Sultan (18) er influencar: – Eg skal vera aktivist til eg døyr

Kristina Kassab Liland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sultan Hadaddeen (18) beskriv seg sjølv som påverkar og aktivist. Ho har berre vore påverkar det siste halvåret, men har likevel rukke å få eit stort følgjerskare på Tiktok, Instagram og Snapchat.

– Det du gjer som påverkar kan påverka andre sine liv, og difor bruker eg plattformen min til å snakka om transpersonar sine rettar, fortel Hadaddeen over telefon til Framtida.

Påverkarjobben er både hobby og jobb for Hadaddeen, men framfor alt er det eit reiskap for å ta del i den større debatten og tala transpersonar og skeive si sak.

For «skeiv»

Hadaddeen kom til verda som gut, men er i dag kvinne. I juli delte Amnesty eit intervju med Hadaddeen (sjå nedst i saka) om oppveksten hennar og dei kreftene som jobba mot ho i barndommen. Ho skildrar ein barndom prega av fysisk og psykisk vald, foreldre som sa i frå seg ansvaret for ho då ho var 15, og som aldri aksepterte at ho var meir feminin enn maskulin, homofil og ikkje hetero.

Hadaddeen budde i to fosterheimar, men beskriv at ho var for «skeiv» for fosterfamiliane og enda opp med å flytta ut åleine som 16-åring.

I videoen nemnar ho at ho saknar familien, men innser at ho trass i det har det betre åleine.

Like etterpå er det som om det går opp eit lys for ho når ho med store, blanke augo kikkar bort på intervjuaren:

– Eg gløymer at det faktisk er menneskerettane mine som vart brotne.

Endeleg fri

Sjølv om Hadaddeen budde åleine då ho var 16, kjende ho ikkje på noko fridom. Ikkje når det kom til kven ho ynskte å vera, og spesielt ikkje i forhold til kroppen hennar. 

Dersom ein er under 18 og ynsker å byrja med kjønnskorrigerande behandling ved Rikshospitalet, er ein nøydd til å ha godkjenning av foreldra. Det ville ikkje foreldra til Hadaddeen gå med på, og ho vart nøydd til å venta fram til 18-årsdagen.

– Nå som eg er 18 er det berre eg og signaturen min som trengst for at eg skal få behandlinga eg treng. Det er det positive som kjem ut av alle desse åra, fortel ho. 

– Eg har ofte tenkt at berre eg vert eldre, vert ting betre. Og sånn har det vore for meg. Etter regn, så kjem regnbogen. Foto: Privat

Ein viktig grunn til kvifor ho engasjerer seg for transpersonar og skeive sine rettar, finn ein i historia hennar om det å ikkje føle seg akseptert – verken av foreldra eller seg sjølv. Ho sleit lenge med å akseptera kvinna ho kjende seg som.

– Ein tenker at foreldra sine elskar ein uansett korleis ein er. Men eg vaks opp i ein kristen, religiøs familie som ikkje aksepterte meg på grunn av at me ikkje delte dei same verdiane.

Eg vil ta kampen – eg har opplevd så mykje dritt at eg kan tåla det

Ein som skeive barn kan sjå opp til

Det som pusha ho vidare var tanken på at ho ein gong skulle verta vaksen og få bestemma seg sjølv. Som barn såg ho opp til kvinner som snakka høgt om å vera trans og andre skeive som var opne om det. Ho er veldig glad i Marsha P. Johnson, transkvinne og -aktivist frå Stonewall – opprøret som starta Pride-rørsla. 

Hadaddeen vil snakka høgt om korleis samfunnet ikkje alltid er så aksepterande overfor skeive mennesker som ein trur det er, i alle fall overfor transpersonar. Ho trur at mange transpersonar ikkje tør å stå fram i offentlegheita fordi dei kan få motstand. Sjølv håper ho at ho er sterk nok til å stå i det.

