Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 14.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er vaksen opp i eit miljø der homofil og lesbisk var skjellsord, og der det var synonymt med valdtektsmenn og pedofile og sånt.

23 år gamle Emilie Nancy Eiken tenker tilbake til då ho oppdaga at ho var tiltrekt av jenter.

Ho går i niande klasse på ein kristen ungdomsskule, er vaksen opp i ein kristen familie og er med i ein pinsekyrkjelyd. I miljøet hennar har ho lært at mann og kvinne skal vere saman, men ho skjønner at det «er noko med ho».

– Eg tenkte jo ikkje som niandeklassing at eg var pedofil. Det var jo heilt grufullt, og eg var ikkje ein person som skada andre, eg syntest berre at jentene var litt søtare enn gutane.

Skeiv i kristent miljø

«Vi tror at Gud har innstiftet ekteskapet mellom kvinne og mann som den naturlige rammen for samliv.»

Slik står det i trusgrunnlaget til pinserørsla, som Emilie Nancy Eiken var ein del av.

– Dei seier ikkje utad at det ikkje er greit, dei seier berre at verdisynet vårt er mann og kvinne. Viss ein i kyrkjelyden kjem ut som skeiv, seier dei «ok, vi skal hjelpe deg gjennom dette her», fortel ho.

Framtida.no møter 23-åringen frå Bergen på kafé i Oslo. Ho er ikkje lenger med i noko trussamfunn.

– Eg kom ut som skeiv i 2017, og då mista eg eigentleg heile min krets rundt meg, for då samsvarte ikkje det å tru og å vere skeiv.

Emilie hugsar at ho møtte ei venninne på McDonalds om natta for å fortelje om si seksuelle orientering.

– Då sa ho «Ok, tusen takk for at du seier det til meg. Då skal eg heim og lese Bibelen og sjå om vi framleis kan vere vennar.» Eg har ikkje snakka med ho sidan.

Emilie Nancy Eiken møter Framtida.no på kafé før ho skal ha førelesing på Menighetsfaktultetet i Oslo. Foto: Birgitte Vågnes Bakken/Framtida.no

I dag studerer Eiken til å bli lektor i religion og samfunnsfag ved Menighetsfakultetet i Oslo.

– Eg drog til Oslo og prøvde å finne min eigen plass her. Så eg heng ikkje så mykje med dei eg vaks opp med.

Tung tid

Då Emilie var ungdom, tenkte ho først at kjenslene ville gå over.

– Men så byrja eg på vidaregåande, same type kristen privatskule, og då skjønte eg at dette her går jo ikkje over. Eg treng jo faktisk hjelp, for eg blir ikkje forelska i gutar.

Emilie fortel at det gjorde ho skikkeleg deprimert då ho gjekk på vidaregåande. Ein kan sjå på ho at det er tungt å tenke tilbake på den tida, og på kjenslene ho då hadde rundt den ho var.

Eiken følte ikkje at det var mogleg å få hjelp på skulen, og at ingen merka at ho hadde det vondt.

Medan vi snakkar om den tida, kjem ho på eit minne frå andre klasse, frå dagen det blei lov med homofilt ekteskap i kyrkja. Ho hugsar at ein av lærarane sprang til høgtalarrommet og hadde andakt for heile skulen over lydanlegget.

– Han sa at «dette er starten på endetida. No må alle homofile hoppe i havet. Dette her er grufullt og no kjem antikrist, satan er komen til Noreg».

Vendepunktet

Emilie Nancy Eiken skildrar at ho blir «sjukare og sjukare og sjukare», og ho opplever at det heller ikkje er mogleg å snakke med kyrkjelyden ho er ein del av, på grunn av måten pinserørsla stiller seg til homofili.

– Du fekk ikkje to syn, du fekk jo berre eitt syn. Og eg ville høyre noko positivt, for eg byrja å google ting – og når du googlar ein ting mykje, så gjer algoritmar at du får opp mykje av det same.

– Så eg grov meg ned i eit djupt, djupt hol av sjuke amerikanarar og nordmenn på nettet, utdjupar ho.

