Rio (22) starta dragbedrift: – Det er lov å ta plass

Rio Vik gjekk frå å vekse opp i skapet i ein konservativ kristen familie, til å vere eit av midtpunkta i det norske dragmiljøet.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg vil ha ei sånn bedrift, og eg ser ikkje ei sånn bedrift. Då må eg starte opp ei sånn bedrift.

Det var tankegangen til Rio Vik (22), også kjent som dragartisten Ria The Revolution Rider, då dei starta opp ungdomsbedrifta DragDemand i fjor, då dei gjekk påbygg.

Framtida.no møter dei i Oslo sentrum ein kald haustmorgon.

DragDemand er det første event- og managementbyrådet i Noreg som utelukkande representerer dragartistar. Målet til Vik er å profesjonalisere dragmiljøet i Noreg, i ein bransje der dei aller fleste er frilansarar som står åleine med alle oppgåver som kjem for eit enkeltpersonføretak.

– Artistar slepp å fokusere på administrering, booking, økonomi, alle desse meir kjedelege tinga, og kan heller fokusere på det dei faktisk er gode på, nemleg kunsten, seier dei.

Etter eit år som ungdomsbedrift som deltok i NM i Ungt Entreprenørskap i vår, har selskapet no fått låne pengane til å etablere seg som ei aksjebedrift, og Vik køyrer på for å lukkast.

Frå skapet til scena

Det er ikkje overraskande at Rio Vik driv med drag. Då dei var 14 år såg dei drag for første gong på TV, og det sette seg i hovudet.

Ein av personane i programmet sa «Når du gjer drag, får du lov til å ta plass».

Det var setninga som skulle vere med vidare i livet.

– Eg bestemte meg for at dette skal eg drive med ein dag. Og då var eigentleg vegen sett, då visste eg kva eg ville.

Vegen vidare vart ikkje heilt enkel. Dei vaks opp i ein kristen familie i Porsgrunn, og som 14-åring skjulte dei legninga si for sine næraste. I dag er dei open som ein ikkje-binær og skeiv dragartist.

Dei tok første året på vidaregåande på ein kristen internatskule på Vestlandet, der dei fortel om at pride-flagga deira vart rivne ned og brent. Framtida.no har vore i kontakt med skulen, som stadfestar hendinga, og skriv at dei fylgde opp dei elevane som gjorde dette.

Vik tok andreåret sitt i Skien der dei gjekk på sal, service og reiseliv. 17 år gamal flytta dei heimanfrå og tok eit friår der dei var aktiv i forskjellige politiske organisasjonar.

Då såg dei fleire medieoppslag om den nyopna draglinja på Arbeiderbevegelsens folkehøgskole i Ringsaker, som vart nedlagt i 2023.

– Eg var veldig klar på at dette var noko eg ville drive med, og eg såg på dette året som mi utdanning. Nokre tek ein bachelor for yrket sitt. Det er litt vanskeleg når ein driv med drag, men ein kan gå på folkehøgskule og få ein kickstart.

Drag på ein annan måte

Etter eit år på folkehøgskule, vart det eit nytt friår der dei fokuserte på forskjellige prosjekt. Dei starta opp DragSlamNight i Oslo, som kombinerer dragkunst med slampoesi, og som seinare utvikla seg til å inkludere forskjellig scenekunst.

Det norske folk vart kjent med karakteren Ria The Revolution Rider, då ho framførte slampoesi på Norske Talenter.

Gjennom prosjektet vart Rio betre kjend med Regine Folkman Rossnes, som allereie var involvert i slampoesi-miljøet.

– Eg såg ein instagrampost og tenkte at dette har eg lyst til å gjere, seier Rossnes til Framtida.no.

Saman med Rio Vik skal ho ha kontordag på kafé, etter intervjuet.

– Det var ikkje uventa at det var Rio som stod bak konseptet, eg berre hadde ein feeling på det.

No gjer ho mykje av det administrative knytt til kveldane med slampoesi.

– Det er kjempegøy, givande, og det er viktig, seier ho.