Eg vil ta for meg kampen – eg har opplevd så mykje dritt at eg kan tåla det, seier ho.

Hadaddeen tykkjer at det framleis er mangel på transpersonar i offentlegheita. Ho vil endra på det og verta ein kjendis som andre transbarn kan sjå opp til.

– Som kjendis heiar folk på deg, bruker tida si på deg og lyttar til deg, fortel ho.

Eg må alltid kjempa ekstra hardt for å verta anerkjent som ei kvinne.

– Det er mykje negativitet i form av hat eller truslar som følgjer med det å vera open om å vera trans, fortel Hadaddeen. Foto: Privat

Å vera kvinne nok

Hadaddeen har vore i kontakt med Nasjonal behandlingstjeneste for transseksualisme (NBTS) sidan ho var 16 år, men har nyleg fått byrja utreiinga for kjønnsdysfori. NBTS er den einaste staden i Noreg der ein kan få offentleg finansiert kjønnsbekreftande behandling. Sjølv må ho reisa frå Stavanger til Oslo kvar gong ho skal ha samtale.

Ho omtalar seg sjølv som ikkje cis-passing, som tydar at ho ikkje vert teken for å vera fødd kvinne. Hadaddeen fortel at det heng saman med at ho ikkje fekk byrja utreiinga ved Rikshospitalet tidlegare.

– Eg har maskuline trekk, maskulint namn og tykkjer det er kjekt å boksa. Eg må alltid kjempa ekstra hardt for å verta anerkjent som ei kvinne.

Det finst ikkje ein fasit på kva som er trans

I utgreiingsperioden må ho møta opp ved hospitalet omtrent kvar femte månad til samtale og svare på spøsmå og skjema. Samtalane kan dreia seg om kjønnsutrykk, kjønnsidentitet, jobb, relasjonar, psykiske problem, rusproblematikk og mykje mer. I 2023 skal det vera klart om ho får diagnosen kjønnsdysfori som kvalifiserer ho til vidare behandling.

– Eg tenkjer at det finst ikkje ein fasit eller eit spørjeskjema ein kan kryssa av for kva som er trans. Transpersonar har forskjellige behov og meiningar. Det er veldig individuelt, påpeiker ho. 

Frå ein har fått diagnosen til ein får tak i hormonane går det lang tid, og sjølve hormonbehandlinga tek si tid det også. Etterpå sit ein lenge på ventelista for operasjonen. Hadaddeen fortel at det kan gå 6-10 år før ein er ferdig med heile prosessen.

– Og det er berre viss ein får diagnosen. Det er kjipt at det tek så lang tid, og kan vera med på å forverra den psykiske helsa. Det er viktig at dei utvidar tilbodet slik at det ikkje vert lange ventetider og at tilbodet vert tilgjengeleg utanfor Oslo.

Morgondagens Sultan

Hadaddeen har funne støtte hjå vennar og fellesskap i det skeive miljøet i Oslo. Her i lag med venninna Kristjana. Foto: Privat

Det siste året har Stavangerjenta vorte meir og meir involvert i den skeive scena i Oslo, teke del i Pride og dansa ballroom. Ho samanliknar tilknytninga ho føler til organisasjonen Salam og PKI som magnetisk.

– Eg skal sjå om eg fullfører barne- og ungdomsarbeidarlinja, men viss ikkje har eg planar om å jobba og ta meg eit friår. Det viktigaste er likevel å koma meg ut, ta meir del i det skeive miljøet og halda fram med aktivisme.

I haust skal ho vera med å opptre på Bergens fyrste Transpride. Ho skal også vera med på ein panelsamtale i Oslo om det å vera brun og trans, leia ein workshop og opptre etterpå. 

– Eg er fødd til å vera aktivist. Ein blir jo det når ein har sett det eg har sett. Eg skal vera aktivist fram eg døyr, kan du seia.

Sjå Amnesty sitt intervju med Hadaddeen her: 


Karoline Skarstein (28). Foto: Renate Wiik