Vendepunktet kom då ho fortalde at ho var skeiv til foreldra sine.

– Dei var heldigvis superimøtekomande. Vi sette oss ned saman og prøvde å lese dei fem versa som er brukte mot homofili. Vi las dei saman og kom til at «dette her er ikkje eit problem».

Emilie Nancy Eiken og broren på misjonstur i Europa. Foto: privat

Eiken fortel at foreldra takka ho for å vere open med dei, og sa at dei elska ho og at det berre var heilt nydeleg at ho likte jenter.

– Så eg var veldig heldig der. Då kunne eg byrje prosessen på ein heilt annan måte, for det er noko med det å ha aksept frå familien, sjølv om ikkje heile familien er for, men då har eg i alle fall dei viktigaste.

Homoterapi og sjelesorg

Bergensaren fortel at ho gjekk stille ut av trussamfunnet sitt og ikkje fortalde dei at ho var skeiv. Også foreldra hennar melde seg heilt ut.

– Eg laga ikkje noko oppstyr eller noko sånt. Eg berre sa alt frå meg.

Emilie hadde tidlegare vore aktiv i pinsekyrkjelyden, og spelte bass i lovsongsbandet. Sjølv om ein ikkje blir kasta ut av kyrkjelyden for å vere homofil, opplever ho at ein mistar tenestene sine og på eit vis blir frosen ut – du får ikkje lov til å stå på scena, du får ikkje helse på folk i døra, men du kan sitje bakerst og følgje med, ifølgje Emilie.

– No berre slutta eg i alt, for eg skjønte at eg ikkje hadde lov til å spele, så då ville eg heller vere med folk som faktisk vil meg vel.

– Og det hadde eg ikkje skjønt viss eg ikkje hadde hatt foreldra mine. Då kunne eg blitt ein av dei som hadde pressa meg igjennom det, held ho fram.

– Har du opplevd at folk seier at legninga er noko du må bli frisk frå?

– Ja, men det er mykje meir skjult. Konverteringsterapi sånn som i dokumentaren til Morten Hegseth, det er jo veldig valdsamt, der dei skal få deg til eit stort senter homofile blir sende til.

Ho fortel at dette var stort i Amerika og Storbritannia, og at vi hadde nokre småstader i Noreg, men dei eksisterer ikkje lenger.

23-åringen opplever at det i dag er mykje meir skjult i Noreg, og at det er eit maktforhold der ein vaksen pastor legg handa på skuldra til unge skeive, og ber for dei og har jamlege møter gjennom sjelesorg.

– Det er medlemmer i Skeivt kristent nettverk som har gifta seg heterofilt for å «bli frisk», fordi dei fekk beskjed av kyrkjelyden om at det var det dei måtte gjere.

– Men det funkar jo ikkje, slår Emilie fast.

Sjølv synest ho handsaminga av skeive i desse kristne miljøa er grov mishandling.

– Dei gjer jo ikkje noko ulovleg, men dei hjernevaskar og skadar ekstremt mange.

Homofili og religion i Noreg

Religionssosiolog Pål Repstad forklarar at frikyrkjene er gjennomgåande meir konservative enn Den norske kyrkja. Det gjeld òg i synet på homofili.

Religionssosiolog Pål Repstad. Foto: Universitetet i Agder

– I Den norske kyrkja har det vore ei klår endring i dei siste tjue år eller så i synet på homofili. Framleis er nokre prestar og andre skeptiske til homofilt samliv, men for få år sidan vedtok denne kyrkja at homofile og lesbiske kan gifte seg i kyrkja, og at dei som lever i samkjønna ekteskap kan bli prestar og ha andre kyrkjelege stillingar og verv.

I den Norske kyrkja blei det i 2017 tillate med vigsel av likekjønna par. I 2018 oppretta Kirkerådet eit LHBT-utval. I desember 2020 kom rapporten «Å være en sak. LHBT+: holdninger og arbeidsmiljø i kirken». 

