Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 19.04.2022 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kom frå ein veldig konservativ heim, men det var likevel høgt under himmelen. Eg trudde verda var lyseraud, seier Kim Friele.

Ho er eitt av Noregs fremste «homoikon» og har stått på barrikadane lenge før nokon andre våga å stå fram.

Friele var nemleg den første personen i Noreg som stod ope fram som homofil, og har sidan den gong profilert seg som ein ihuga menneskerettsaktivist.

Karen-Christine Wilhelmsen, som ho framleis heitte som 20-åring, vaks opp i ein velståande familie i Fana, sør for Bergen.

– Kvar var du då du var 20 år?

– Eg var i England, i småbyen Gilford i Surrey og jobba som au pair samtidig som eg studerte engelsk ved Cambrigde. Eg budde hos ein veldig spennande familie. Ekteparet var ikkje så veldig mykje eldre enn meg. Husfaren, Jack Weatherill var frå ein fin familie og etterkommar frå ein av dei mange damene til Henrik den 8. Det betydde at han hadde fri tilgang til Windsor Castle. Der fekk eg blant anna sjå sengetøyet til Dronning Victoria, minnest Kim Friele.

Kim Friele er kring 21 år på dette fotografiet, som ikkje er publisert tidlegare. Foto: privat

– Korleis var kvardagen? Kva gjorde du på?

– Eg hjelpte til med dei tre barna, sidan frua nettopp hadde fødd. Det var ein elskeleg familie, men veldig upper class. Det blei eit helvetes leven då eg slapp tenarskapet inn hovuddøra. Då blei eg sint, hugsar eg. Som nordmann og demokratisk anlagt, så kunne eg ikkje forstå at dei måtte ta bakdøra.

Sidan husfrua nettoppa hadde fødd, fekk Kim vera med husfaren som følgje på fleire fine middagar – mellom anna i det konservative partiet

– Mor mi måtte senda konfirmasjonskjolen min så eg hadde noko fint å gå i.

– Og veit du kva? Det er heilt utruleg: Jack Weatherill blei seinare speaker i det britiske Underhuset medan Margaret Thatcher var statsminister.

Den unge au pairen hadde fleire menn som gjorde kur til henne.

– Det var ein ung hertug eg spelte tennis med som flørta litt med meg. Eg hadde òg ein beilar som heitte Tony som blei aldeles hysterisk då eg avviste han. Eg måtte berre seie det som det var: «I like women more than I like men».

– Eg visste ikkje noko om kva eg var på den tida, men eg var opplært til at ein ikkje skulle opna godteposen før bryllupsnatta. Og eg kan seia at eg var uopna heilt til eg gifta meg med min kjære ungdomskjæraste Ole Friele nokre år seinare. Men det var ingenting å opna. Det var forferdeleg og ein tragedie. Då eg vakna etter bryllupsnatta, ønskte eg å ta ut separasjon.

To år seinare, i 1961, skilde dei seg.

– Eg måtte ut og finna kven eg var.

Kim Friele var lenge det einaste opne medlemmet av den då svært lukka homoorganisasjonen Det norske forbundet av 1948.

– Eg forelska meg både tidt og ofte.

Kim Friele på Storapride 2019. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Hugsar du noko av det som skjedde i året du fylte 20 år?

– Einar Gerhardsen var statsminister. Og alle var opptatt av å byggja landet etter krigen. Men det var nokre rare utslag av dette. Til dømes var det forbod mot vindauge på kjøkenet til einslege.

Då ho kjøpte sin første leilegheit for 9000 kroner i Oslo i 1958, 23 år gamal, var det ikkje dusj heime. I staden måtte ho dusja på jobben; Opplysningskontoret for forsikring.

Men tilbake i 1955, året ho fylte 20 år: Før Friele blei au-pair tok ho seg hyre på eitt av skipa til faren, skipsreiar Rasmus Johan Wilhelmsen.

– Me drog til Cuba og Mellom-Amerika. Det gjorde eit sterkt inntrykk å sjå fattigdommen, og dei store forskjellane mellom folk. Dette vekte meg politisk.

Unge Wilhelmsen var einaste kvinne om bord og hugsar at ein av offiserane om bord gjorde sine hoser grøne, og spurte om han kunne få koma inn i lugaren hennar.

– Neste dag stod eg opp i messa, og fortalde at eg ikkje visste kven eg var, men at eg elskar damer.

– Kva las du og kva såg du på?

– Det fantest ikkje bøker å få tak i som kunne fortelja meg kven eg var. Då måtte eg i så fall lesa bøker frå hylla med sjukdommar.

Ho hugsar at ho prøvde å snakka med fleire lærarar om kvifor ho blei forelska i klassevenninner. Men ingen ville snakka om det.

– Det er frykeleg å vera så uopplyst som det eg var.

Kim Friele fekk køyra i open cabriolet på Storapride 2019. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Hugsar du 20-årsdagen din?

– Nei, det gjer eg ikkje. Men eg hugsar 21-årsdagen min. Det var då me blei myndige den gongen. Då feira me dagen på Hotell Norge, og eg hugsar eg fekk ein perlering av foreldra mine.

– Kva er det sterkaste minnet ditt frå du var 20 år?

– Det er eit veldig sårt minne. Før eg blei au pair i England, så var eg gjest i 14 dagar hos ein amerikansk familie. Eg blei så forferdeleg forelska i frua i huset. Ho var som det vakraste av det vakre. Eg trudde eg skulle bli sprø som hadde desse følelsane. Det var veldig vondt. Mildt sagt rett og slett jævleg.

Ho var som det vakraste av det vakre. Eg trudde eg skulle bli sprø som hadde desse følelsane

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Eg ville studera juss. Men sidan familien min hadde god råd, så fekk eg ikkje stipend. Som konservativt oppdradd blei det ikkje noko. Det låg i korta at eg skulle gifta meg.

– Korleis tenkte du om framtida?

– Det var berre optimisme. Då eg kom inn i organisasjonen litt seinare, så var det som å koma heim.

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Ho der var rett og slett pen. Ho der ville eg sjekka opp, ler Kim Friele.

– Kva råd ville du gitt deg sjølv?

– Kven skulle ein gå til for å få svar? Heime eller på skulen fekk eg ingen svar. Det kunne vera så jævleg tungt. Eg måtte leva og finna ut alt. Tenk på oss som ikkje hadde noko forbilde. Det er frykteleg. Heldigvis har me kome lenger, og det er godt å vera til hjelp for andre. No får eg brev frå ungdommar kvar veke. Både dei som enno er i skapet, og dei som har kome ut. Mitt liv har delvis vore å ta vare på andre sine hemmelegheiter.


Les også om Per Kristian Foss: Året han vart 20 vart eit vendepunkt

Les også om 20 år gamle «Bare Egil» Hegerberg, som såg skumle teikn til at klimaet var i endring!

Foto til venstre: Kjetil Ree/Wikimdia Commons/CC BY-SA 3.0. Foto til høgre: Privat