sudanske gater utan at me risikerer våre liv, seier Umar.

Han meiner fordommar aldri er baserte på nok informasjon, men på ignoranse og arroganse.

Difor freistar han å utvida perspektivet deira.

– Då eg kom ut av skåpet var ei ekstrem motrørsle som sa at eg skamma heile Sudan, men no er det stemmer som seier han er homofil, men seier bra ting. Ein persons oppleving er eit steg på riktig veg. Alle veit kven eg er i Sudan. Alle har høyrt om meg på godt og vondt, men det er bra at dei får veta at me eksisterer.

Kristine Medhaug Grønn skammar seg over å skamme seg over at ho er skeiv. Foto: Privat / illustrasjon: Linn Isabel Eielsen