Her kjem det fram at eit fleirtal av dei tilsette i Den norske kyrkja har positive haldningar til LHBT, og mange skeive tilsette opplever eit godt arbeidsmiljø. Samstundes peikar kirken.no på at det framleis skjer diskriminering, og debatten om LHBT-spørsmål i kyrkja blir av mange opplevd som belastande.

Sjølv om frikyrkjene og prinserørsla har meir konservative haldningar enn Den norske kyrkja, meiner religionssosialog Repstad at det skjer ei utvikling også her.

– Til dømes har sentrale einskildpersonar både i pinserørsla og i den evangelisk-lutherske frikyrkja nyleg tatt til orde for ei liberalisering, utdjupar han.

Mellom anna gav pinsepastor og teologiprofessor Terje Hegertun i 2021 ut ei bok, «Det trufaste samlivet», der han tar til orde for at frikyrkjelege kristne må velsigne homofile parforhold.

– Eg deler draumen om at ein gong skal alle dei som ønsker å dele livet med nokon dei elskar kunne gjere det utan hindring, sa Hegertun til NRK.

Også den første kvinnelege pastoren i pinserørsla, Marit Landrø, støttar han i dette.

Pinserørsla: – Alle skal kjenne seg varetekne

– Vi må ta på alvor at denne unge kvinna har opplevd det vanskeleg å vere lesbisk i våre samanhengar.

Det skriv dagleg leiar i Pinserørsla Ingunn E. Ulfsten på e-post til Framtida.no. Pinserørsla består av meir enn 340 lokale kyrkjer over heile landet, og oppgir på nettsidene sine at dei har meir enn 40 000 medlemmar. Kvar einskild kyrkjelyd er sjølvstendig.

Framtida.no har stilt pinserørsla sentralt spørsmål om korleis dei reagerer på opplevingane til Emilie Nancy Eiken, korleis pinserørsla stiller seg til homofili, om ein kan leve i eit likekjønna forhold og framleis vere aktiv i pinserørsla, om det stemmer at skeive mistar oppgåvene sine og kva dei gjer for å ta vare på skeive medlemmer. 

– Målet vårt er at alle skal kjenne seg heime og varetekne i våre menigheiter, svarar Ulfsten, og held fram:

– Vi veit at fleire homofile gjer det – og er med i leiargrupper, i ulike tenester og på plattforma. Medan andre har nok nokre av dei same erfaringane som denne unge kvinna.

Ingunn E. Ulfsten understrekar at sidan kvar einskild pinsekyrkjelyd er sjølvstendig, er praksisen overfor lesbiske og homofile ulik, men ho kjenner seg ikkje att i at nokon skal drive mishandling eller hjernevasking av homofile.

– Sjelesorgs- og samtalerommet er eit rom der ein skal kunne ta opp alle ting ein blir utfordra på eller gler seg over – og ikkje kjenne seg vengeklipt.

Vår overordna samtale no går på korleis vi kan vere betre på å ta imot skeive i våre kyrkjelydar.

Skeivt kristent nettverk

I dag er Emilie Nancy Eiken med i Skeivt kristent nettverk. Det starta med at ho og faren oppdaga ei Facebook-gruppe for skeive i kristne miljø: «Skeive hel- og halvfrelste + våre støttespillere».

– Vi byrja å chatte med dei som var i det rommet, og så fann vi ut at her er det fleire som har ekstremt like historier med veldig like menneske rundt seg, men dei har ingen stad å gå.

– Kva kan vi gjere for å hindre at fleire unge skeive som kjem frå slike miljø ikkje berre går og søker på nettet og finn sjuke videoar med amerikanske predikantar som seier «you’re going to hell» og skapar utryggleik og usikkerheit hos unge skeive, og at dei kan faktisk vere den dei er? spør ho seg.

Løysinga blei å opprette dette nettverket, som faren var ein av pådrivarane til.

– Han er ein tidlegare kjent ungdomspastor i Bergen, så det er veldig kjekt at han har prøvd å forstå noko nytt og 100 prosent aksepterte det frå dag éin.

