Då eg var 20: Finn Schjøll jobba i butikken som laga brudebuketten til dronning Sonja

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Finn Schjøll er kjent for mange nordmenn som «Blomster-Finn», og har pryda norske TV-skjermar i fleirfaldige år.

Han har vorte van med tidlege morgonar som fast innventar på God Morgon Norge! på TV 2. Der har Schjøll laga blomsterdekorasjonar og delt ut visdomsord i over 20 år.

Han var også deltakar i den aller første sesongen av Skal vi danse, og hang med på rytmane heilt til han kapra fjerdeplassen.

Allereie som tjueåring visste heile Noregs «Blomster-Finn» at det var med blomar han ville arbeide, og mediemerksemda kom på kjøpet.

Kor var du då du var 20?

Eg arbeidde i Oslo. Lærling på siste året hjå Eitzen, Noregs mest ettertrakta læreplass, og med Fernando Menk som sjef. Blomar, fest og event kvar dag, før ordet event var funne opp.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Eg var privilegert! Den flottaste butikken du kunne tenke deg, og her var min læreplass. Det gav grunnlaget for alt som skulle kome.

Hugsar du kva som skjedde det året?

Kronprinsen gifta seg med Sonja Haraldsen og Eitzen leverte blomane. Det var stort.

Bilete frå det kongelege bryllaupet 29. august 1968 då kronprins Harald og Sonja Haraldsen gifta seg. Dei nygifte kjem her ut frå Oslo domkirke etter vigsla. Foto: NTB Scanpix

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg jobba jo for sveitseren Fernando Menk og sidan Noreg heldt tysktalande kultur på ei armlengdes avstand så vart eg introdusert for tysktalande forfattarar frå Göthe til Thomas Mann. I musikk vart det store komponistar Schubert og Mahler med fleire.

Det var det beste som kunne skjedd. Det vart mi universitetsutdanning, takka vere Fernando Menk. Eg føler at eg fekk den europeiske arv i gåve.

Hugsar du 20-årsdagen din?

17. mai. Dei er så like, så den dagen er nok i gløymeboka.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Bryllaupet i 1968. Studentopprøret i Paris, som vert halde levande av mine årsgamle, gjekk meg hus forbi.

Opprørspolitiet i Paris møter studentar som demonstrerer i Paris 6. mai 1968. Foto: AP

Visste du kva du skulle bli i livet?

Nei og ja. Blomane var målet, media kom på kjøpet.

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Eg hadde ingen mogelegheit til å føreseie oppturar eller nedturar. Når TV tok meg vart eg dregen inn i ei ukjend verd som også definerte meg som person.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Så optimistisk, enkel, glad, naiv og generøs, tullebukk, og venleg.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Ta livet på strak arm. Du slepp ikkje unna.