50 år sidan avkriminaliseringa – slik var kampen for skeive rettar frå år til år

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år er det 50 år sidan forbodet mot sex mellom menn vart oppheva.

Opphevinga vert markert i heile landet, gjennom Skeivt kulturår. Onsdag ba også regjeringa om orsak for måten skeive har vorte kriminaliserte og straffeforfølgde av styresmaktene.

Eg beklagar at norske styresmakter gjennom lovgjevnadar, men òg gjennom eit nettverk av sanksjonar, gav uttrykk for at ein ikkje aksepterte skeiv kjærleik, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Noreg var blant dei aller siste landa i Vest-Europa som avskaffa lovforbodet.

– Avskaffinga av lova var den første store sigeren i homokampen i Noreg, som sikra ei heilt anna openheit for homofile og lesbiske flest. Samtidig bana det veg for kampane som fann stad i etterkant, sa FRI-leiar Inge Alexander Gjestvang til NTB tidlegare denne veka.

Her får du oversikt over dei mest sentrale kampane som har vore kjempa sidan forbodet vart oppheva og fram til i dag:

 

Fram til 1972 var det ulovleg for to menn å ha sex med kvarandre. Då kunne homofile menn verte straffeforfølgde. Straffelova paragraf 213 sa nemleg:

Det Norske Forbundet av 1948 (forløparen til dagens Foreningen FRI) arbeidde aktivt for å avskaffe § 213, men det var først då Kim Friele vart vald til formann i organisasjonen i 1966 at innsatsen fekk ny vind i segla.

Kim Friele var den første kvinnelege formannen i DNF-48, og som kvinne kunne ho vere open om seksualiteten sin utan å risikere straffeforfølging.

Likekjønna forhold mellom kvinner var nemleg ikkje regulert under § 213, for som justisminister Ole Anton Qvam sa: «Legemlig omgjængelse, kjønslig omgjængelse mellem to kvinder – har man hørt noget saadant? Det hører jo til de umulige ting.» 

I ei tid kor mange teia om seksualiteten sin i frykt for skam, stigma og straff, så fortalde Friele om sin. Ho var den første som opent stod fram som lesbisk i Noreg, i 1963.

Friele gjekk i spissen for målretta lobby- og informasjonsverksemd for å verte kvitt paragrafen. Ho skreiv artiklar og brev til styresmaktene, stilte opp på radio, og var redaktør for antologien § 213: Onde eller nødvendighet.

Arbeidet til Friele og DNF-48 førte fram: Den 21. april 1972 vart straffelova § 213 oppheva.

27. juni 1974 arrangerer skeive i Oslo ei offentleg markering av Stonewall-opprøret. 250 personar er samla på Universitetsplassen i Oslo, i det som var forgjengaren til dagens Pride-paradar.

Fem år før hadde politifolk utførte ein razzia mot baren Stonewall Inn i New York, men bargjestene gjorde motstand. Dei hadde fått nok av diskriminering og hets frå politiet og opptøyar braut ut. Det var starten på homokampen som vi kjenner han i dag.

Homofili var ikkje berre uglesett, det var definerte som psykisk sjukdom.

Først i 1977 vert «homoseksualitet» stroke frå lista over mentale forstyrringar hjå Norsk Psykiatrisk Forening.

Det skulle ta endå eit par år frå Norsk Psykiatrisk Forening strauk homofili frå sjukdomslista, til Forsvaret gjorde det same.

Først i 1979 fekk homofile like rettar som heterofile i Forsvaret. I og med at homofili hadde vore definert som ei psykiatrisk diagnose, hadde ikkje homofile fått mogelegheita til å tenestegjere i militæret.

Same året vart Wenche Lowzow den første opent homofile stortingsrepresentanten i Noreg. Ho representerte Høgre, og stod fram om kven ho var på eit valmøte arrangert av DNF-48 på restauranten Metropol. Erkjenninga og hennar homopolitiske engasjement førte til at Lowzow etter kvart vart pressa ut av politikken.

Wenche Lowzow var Noregs første opent homofile stortingsrepresentant. Foto: Stortinget

Trass i at homofili ikkje lenger var forbode, så var det framleis tabu i samfunnet å verte forelska i ein av same kjønn.

Homofile par som dansa saman vart kasta ut av utestadar, banka opp og framleis kalla gale.

DNF-48 etterlyste difor sterkare jurdisk vern av homofile, og byrja å arbeide for å sikre særleg strafferettsleg vern mot diskriminering. Motstandarane meinte eit slikt vern ville truge ytringsfridomen.

Det tok sju år frå det første møtet med dåverande justisminister Inger Louse Valle (Ap) til lovendringane i straffelovas §135 a og § 349 a vart vedtekne i april 1981.

Antidiskrimineringsparagrafar vert seinare også del av andre lover, som arbeidsmiljølova.

Fem år etter Norsk Psykiatrisk Forening, stryk også sosialdepartementet homofili frå lista over sjukdomsdiagnosar.

(Ikkje før i 1990 fjerna Verdas helseorganisasjon (WHO) homofili som ein sjukdomsdiagnose!)

Same året vert Homodagane feira for første gong. Det var ein fem dagar lang festival med debattar, filmframsyningar og festar, og over 400 personar deltok. Det er forgjengaren til dagens Pride-parade.

Henki Hauge Karlsen var den første personen i Noreg som fortalde offentleg at han var hivpositiv.

