Johannes (23) vart slått ned fordi han er homofil

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skal eg vera ærleg, så er eg redd og tør ikkje gå så mykje åleine.

Johannes Fandal (23) fortel på telefon om opplevinga i Stavanger, natt til 06. mars 2022.

Hendinga sit framleis godt i kroppen, og over to veker seinare går han stort sett ikkje ute utan å ha med seg nokon.

Ei veke etter overfallet sov han dårleg, gjenopplevde det som skjedde på natta og ringde vener for å roe han ned frå det som kjendest ut som panikk- eller angstanfall.

«Jævla homo»

Laurdag for to veker sidan er Fandal ute på byen i bursdagsfeiring med vener. Han kosar seg, vert kjend med nye folk og stemninga er god.

På bussen heimover ropar nokon brått «jævla homo» etter han.

– Så skulle eg av og føler at nokon følgjer etter meg. Eg sender ein snap til venene mine om at nokon følgjer etter meg og set opp tempoet. Eg vart jo redd.

Etter ei stund trur han ikkje lenger at nokon følgjer etter og kjenner seg trygg nok til å setja ned tempoet.

– Så høyrer eg nokon som ropar «jævla homo» og får eit slag med noko skarpt frå sida. Eg vert litt fortumla og når eg ser meg rundt ser eg ingen, så dei må ha sprunge vekk.

– Så kjenner eg blodet renn nedover ansiktet og spring heimover. Det var berre 300 meter frå huset mitt.

Han kjem inn i kollektivet og vekker romkameraten sin. Politi og lege vert tilkalla og politiet tek avhøyr same kvelden.

No er saka lagt bort. Utan vitne, kamera i området og Fandal som aldri såg gjerningspersonen/-ane, meinte politiet det ikkje var nok å gå på.

– Men eg følte aldri at dei trudde på meg. Det kan jo berre ha vore ei kjensle, men det var sånn det kjendes ut då eg snakka med dei.

Framtida.no har sett heile dokumentet som underrettinga er henta frå.

– Ingen tiltru til politiet

Det er ikkje første gong Fandal er blitt banka på gata, og heller ikkje første gong politimeldinga har blitt lagt bort.

– Så eg har lite tiltru til kva dei kan få til. Etter mi erfaring legg dei bort saker som går på legning veldig fort.

Sjukepleiarstudenten har tidlegare vore utsett for blind vald i Mo i Rana der han kjem frå, og verbaltrakassering på grunn av legning i Mandal ved eit anna høve. Begge sakene vart lagde bort på grunn av for lite bevis.

– I Mandal var det til og med vitne som såg alt, men det vart lagt bort likevel, fortel 23-åringen.

– Angrar du på at du politimelde?

– Nei, no er det jo i systemet. Det er berre synd at dei ikkje fann personen.

No skal han søke råd frå Foreningen fri om vegen vidare.

– Eg er ganske lei av at ting blir lagt bort, og eg veit ikkje kor mykje lenger ein kjem om ein klagar. Eg har inga tiltru til politiet.

– Tek hatkriminalitet på største alvor

Inge Alexander Gjestvang, leiar i FRI

Foreningen Fri tilrår alle som opplever liknande å politimelde.

– Men me veit at mange let vera sidan det kan ligga ei ekstra utfordring i å fortelja at ein har opplevd noko med bakgrunn i kven ein er. Snakk med nokon du stolar på, og som kan hjelpe deg dersom du treng det, skriv Inge Alexander Gjestvang, leiar i FRI på e-post til framtida.no.

Politiadvokat Kjetil G. Solhaug i Sør-Vest politidistrikt stadfestar at saka er meld og lagt bort.

– Me tek hatkriminalitet på største alvor. Fornærma er avhøyrt to gonger. Me har innhenta video frå bussen. Saka er lagt bort med ukjent gjerningsperson. Det betyr at dersom me får ny informasjon i saka, vil me kunne ta saka opp igjen, men per no ligg føre ikkje dette, skriv han på ein e-post til framtida.no.

Ifølgje mangfaldskoordinator Kirsti Enoksen i Sør-Vest politidistrikt, er det så langt i år meld tre hatkriminalitetssaker i kategorien seksuell orientering i politidistriktet: Fandal si sak, og to andre som enno er under etterforsking.

I 2021 vart det meld seks saker i kategorien. Fire av dei vart lagt bort, og det er teke ut tiltalte i to av dei.

– Me ser ein aukande trend i melde hatkriminalitetssaker i Sør-Vest politidistrikt, men det var ein nedgang under koronapandemien (i 2020 og 2021), skriv ho på e-post til framtida.no.

– Noreg er ikkje så perfekt

Då Fandal fekk vita at saka var lagt bort bestemte han seg for å leggja det ut på Instagram og Facebook. Eit håp var at vitne ville melde seg, men mest av alt gjorde han det for å vise at dette skjer.

– Det er mange som tenker at dette ikkje er eit problem i Noreg, men det er eit stort problem. Ein skal jo kunne gå på gata å føla seg trygg. Noreg er ikkje så perfekt som ein skal ha det til.

 

Sjå dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Johannes Fandal (@johannesfandal)

Talet på politimeldingar har auka jamt fram til 2019, med ein nedgang i 2020. I 2019 vart det meldt 122 tilfelle av hatkriminalitet mot skeive og i 2020 vart 97 tilfelle melde.

Politiet reknar at mørketala er store, og det gir også den årlege innbyggarundersøkinga til politiet grunn til å tru.

– Årsakene til dette er nok samansette, men god kunnskap i politiet om kva hatkriminalitet er og at dei klarar å skapa trygge møte både med dei som politimelder og elles, er viktig for å sikre at dette ikkje er årsaker bak mørketala, seier Gjestvang i FRI.

Foreininga sitt inntrykk er som politiet sitt, at det kan vera mange tilfelle av hatkriminalitet som av ulike årsaker ikkje vert del av den offentlege statistikken.

Framtida har tidlegare omtala Edvin (22) som vart skalla ned på bussen fordi han er homofil.

– Alltid eit ekstra blikk over skuldra

Fandal fortel at hendingane har gjort han meir var i offentlege rom.

– Det er jo nokre år sidan dei andre gongane, men no er det så nytt at eg er endå meir påpasseleg. Men eg har alltid hatt eit ekstra blikk over skuldra når eg går ute.

– Tilrop og sånt skjer jo heile tida, det opplever eg fleire gongar i månaden.

– Kva gjer det med deg?

– Ein blir jo usikker. Eg veit jo at det ikkje er feil å vera meg, men det skapar ei uro inni meg. Det å stå fram som ein unik person blir jo endå viktigare, men så sit ein der etterpå og lurer på om det var noko som gjorde det så spesielt at dei måtte ropa noko til meg.

Han fortel at han også kjenner fleire som har opplevd liknande.

– Det hjelper jo å vita at ein ikkje er åleine. Samstundes viser det jo at homokampen, transkampen og kampen for rettar til alle fortset.


Merk: «Lagt bort» er den nynorske varianten av «henlagt» på bokmål. «Politimeld» og «meld», er nynorskvariantane av «anmeldt» på bokmål.


F.v. Tuulia Keränen (27), Lukas Steidl (21) og Kristine Medhaug Grönn (20). Foto: Privat/Maja Korbøl.