Emilie Nancy Eiken på kristenleir i 2012. Foto: privat

Dei kontakta organisasjonen FRI og spurde om dei hadde noko nettverk for unge kristne og dei som har vakse opp i slike miljø. Det hadde dei ikkje, men dei var positive til idéen, og hjelpte til i prosessen med å starte organisasjonen som Emilie skildrar kan vere «ein heim for dei som har mista sin heim.»

Men frå dei kristne miljøa møtte dei stengde dører. Eiken fortel at ingen ville støtte dei med lokale eller snakke med dei, og at dei hadde hemmelege møte med pastorar, som ikkje ville bli kopla til Skeivt kristent nettverk.

– Og det synest eg er veldig trist å tenke på, men også litt kult, at dei einaste som ville hjelpe oss og ville ha kontakt med oss var FRI, for i dei miljøa eg kjem frå, er FRI sett på som den store, stygge ulven.

Fell mellom to stolar

Som ein del av Skeivt kristent nettverk, høyrer Emilie Nancy Eiken mange historier om korleis det er å vere skeiv og frå eit kristent miljø i dag.

Ho fortel at det for mange er vanskeleg å bryte med trussamfunnet, som er ein stor del av livet.

– Ein kan jo tenkte seg, viss ein er 30 år og alle du kjenner er i ein slik kyrkjelyd – ein veit jo dess eldre ein blir at det å skaffe seg vennar er ein vanskeleg ting.

Vidare opplever ein del at det sekulære samfunnet skapar utfordringar for unge skeive kristne. Ho ser om att og om att at folk ikkje finn ein «heim».

– Til dømes viss du er ein homofil mann, så er det i det homofile miljøet forventingar om at du skal ha sex før ekteskapet, gjerne ha det litt gøy når du er ung, leve litt og gå på Pride og feste og drikke og sånn.

Samstundes har ein kanskje kristne verdiar i botnen, som ein ikkje klarar å leggje frå seg, og som ikkje samsvarar heilt med denne livsstilen.

– Så veldig mange unge skeive føler at dei finn ikkje sin plass, dei fell mellom to stolar.

– Dei har ikkje lyst til å feste og ligge rundt og liknande, men dei har heller ikkje lyst til å vere i dei kristne miljøa der det ikkje er rom for noko, og nesten er totalt forbode og er veldig stigmatisert.

– Det er deg

Etter å ha studert religion i tre år, har Emilie Nancy Eiken landa meir og meir på at religion ikkje gir meining for ho. I dag reknar ho seg ikkje lenger som kristen.

– Men eg merkar at sjølv om eg ikkje trur lenger, så merkar eg at språket ein snakkar og bakgrunnen eg kjem frå, det skjønnar ikkje mine skeive vennar her i Oslo. Dei kjem aldri til å forstå det, og mine kristne vennar frå Bergen kjem aldri til å forstå den skeive delen av meg.

Ho ønskjer at skeive kristne skal ha moglegheit til å vere ein del av eit fellesskap der dei kan føle seg heime. Ho er glad Skeivt kristent nettverk eksisterer, men peikar på at dei ikkje møter trua til medlemmane på den måten dei kanskje saknar frå eit trussamfunn.

– Har du råd til unge skeive i kristne miljø?

– Vit at du er elska og at det at du er skeiv er ei glede og noko fantastisk. Det er deg, og ikkje noko du kan endre på.

Viss ein er redd for å kome ut til familien, rår ho ein til å snakke med nokon ein stolar på i førekant.

– Før eg fortalde det til mine foreldre, så skaffa eg meg ein slags safe haven, der eg spurde ein familie som eg visste ikkje var imot homofili, om viss det gjekk dårleg å kome ut til mamma og pappa, så kunne eg sove hos dei.

– Og det går som oftast fint, folk er ofte mykje greiare enn ein tenker.


Denne saka er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Ung og religiøs i eit av verdas mest sekulære land». Har du tips? Send ein e-post til tips(a)framtida.no!


Maja Ja Jansen (20) er heks, og er veldig interessert i religion. Foto: Privar