Skeivt entreprenørskap

I fjor starta Vik på VG3 påbygg, med valfag entreprenørskap og bedriftsutvikling, og ideen til ei bedrift for dragartistar. Dei hadde eit stort nettverk og kontakta tidlegare elevar og lærarar frå folkehøgskulen, folk dei hadde møtt på pride-arrangement, og dei var ein kjent aktør for dei fleste innan dragmiljøet på grunn av DragSlamNight.

– Det er så mykje talent i drag-Noreg, at viss vi i miljøet ikkje organiserer dette, så kjem nokon andre til å gjere det, og dei kjem ikkje nødvendigvis til å ha våre artistar sitt beste i tankane, når dei bookar oss ut til oppdrag i forskjellige ting.

Som frilansarar er det mange rettar i arbeidsmiljølova som ikkje gjeld. Difor er Vik oppteken av at bedrifta set gode standardar både artistar og oppdragsgjevarar rettar seg etter.

Det kan vere alt frå pris, kor stort backstage-området skal vere, å få dekka kostnadar som reise, og at folk får pausane dei treng.

– La oss seie at ein skal vere ein DJ i mange timar, så har vi lagt inn eit krav om at ein skal ha minst ein halvtime pause midt i settet. Mange ville jo gitt dei den pausen utan å tenke over det, men nokre vil prøve å få alt ut av oppdraget, og ønsker ikkje å gi den pausen.

Tok inspirasjon frå strippemiljøet

Ein viktig mentor har vore Alma Adore, som starta det norske eventbyrået Seduction.no for stripparar. Vik møtte ho i 2022, då Vik gjekk på folkehøgskule.

– Ho snakka veldig mykje om dette, og korleis det er fint å organisere seg og gå saman, og skape ei bedrift som er for artisten, og har artisten i mente.

Då Vik starta opp visste dei kven dei skulle spørje som mentor.

Alma Adore stilte opp, og kunne gi råd om korleis ein møter kundar og organiserer seg i arrangementsbransjen. Det gjorde også Aina Lunde, tidlegare marknadsdirektør i DNB, som fekk høyre om bedrifta gjennom ein mentor-konferanse.

Rio Vik fekk god hjelp av andre i å starte opp bedrifta si. Foto: Lara Cuneo

– Då hadde vi to veldig gode mentorar, med ein som kan all teorien, og ein som kan all praksisen, som var det vi trengde for å lage eit skikkeleg lag, fortel Vik.

Konseptet slo an, både i dragmiljøet og på meisterskapa i Ungt Entreprenørskap. No har dei ni artistar i stallen, både innan drag og burlesk, og dei har gjennomført over 20 arrangement.

Kan vere «bad cop» for artisten

– Rio har vore eit ordentleg arbeidsjarn.

Det skriv Alma Adore på e-post til Framtida.no. Ho fortel at det har vore spennande å følgje DragDemand si reise frå dei diskuterte idéen på kafé, til at dei no når ut til aktørar som Oslo Pride og Sex og Samfunn.

Adore skriv at ho og Vik deler målet om å gjere det administrative arbeidet enklare for kunstutøvarane sine.

– Ikkje minst er det enklare for eit agentur å leike «bad cop», og vere kjip på vegner av artistane for å vareta deira rettar. Det er mykje skumlare å spørje eit agentur om ikkje artisten kunne tenke seg å gjere eit stykke arbeid i bytte mot «ein øl og ein shoutout på Instagram».

Alma Adore starta Seduction.no for to år sidan, og har vore mentor for Rio Vik og DragDemand. | Foto: Magnus Rotevatn

Om nokon andre vil starte opp ei bedrift, oppmodar ho dei til å ha ein Pippi-mentalitet.

– «Dette har eg ikkje gjort før, så det får eg sikkert til!». Det er likevel viktig å kjenne kulturen og kunnskapen til bransjen ein skal inn i, og det er der ein god mentor kjem godt med. Men ein mentor kan berre ta deg så langt. Skal ein få til det ingen har fått til før, må ein gjere det ingen har gjort før. Plutseleg kan det gå bra!

