Med skrittet fullt av sjølvtillit

Helene Hovden Hareide
Publisert
Oppdatert 08.06.2022 13:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Brød, kjetting, vasspistolar …

Tre unge kvinner ligg henslengt i Fengselsparken på Grønland, og listar opp dei ulike tinga dei har stappa ned i skrittet sidan dei starta å opptre som dragkongar for litt over eit år sidan.

– Hugsar de då Larry hadde ei steikepanne der? spør svenske Josephine Kylén Collins (30) aka RichHard, dei to andre. Ann-Christin Berg Kongsness (33) og Desiree Bøgh Vaksdal (28) flirar.

– Ja, og så drog RichHard i tillegg fram eit egg frå buksa, som Larry steikte på panna …

Klikk for å sjå kva meir RichHard har hatt i buksa …

Skuldar på andre

Livet har ifølgje kvinnene sjølve blitt meir morosamt etter at dei, saman med danske Lærke Grøntved (32), starta å opptre som Gutta.

For Larry, Lavrans, Robin og RichHard går det meste nemlig ganske greitt. Sceneshow, filminnspeling, DJ-oppdrag, samtalar om miljø eller teknologi … Gutta takkar ja til alt, enten dei kan noko om det eller ikkje. Og går det gale skuldar dei på andre.

– Når Lavrans trynar i ein ledning på scenen blir han ikkje flau, han spør kven i helvete som har plassert den der! seier Desiree om alter egoet sitt.

Til slutt måtte Larry flashe rompa for å få merksemd. Og til og med det fungerte berre sånn passe

Den uredde haldninga fører stort sett til stor suksess – med unntak av eit par flausar. Som den gongen Gutta hadde takka ja til å opptre i saunaen på Salt Art & Music i Oslo, og like før dei gjekk inn fekk beskjed om at framsyninga ikkje var annonsert på førehand.

– Det var så sjukt pinlig, fortel dei.

– Ingen av dei som sat der gadd å følge med på oss. Til slutt måtte Larry flashe rompa for å få merksemd. Og til og med det fungerte berre sånn passe.

Frå innspelinga av Guttas nett-TV, som nyleg fekk pengestøtte frå Norsk Kulturråd. Filmfotograf Maja Wilhite-Hannisdal (i midten) har også iført seg dragkostyme for høvet.

Lesbiske ingen trussel

Men kva er eigentleg ein dragkonge? Sjølv om det er eit mindre kjent omgrep enn dragdronning (engelsk: dragqueen), så er det ikkje nytt, heller ikkje i Noreg.

På same måte som dragdronningar er menn som leikar seg med kvinnelege uttrykk, er dragkongar kvinner som leikar seg med mannlege uttrykk, ofte stereotypiske. Det finst også dragartistar som blander alle slags kjønnsuttrykk.

– At det ikkje har fått meir merksemd har å gjere med ei generell usynleggjering av lesbiske, trur Desiree.

– Lebiske kvinner har ikkje blitt sett som ein trussel, slik som homofile menn. Historisk har ein gjerne ikkje ein gong tatt seg bryet med å forby det.

Ifølgje dei tre har dragdronningar påverka definisjonen av hyperfemininitet, og skapt trendar som kvinner følgjer. ( – Berre sjå på Kardashians, kommenterer Desiree). No spekulerer dei i om dei sjølve kan vere med på å sette standarden for menn, og om dét i så fall er ein god ting eller ikkje.

– Vi har allereie fått tilbakemeldingar frå ein mann som kjende seg inspirert av Gutta. Det var jo litt urovekkande, ler dei.

Menn er komplekse

Alle dei fire kvinnene bak Gutta har utdanning innan scenekunst, og fortel at dei var lei av det i mange samanhengar snevre utvalet av roller for kvinner.

– Når Lavrans tryner i ein ledning på scenen, så blir han ikkje flau. Han spør kven i hevete som har plassert den der! Foto: Ingeborg Bjerke Styve

– Du kan vere den gode mora, den kloke kona, eller den vakre elskerinna, og det er liksom det, seier Desiree.

– Som Gutta har vi så mange fleire moglege typar å leike oss med – og gjere narr av! seier Ann-Christin.

Den streite, kvite mannen er ikkje van med at spøken går utover han

Dei forsøker å oppsummere: RichHard er det sjølverklærte kunstgeniet, Larry den akademiske strebaren, Lavrans den privilegerte vestkantguten, og Robin den harde manne-mannen, som samtidig har ei sensitiv side (som han får mykje kred for å vise fram!).

– Men dei er menn, og sjølvsagt altfor komplekse til at vi kan forklare dei med så få ord, understreker kvinnene med glimt i auget.

– Som dragkongar har vi ei unik moglegheit til å sparke oppover, seier den humoristiske gjengen bak Gutta. Foto: Ingeborg Bjerke Styve

Deilig ikkje å bli stempla som feminist

Under sceneshow har Gutta fleire gongar opplevd at enkelte menn i publikum byrjar å sjå utilpasse ut.

– Den streite, kvite mannen er ikkje van med at spøken går utover han, seier dei.

– Mens kvinner og skeive er veldig vande med det – og blir gjerne skulda for å ikkje tole ein spøk når vi tek til motmæle.

VI meiner at alle kroppar kan romme heile spekteret av kjønnsuttrykk

– Det er deilig å sleppe å alltid bli stempla som dei sinte feministane, og heller få vere dei som står for den gode stemninga. Og så er det dei mennene som reagerer på harselasen som blir dei kjipe!

Alle legningar representerte

Det blir likevel for å enkelt å seie at Gutta berre går ut på å parodiere visse typar menn. Djupast sett handlar det om å utvide forståinga av kva både menn og kvinner kan vere.

– Vi meiner at alle kroppar kan romme heile spekteret av kjønnsuttrykk, seier Ann-Christin.

Kvinner på scena blir fort fanga i det mannlege blikket, men for Gutta er hovudmålgruppa skeive kvinner – som dei sjølve. Eller i alle fall nokre av dei.

– Vi kan seie det slik at alle legningar er representerte innanfor gruppa vår, seier Ann Christin og Desiree, som er kjærastar.

Dei fortel at responsen frå publikum har vore overveldande, og oppdraga står i kø. Nyleg fekk dei også korona-midlar frå Kulturrådet til å produsere nett-TV. Den fyrste episoden kjem i august, og har den ikkje heilt beskjedne tittelen «Gud».

– Det er så typisk! Som scenekunstnarar er det alltid vanskeleg å få nok oppdrag, og under korona har det vore verre. Men for Gutta tikkar det inn førespurnadar heile tida!