Stonewall – opprøret som starta Pride-rørsla

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 28.06.2019 08:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«We are the Village girls

We wear our hair in curls…»

Ei rad med transpersonar og drag-dronninger, som den gong gjerne vart referert til som queens, står i ei såkalla kickline og sparkar med lange leggar mot politiet som rykker stadig nærare.

Det er sommaren 1969 og ein barrazzia i New York er i ferd med å sparka i gang homokampen slik me kjenner han i dag.

Ikkje heilt stødig på LHBTQI-terminologien? Her er den store regnbogeordlista!

Anti-homofile haldningar

På slutten av 60-talet er homofili ulovleg i alle amerikanske statar unntatt Illinois, ifølgje PBS-dokumentaren Stonewall Uprising. Såkalla sodomilover forbyr sex mellom personar av same kjønn.

Datidas kampanjevideoar viser bilete av kjernefamilien med ei røyst som åtvarar: «Vil du ha sonen din freista inn i verda av homofile? Eller dotter di, lurt inn i lesbiskheit?»

Her er eit døme på moralske kampanjevideoar frå 1950-talet:

New York, New York

New York vert likevel rekna som ein fristad av mange, som flyttar til storbyen for å leva som seg sjølv. Stonewall Inn er ein mafiadriven bar i Christopher Street i området Greenwich Village som serverer til homofile, lesbiske, transpersonar og drag queens.

Barane er ofte utsette for politirazziaar, så det som skjer fredag kveld 27. juni 1969 er ikkje unikt for bargjestane.

I dokumentaren Remembering Stonewall fortel ein av politimannskapet frå avdelinga for moral, korleis dei førebudde seg til razziaen. Vanlegvis er det lokalt politi som utfører razziane, men denne gongen er det spesialpoliti med ansvar for moralske saker knytt til brot på alkohollovene, gambling, prostitusjon og homofili.

Historien er òg fortalt i den svenske P3-dokumentaren Stonewallupproret.

Stonewall Inn vert gjerne skildra som ein fristad for homofile på 60-talet, men baren var òg nedslitt og kjent for å vatna ut drinkane til gjestene. Foto: Diana Davies, New York Public Library (CC BY-SA 3.0)

Lov mot «maskering»

Åtte politifolk skal gjennomføra razziaen, der dei har fått lov å konfiskera alkohol og saga i to bardisken. Politiet fortel at dei etterforskar meldingar om utpressing på Stonewall Inn.

To mannlege og to kvinnelege betjentar går inn i baren i sivil. Dei får etterkvart selskap av sine kollegaar som slår på lyset og deler inn gjestene i grupper etter kjønnsidentitet. Menn for seg, kvinner for seg og dei som vert kalla queens for seg.

New York har på den tida ei lov som forbyr maskering, noko som inneber at personar må ha minst tre klesplagg som stemmer overeins med deira juridiske kjønn.

Men denne gongen protesterer transpersonane og drag-dronningene når politiet skal sjekke kva dei har mellom beina.

Les også: Allereie på 60-talet var det kjønnsskifteoperasjonar i Noreg

Politiet barrikaderte seg inne

Stormé DeLarverie turnerte med Jewel Box Revue, som var ei gruppe kvinnelege imitatorar. Foto: Wikimedia Commons

Utkasta gjester og fleire samlar seg utfor Stonewall. Når politiet kjem ut med pågripne gjester vert dei pågripne møtte av jubel, men den gode stemninga skal ikkje vara. Nokre av dei pågripne gjer motstand og fleire reagerer på at politiet er hardhendte mot dei.

Det var spesielt pågripinga av ei lesbisk kvinne og motstanden ho gjorde som skal ha starta opprøra. Nokre kjelder meiner det skal ha vore Stormé DeLarverie som fleire gongar motsette seg politiet og ropte til folkemassen:

– Kvifor gjer de ikkje noko?

Ifølgje The New York Times tok DeLarviere nokre gongar æra for dette, andre gonger ikkje.

Kven kasta første glaset?

LHBT-aktivist Marsha P. Johnson (1945-1992) vart nyleg portrettert i ein Netflix-dokumentar. Foto: Wikimedia Commons

Etterkvart byrjar folkemassane å kasta ting på politiet, som til slutt må barrikadere seg inne på Stonewall Inn.

