Odette (17) deltek på festival i flyktningleiren ho har budd heile livet

Verdas største flyktningleir ligg i Malawi og husar fem gongar så mange som planlagt. Sidan 2014 har ein festival gitt bebuarane arbeid og håp.

Sunniva Roligheten
Publisert

– Før var eg nøydd å lytte til festivalen frå heime, fortel Odette William (17).

Foreldra hennar kjem frå Kongo, men ho og søskena er fødd og oppvaksne i Dzaleka, den største flyktningleiren i Malawi. Kvart år vert Tumaini-festivalen arrangert her, men for Odette er det fyrste året ho får lov å vere med.

– Lærer masse

– Heldigvis bur eg nære, så eg har alltid høyrt musikken godt, fortel ho.

No kan ho endeleg bli med venene på festival.

– Festivalen er fantastisk. Eg lærer masse om andre kulturar, fortel Odette.

Dzaleka husar menneske frå mange ulike kulturar. Sidan festivalen byrja har målet vore å promotere kulturutveksling og sette fokus på situasjonen til flyktningane i leiren. Festivalen har vekse til å bli ein av dei største i Malawi. På programmet er musikk, dans, poesi og teater.

Odette gler seg til den malawiske artisten Dreamo.

– Eg har lytta til han tidlegare. Musikken hans handlar om Gud og om kjærleik, fortel Odette.

Ynskjer å vise fram leiren

Odette er likevel ikkje berre på festival for å kose seg. Ho er frivillig hjå ein organisasjon som tilbyr guida turar i Dzaleka til dei som besøker festivalen.

– Pengane vi tener går til å betale skulepengar for familiar med dårleg råd, fortel ho.

Fordi det ennå ikkje har kome nokon som vil bli guida ventar Odette framleis på opplæring. Var det opp til ho ville ho fyrst teke dei besøkande med til høgda like bortanfor.

– Der får ein god oversikt over heile leiren, fortel ho.

Dzaleka vart bygd for tretti år sidan, og var tenkt å huse 10 000-12 000 flyktningar. I 2021 bad dåverande president i Malawi alle flyktningar som budde utanfor leiren om å flytte tilbake. No bur det over 57 000 menneske her.

Odette ventar på festivaldeltakarar ho kan guide rundt i Dzaleka. | Foto: Sunniva Roligheten

Sysken får vere med

Ifølge FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) er omkring halvparten av menneska i leiren born. Fire av dei er Odette og småsyskena. Dei får vere med på festival i følge med storesøster. Odette er ueinig med veslesystera på ti år i at det berre er fint å bu i Dzaleka.

– Ho er for ung til å forstå korleis det eigentleg er, forklarar Odette.

Sjølv var ho femten då ho fyrst forstod at flyktningleiren ikkje berre var ein bra stad.

– Ein dag såg eg eit barn som tagg om mat, og så kasta nokon mat i andletet til barnet, fortel Odette.

UNHCR har vore i leiren sidan han vart etablert. Men fordi UNCHR slit med finansiering, vart dei nøydde til å stenge kontoret sitt i Malawi tidlegare i haust.

– Før fekk me pengar av UNHCR til å kjøpe mat kvar månad.

Odette fortel at sist gong dei fekk pengar var i mars. No får dei ikkje alltid ete mat kvar dag.

– Og så er det fleire tjuvar i leiren no, fordi det ikkje er nok å ete til alle, fortel Odette.

Mangelen på mat er det vanskelegaste med å bu i Dzaleka.

– Det er ikkje noko bra å vere flyktning, som om det å vere ein flyktning er noko kriminelt, fortel Odette.

Billett til USA

– I tillegg har Trump stengt ned USAID, seier ho oppgitt.

Bistandskutta i USA har ikkje berre konsekvensar for flyktningane i leiren. I mars i år skal Odette og familien ha fått beskjed om at dei skulle få reise til USA som kvoteflyktningar.

– Ei veke før vi skulle dra blir turen avlyst, fortel Odette.

No må ho halde fram å bu i flyktningleiren ho blei fødd i. Det er mange år sidan foreldra hennar kom hit frå DR Kongo.

– Men eg veit ikkje eingong kva by dei kom frå, fordi dei ikkje pratar om fortida, seier Odette.

Dei fleste i Dzaleka er frå Den demokratiske republikken Kongo (DR Kongo), Burundi og Rwanda. Festivalen har namnet «Tumaini», som tyder «håp» på swahili. Odette meiner Tumaini gjer mykje bra for flyktningleiren.

– Folk får kome hit og sett leiren, dei bli mint om at flyktningane er her, og så er det bra for bedriftene folk har, fortel Odette.

Hekledilla i flyktningleir

Utover å fremje musikk og kultur, skapar Tumaini kring 1500 jobbar kvart einaste år. Ei av dei som har nytta festivalen til å tene litt pengar er Daniella Mwahukanya (21).

– For to år sidan skulle eg ta eksamen på vidaregåande, men eg hadde ingen bag til bøkene mine, fortel ho.

Fyrst sydde ho ein bag av stoff, men ho var ikkje nøgd med resultatet. Etter å ha sett ein heklevideo på YouTube tenkte ho at dette kunne ho få til.

– I byrjinga var eg ikkje noko god, men no har eg laga poncho, sandalar, flaskehaldarar, bikini, hårstrikk, fortel Daniella.

På festivalen i fjor selde ho fleire av tinga ho hadde hekla. Med pengane kjøpte ho meir garn.

Ein bror som er der

Når ho ikkje heklar er Daniella frivillig i resepsjonen for ein skule driven av den brasilianske organisasjonen Ubuntu. Frå neste år skal dei lønne ho litt for arbeidet. Sjølv om lønna ikkje vil vere nok til å leve av, kjem all inntekt godt med etter at UNHCR stengde ned.

– Før fekk me pengar frå UNHCR. No må eg spørje broren min om pengar, og han gjer sitt beste for å skaffe det, seier Daniella.

No er det berre ho og broren igjen i Malawi. Mora deira gjekk bort i 2022, og systera fekk reise til Canada som kvoteflyktning.

Vil gjerne flytte

Daniella håper at ho også blir kvoteflyktning.

– Malawi er fredeleg, men det er ikkje nok mat her, fortel ho.

Byen ho kjem frå i Aust-Kongo, Bukavu, er framleis ikkje trygg. Tidlegare i år blei byen okkupert av M23-militsen. Sjølv hugsar ho lite frå heimlandet, fordi ho var ti år då ho, mora og syskena flykta frå Kongo.

– Eg hugsar skulen eg gjekk på, men ikkje namnet på han. Og så hugsar eg at vi budde like ved Kivusjøen, fortel ho.

Frå flukta hugsar Daniella at dei berre fekk lov å ha med seg kleda dei reiste i.

Dzaleka er ein flyktningleir med små murhus. Daniella har tak av presenning. | Foto: Sunniva Roligheten

– Eg hadde ein kvit kjole som eg likte kjempegodt, men som eg ikkje fekk lov å ta med, seier Daniella.

Livet i ein flyktningleir

Året ho kom til Dzaleka, 2014, var det same året som Tumaini blei arrangert for fyrste gong. Sjølv om ho har vore på festivalen mange gongar var det fyrst i fjor ho forstod meininga med Tumaini.

– Festivalen er ikkje berre for oss som bur her, men også for at dei som besøker oss skal dra heim med erfaringar og kunnskap om korleis livet i ein flyktningleir er.