Då Karlsen fekk diagnosen i 1985, var det framleis lite kunnskap om hivviruset og sjukdomen viruset kan utvikle seg til: aids.

Aviser kalla sjukdomen «den nye pesten», og konservative kristne kalla sjukdomen eit resultat av at eit menneske «lever i utakt med Guds lov»

Henki Hauge Karlsen arbeidde som bartender på utestaden Papillon i Fredrikstad, og fortalde kollegaane og arbeidsgjevarane sine om at han er hivpositiv. Han var ikkje interessert i å halde store og alvorlege ting for seg sjølv, men vant til å snakke om det meste.

Arbeidsgjevaren svara med å gje Karlsen sparken.

Eit halvt år etter, stod Karlsen fram i avisa med diagnosen og fortalde at han hadde mista jobben.

Saman med advokat Tor Erling Staff stemna Henki Hauge Karlsen arbeidsgjevaren sin for retten for ugyldig oppseiing.

I første rettsrunde tapte Karlsen, men han vart tilkjend 50.000 kroner i erstatning. Pengar han sårt trong etter å ha vore utan arbeid. Men dersom han takka ja til erstatninga, kunne han ikkje anke saka.

Støttespelarar tok saka i eigne hender og samla inn 100.000 kroner slik at Karlsen kunne føre saka vidare, utan å risikere å stå tomhendt att.

I september 1988 vinn Henki Hauge Karlsen i Høgsterett, og får jobben tilbake. Ein siger som får stor prinsipiell tyding for hivpositive og aidssjuke, då Høgsterett slår fast at det at ein tilsett er hivpositiv ikkje er ein gyldig oppseiingsgrunn.

28. desember 1988, nokre månadar seinare, døydde Henki Hauge Karlsen.

 

Parnerskapslova vert vedteken 30. april 1993. Ho gjev likekjønna par dei same rettane og pliktene som heterofile par har gjennom ekteskap. Skilnaden er at homofile par ikkje har rett til å adoptere barn eller å gifte seg i kyrkja.

– Dette handla ikkje berre om ei lov, men om å endre haldningar – både i samfunnet og den enkelte på Stortinget, fortalde Mette Sørensen til Blikk i 2013. Ho var tilsett i DNF-48 på tidleg 90-tal, og arbeidde med å få vedteke lova trass motstand.

– No er det ingen på min jobb som leer på eit augelok, når eg fortel at eg er gift med ei dame, fortalde ho vidare.

Kim Friele og Wenche Lowzow var dei første av fem par som inngjekk partnarskap i Oslo Rådhus 6. august same år.

Homofile, lesbiske og bifile vert inkluderte i anti-diskrimeringsparagrafen 55a i arbeidsmiljølova. Det er likevel opna for yrkesforbod innan trussamfunn.

 

Ei lovendring let lesbiske og homofile som er registrert i partnarskap adoptere stebarn.

 

Stortinget vedtek ei kjønnsnøytral ekteskapslov, som sidestiller heterofilt og homofilt samliv. Likekjønna par får no like rettar som heterofile par med tanke på ekteskap og adopsjon, og lesbiske får rett på assistert befruktning. Partnarskapslova vert då også oppheva.

Same året legg regjeringa fram Noreg sin første nasjonale handlingsplan for betre livskvalitet for lesbiske, homofile og transpersonar.

Helsedirektoratet fjernar sjukdomsdiagnosane transvestitt, fetisjist og sadomasochist i den norske versjonen av diagnoseregisteret ICD-10.

Ei eiga diskrimineringslov som vernar seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk trer i kraft, noko som gjev transpersonar eit eksplisitt vern mot diskriminering og trakassering.

Det finst framleis unntak, for likestillings- og diskrimineringslova § 9 seier at forskjellsbehandling ikkje er i strid med diskrimineringsforbodet dersom: forskjellsbehandlinga har eit «sakleg formål»; er nødvendig for å oppnå formålet; ikkje er uforholdsmessig inngripande overfor den eller dei som vert behandla ulikt.

Lov om rett til endring av juridisk kjønn trer i kraft den 1. juli. Lova gjev personar over 16 år rett til å endre sitt juridiske kjønn slik at det vert i samsvar med kjønnsidentiteten, utan krav om bestemt diagnose eller medisinsk behandling.

Tidlegare har ein måtta endre reproduktive organ for å kunne endre juridisk kjønn, det vil seie lete seg sterilisere.

Ein kan berre endre til anten mann eller kvinne, nokon tredje juridisk kjønnskategori er enno ikkje innført i Noreg.

Etter å ha diskutert saka i 20 år, seier Kyrkjemøtet omsider ja til likekjønna ekteskap og til å innføre ein liturgi for likekjønna ekteskap.

 

Fredag 11. mai 2018 går startskotet for for den første Bygdepride, då Volda sentrum var dekorert i regnbogen sine fargar.

– Det skal ikkje lenger vere slik at du må flykte frå bygda for å vere den du er. Det er dette beviset på, sa initiativtakar Anbjørn Steinholm Frislid frå talarstolen.

Minst 2000 menneske var med i paraden i den vesle sunnmørsbygda. Seinare har Bygdepride spreidd seg til fleire stadar i landet.

Stortinget vedtek å utvide straffelova § 185 slik at også kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk vert gjeve særskilt vern.



Les også: Johannes (23) vart slått ned fordi han er homofil

Johannes Fandal (23) til vanleg, og etter å ha blitt slått ned natt til 06. mars. Foto: Privat