Fleire har hevda at Marsha P. Johnson, som har vorte kalla LHBT-rørsla si Rosa Parks, kasta det første shot-glaset, noko ho sjølv har avkrefta.

Men Johnson var ein av dei viktige personane som var med i The Gay Liberation Front, som vart skipa same året. Organisasjonen har fått mykje av æra for dei rettane som LHBTQI-samfunnet har i dag.

Sylvia Rivera er ei anna transaktivist som har fått æra for å kasta det første glaset, men har også avkrefta dette.

Kven som kasta den første mursteinen er framleis eit mysterium, men nokre kjelder vil ha det til at det var ei drag-dronning som var knust over Trollmannen av Oz-skodespelar Judy Garland sin død nokre dagar tidlegare.

Skodespelar Judy Garland og songen «Somewhere over the Rainbow» har vorte ikonisk i delar av LHBT-rørsla.

«Gay power»

The New York Daily News hadde dette biletet på trykk 29. juni 1969. Foto: The New York Daily News, Wikipedia

Demonstrantane utfor Stonewall Inn ropar «pigs» til politiet og slagord som «gay power». Dei freistar òg å bryta opp døra til politiet og nokre freistar å setja fyr på bygget.

Til slutt klarar ei politikvinne å rømma ut eit vindauge og tilkalla hjelp frå brannvesenet, som spreier folkemassane med hjelp av vatn.

Men verken politiet eller opprørarane er ferdige. Politiet tek inn fleire og opprøra held fram.

Lokalavisa som sette fyr på folket

Ved daggry løyser protestane seg opp, men fleire er no motivert til å gå til åtak på den verkelege saka: Sodomilovene.

Aktivistar tek tak og mobiliserer for å samla folk. Området The Village vert samlingsstad for folk som sympatiserer med saka og etterkvart vert området blokkert for alle som ikkje er ein del av rørsla eller sympatiserer med saka.

På kvelden vert området uroleg igjen og vert skildra som ei krigssone.

Søndag, måndag og tysdag er det rolegare, men onsdag blussar det opp att på den siste dagen. Den siste kvelden vert òg skildra som den blodigaste.

Ein lokaljournalist for The Village Voice hadde vore barrikadert inne i bygget saman med politiet og skreiv i etterkant ein artikkel som igjen sette fyr i sinnet til rørsla. Reporter Howard Smith brukar ord som «faggot» og «dyke» i ein reportasje som tek side med politiet.

Nokre trugar med å brenna ned kontora til The Village Voice.

Brenda Howard vert omtala som «the Mother of Pride». Foto: Wikimedia Commons

«The mother of Pride»

Allereie året etter Stonewall-opprøret vart det organisert tre paradar i USA – i New York, San Fransisco og Los Angeles. Desse første paradane gjekk under namnet Christopher Street Liberation Day March.

Biseksuelle Brenda Howard, som var éin av initiativtakarane, vert ofte titulert som mor til Pride og var den som først kom med ideen om å ha ei veke med festlegheiter i samband med paraden.

Harvey Milk og regnbogeflagget

Regnbogeflagget slik me kjenner det i dag vart eit symbol for rørsla først på slutten av 1970-talet.

Det var politikaren Harvey Milk som gav kunstnaren Gilbert Baker i oppdrag å designe eit symbol for rørsla. Dette skjedde i 1978, same året som Milk vart drepen.

Det opphavelege regnbogeflagget hadde åtte fargar, som symboliserte: sex, liv, helbred, solskin, natur, magi/kunst, sinnsro og sjel.

I dag står berre seks av fargane att i flagget.

Pride-feiringa og flagget slik me kjenner det i dag.
Foto: Human-Etisk Forbund, Flickr

Frå «Homodagene» til «Bygdepride»

I Noreg vart «Homodagene» første gong arrangert i Oslo i 1982 av LLH Oslo og Akershus. Namnet vart seinare endra til «Skeive dager», før Pride vart arrangert for første gong i 2014.

Lenge var Pride eit storbyfenomen, men dei siste åra har bygda kome etter. I fjor vart verdas første Bygdapride arrangert i Volda. Fenomenet spreidde seg raskt og allereie same år kom Storapride og i år arrangerte Sogn og Fjordane sin første Pride-parade.