Vart løfta opp som verdifull

I fylkesmeisterskapet i Oslo i 2025 konkurrerte DragDemand mot rundt 160 bedrifter om 15 prisar. Dei kom på andreplass i Best in business, tredjeplass i Samarbeid med næringslivet, og fekk heiderleg omtale i fleire andre kategoriar.

– Som var veldig gøy og ei veldig stor drivkraft i å ville halde fram.

Dei kom vidare til finalen, der dei konkurrerte med rundt 30 andre bedrifter om å kome vidare til NM.

– Det var ein stressande dag, for det er mykje som står på spel, fortel Vik.

Då alle andre vinnarar var annonsert, var det ein siste gullbillett for å kome vidare, til ei bedrift som ikkje kvalifiserte seg gjennom prisar, men som arrangørane ønskte å løfte.

– Så er vi så heldige at vi ender opp med å kome til NM. Det var veldig nervepirrande, men det var også veldig gøy. Vi har gått inn med alt vi har. Ein slik sjanse betyr mykje for ei skeiv bedrift.

Stort å møte kunnskapsministeren

Dei vann ikkje NM, men det gav dei sjansen til å vise fram konseptet.

– Fleire av lærarane der sa at dette er ei av dei viktigaste bedriftene som er her. Vi hadde eigentleg bestemt oss for at vi skulle gå vidare med det, men det å kunne vere i det fellesskapet som ungt entreprenørskap lager var veldig bra. Og det å møte kunnskapsministeren, som vi gjorde, det betyr mykje.

Å bli møtt med så mykje støtte har gitt dei motivasjon til å halde fram, også når det kjem motgang. Vik har mange erfaringar med kva som kan skje når dei er open, spesielt når det kjem til transtematikk.

I november 2023 vart ein mann i 20-åra frå Trøndelag dømt til 90 dagar i fengsel for trugande kommentarar på ein TikTok-video Vik la ut, ifølgje Telemarksavisa.

Som ein synleg skeiv person, opplever Vik fleire gonger å bli ropa etter på gata, og har fått for vane å rope tilbake.

– Eg har kome til det punktet at eg har blitt lei. Vi skeive må alltid vere dei som er fornuftige, halde tilbake og ikkje skrike noko, når vi opplever hets og trakassering nesten dagleg.

Kjønnet ein er og kjønnet ein framfører

Trass i motgang, vel dei å stå på ei scene og vise seg fram.

– Kva er det som er så artig med drag?

– Då eg var liten, fekk eg ikkje lov til å kle meg ut som prinsesse og sånne ting, så det er litt å kunne leve ut den draumen. Gå i dei glitrande kjolane og vere litt ekstra, ta litt plass.

Det å opptre framfor eit publikum synest Vik er gøy, og gir dei energi. Vik skil det frå identiteten sin som transperson, der dei som ikkje-binær ikkje identifiserer seg berre som mann eller kvinne.

– Drag er noko du speler og trans er noko du er. Drag er berre ein karakter.

Og Ria The Revolution Rider er Rio på steroid.

– Det er Rio teke heilt ut i ytterkantane, berre overdriven veldig, veldig mykje. Ria vil ha all merksemda og tenker at eg er den største og beste i heile verda, og det er ikkje noko eg, Rio, tenker.

Samstundes kjenner Rio kontrasten fysisk på kroppen, for når dei er i drag, gjer det vondt.

– Høge hælar, korsett, parykkar, sminke, padding, strømpebukse. Eg har jo på meg sju strømpebukser når eg spelar drag, og det blir ofte ti lag til saman.

Med andre ord er det lett å halde varmen når julebordsesongen nærmar seg, den store arrangementshøgtida utanom pride.

– Berre å gjere det

Førebels tek ikkje Rio Vik ut løn av bedrifta, men dei håpar å kunne gjere det på sikt. Til dei som ønsker å starte opp si eiga bedrift, tipsar dei om å kome inn i miljø, bruke kontaktane du har, og få møter med folk.

– Forklar dei ideen din, korleis du jobbar, og spør dei om dei har tips.

Då kan du finne ut om det er noko du bør gjere annleis, eller vere merksam på. Feila kjem til å skje, men til sjuande og sist er det likevel ein ting som gjeld:

– Det er eigentleg berre å gjere det.