No har Geir Egil Eiksund (32) skrive barneboka han ville ha lese då han først forstod at han vart forelska i gutar.

– Det er ei slik historie eg sjølv trong å lese då eg forstod at eg var homofil. Ei bok som viser at det går bra, seier forfattardebutant Geir Egil Eiksund (32).

– Det er ei slik historie eg sjølv trong å lese då eg forstod at eg var homofil, fortel forfattar Geir Egil Eiksund. Omslag: Samlaget

I barneboka Kampen møter vi 11 år gamle Andreas midt i sommarferien før han skal byrja i 7. klasse. Han gler seg til å spela fotball med bestevenninna Sara og dei andre frå klassen, og gjenskapa alle kampane frå fotball-VM.

Ein dag flyttar det ein ny gut til bygda, ein gut med United-kaps og eit veldig fint smil. Andreas kjenner at hjarta slår raskare når dei er saman. Samstundes driv Sara og sender hjartemeldingar til han, og han veit ikkje kva han skal svara henne.

Trong at nokon sa det gjekk bra

Sjølv gjekk Geir Egil Eiksund i femte klasse då han merka at han forelska seg i gutar. Men det måtte ingen få vite. Det var hans store hemmelegheit. Og det skulle gå mange år før skulle fortelje det til nokon.

I barndommen kan han ikkje hugsa at nokon snakka stygt om homofile.

– Det var meir det at eg trong at nokon sa at det gjekk bra. Men ingen sa det. Ingen sa noko om det å vera homofil i det heile.

Dei homofile kjendisane i media

Det einaste biletet Eiksund hadde av homofile var kjendisar i media, som han ikkje kjende seg att i

– Eg var ein heilt vanleg gut som vaks opp på bygda i eit religiøst miljø, så eg opplevde at dei homofile kjendisane på den tida var langt frå slik eg var sjølv, fortel han.

Eiksund var veldig redd for korleis familie og vener kom til å reagera dersom han fortalte at han var homofil.

– Frykta for andre sin reaksjon gjorde at eg lata som om eg var som alle andre. Eg lata som om eg likte jenter. Eg trudde eg visste kva andre kom til å tenkja om meg dersom dei fekk vita at eg var homofil. Men det kunne eg jo ikkje vita, seier han.

På biletet til høgre er Geir Egil Eiksund 11 år, som hovudpersonen i «Kampen». Til venstre er han 14 år. Det skal endå gå 11 år før han fortel familie og vener at han er homofil. Foto: Privat

Flytta til Oslo

Då han var 24 år fllytta Geir Egil til Oslo. Etter eitt år i hovudstaden kjente han at tida var komen for å fortelja familie og vener at han er homofil.

– Det var veldig spanande å skulle fortelje, og eg enda faktisk opp med å sende det i brevform med nettlenkje til dropbox! Eg skreiv på ein slags tekst i fleire år, før eg endeleg torde å trykkje på send-knappen. Først til nokre få søsken og foreldra mine, så til dei næraste venene og så til resten av familien, fortel Eiksund.

Tanken på å skulle seie det høgt var mykje skumlare enn å sende det i tekstformat.

– Det er rart å tenkje på i dag, no som det er blitt så enkelt å prate om. Det er nesten litt kjipt å vita i etterkant at det hadde gått heilt fint å fortelja det til familie og vener. Det hadde ikkje vore noko problem. Dei var glade i meg uansett!

Fleire i klassa kom ut

Geir Egil Eiksund har kome fram til at det var tankane hans som stoppa han.

– Frykta for kva andre ville seia blei som ein vegg. Det gjorde at eg stengde ute heile den delen av livet. Det var ikkje aktuelt for meg å finna meg ein kjærast, fortel han.

I ettertid har han blitt fortalt at fleire av dei andre i klassa han gjekk i også er homofile.

– Tenk om vi hadde vore opne om det den gongen. Kor mykje enklare livet hadde vore for alle saman. Men, samstundes er det viktig at barn og unge får den tida dei treng til å finne ut kven dei er og kven dei forelskar seg i. Det er ikkje noko hast å fortelja det – men det er viktig å kunne dela det når ein sjølv er klar.

Geir Egil Eiksund var veldig redd for korleis familie og vener kom til å reagera dersom han fortalte at han var homofil. Foto: Privat

Fotball for alle

Eiksund elskar fotball og valde derfor å gjera fotballen til ein del av historia i boka.

– Eg vil visa at homofile også er interessert i fotball. At vi som forelskar oss i same kjønn kan ha like mange forskjellige interesser som dei som forelskar seg i motsett kjønn, seier han.

Tittelen på boka, «Kampen», er også inspirert av fotballen, men den handlar også om meir enn fotball.

– Det fine med «Kampen» er at det spelar på både fotball og den indre kampen vi alle har inni oss sjølve. Kampen med alle tankane som ikkje alltid er så enkle å takla, avsluttar debutanten.


F.v. Tuulia Keränen (27), Lukas Steidl (21) og Kristine Medhaug Grönn (20). Foto: Privat/Maja Korbøl.
Oppdatert: laurdag 8. mai 2021 14.14

LES OGSÅ

ANNONSE