Som 20-åring var NRK-profil Noman Mubashir mest oppteken av å byggje karriere, men ikkje i NRK.

– Draumen var å jobba i VG, Dagbladet eller Aftenposten. Ikkje NRK. Eg tilhøyrer den generasjonen som ikkje drøymde om å vera på TV eller bli kjendisar.

Det var likevel i den sfæren journalist og programleiar Noman Mubashir enda opp.

47-åringen frå Lørenskog er ein av programleiarane for Festen etter fasten, der NRK for tredje året på rad losar sjåarane gjennom den muslimske id-feiringa.

I tillegg er NRK-profilen ein av deltakarane i det nye konseptet Drag me out, der kjendisar får hjelp og rettleiing av erfarne drag queens til å kome seg opp på høge helar.

I ein e-post til Framtida.no fortel Mubashir at han prisar seg lukkeleg for at han vaks opp utan sosiale medium og mobiltelefonar.

– Det er eg glad for, elles så hadde eg garantert blitt ein rosabloggar, hahaha…

– Eg elska jobben min

20 år gamle Noman Mubashir visste allereie då at han skulle bli journalist, og var godt i gang med karrieren.

– Eg jobba i ei lokalavis som heitte Romerikes Blad som frilansar. Eg elska jobben min, men drøymde om å jobba i Akersgata (der alle dei store avisene i Noreg heldt til i det førre hundreåret).

– Korleis var kvardagen?

– Eg stod opp tidleg, budde framleis heime hjå mamma og pappa i Lørenskog, var først på jobb, la gamle aviser i hylla og la fram dei dagsferske på bordet. Deretter kokte eg kaffi til dei andre som framleis ikkje hadde kome på jobb samtidig som eg planla kva eg kunne skrive om i løpet av dagen, fortel han, og held fram:

– Så gjekk dagen med på å skrive ulike store og små reportasjar, før eg drog heim igjen seint på kvelden. Eg var sjeldan saman med vener på den tida og var mest opptatt av å laga dei beste reportasjane og bygga karriere. Eg levde i mi eiga boble samtidig som mine vener studerte, reiste til utlandet, fekk kjærastar og festa.

Depeche Mode og Melrose Place

Soundtracket til livet til på den tida var Depeche Mode, verdas største synthband som framleis held koken. Og sjølv om han jobba hardt heime i Noreg lokka utlandet:

– Eg var veldig opptatt av to TV-seriar på den tida: Beverly Hills 90210 og Melrose Place. Dei var 90-talets store ungdomsseriar. Begge frå LA. Eg drøymde om å leva i LA, køyra open sportsbil og henge på stranda. Ein skikkeleg ungdomsdraum.

Dødsfrykt over Hardangervidda

Sjølve 20-årsdagen kan han ikkje hugse, men skulle han gjette så var han sannsynlegvis på jobb og dekte ein korpskonsert i Lillestrøm.

– Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

– Eg fekk lov til å sitja på med ein trailersjåfør over Hardangervidda, det var spanande. Midt på vinteren. Det hadde vore mange trafikkulukker med trailerar på den tida, og eg skulle dokumentera livet til ein trailersjåfør. Det snødde tett og vegane var glatte. Eg hugsar eg var veldig nervøs for å døy, men det gjekk bra. Vi kom fram til Bergen. Men eg og fotografen tok takk og pris flyet heim.

Noman Mubashir (29), Paula Flores Halvorsen, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, Harald Osa og Rune Gokstad sytte for både mat og underhaldning i Kokkekampen i 2003. Foto: Bengt Wilson/NRK.

– Det ordnar seg til slutt

I kjølvatnet av kong Harald sin berømte tale om at nordmenn er både jenter som er glade i jenter og gutar som er glade i gutar valde Noman Mubashir i 2016 å fortelja om si eiga homofile legning.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Eg hadde møtt ein usikker gut med mange draumar og ei hemmelegheit ingen skulle vete om, svarar Mubasir.

Og var det eitt råd han ville gitt til seg sjølv på den tida, så var det dette:

– Det ordnar seg til slutt. Du er den du er og Gud, mamma og pappa og resten av verda elskar deg uansett.


Kollasj av framtida.no. Foto: TV 2/Privat
ANNONSE