Scarlet Envy i Oslo: – Drag er ikkje lenger berre av og for skeive

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 20.12.2021 08:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er definitivt viktig å hugsa på opphavet rundt drag. Alle me har mista i det skeive miljøet, på grunn av handlingslamming tidlegare. Til dømes AIDS-krisa eller ting som kunne blitt handtert annleis. 

Det seier Scarlet Envy, ein av dei som har vorte verdskjent gjennom den internasjonale realitysuksessen RuPaul’s Drag Race.

Frå skeivt til mainstream

Det er ein tidleg fredagskveld på Sentralen i Oslo. I gangen står ungdom tolmodige i kø. Om berre ein halvtime startar dragshowet.

Kulturarrangøren Rockoslo har henta inn Scarlet Envy heilt frå USA for å halda show med øvre aldersgrense 20 år.

27-åringen Jacob James som står bak kunstnarnamnet Scarlet Envy var berre tenåring då første episodane av RuPaul’s Drag Race rulla over skjermane for første gong.

Då Scarlet Envy gjorde sitt inntog i sesong elleve, som var førre sesong, var serien blitt ein sjåarsuksess langt utover det skeive miljøet drag stammar frå.

Drag-artisten meiner drag kan bidra i samtalen om behova til den skeive delen av befolkninga, men meiner det òg er nokre utfordringar når drag blir meir mainstream og ikkje lenger berre er av skeive for skeive.

– For det meste er det positivt. Ein glittereksplosjon for alle. Det er bra. Men det er alltid ei bakside. Kanskje blir det for lite merksemd rundt dei det opphaveleg var for, og skeive vil nok alltid vera ei minoritet. 

Visste ikkje kva drag var før RuPaul’s Drag Race

– Eg har sett alt, fortel Quinn Berre (14) oppglødd. 

Når Framtida.no møter hen har hen allereie vore her ei stund. Det har nemleg vore meet and greet, som seg hør og bør, før dørene opna for resten av publikum. Dette er det tiande dragshowet hen er på. Alle i Oslo. 

– Du føler at du er tilstades og kan merka at dette er noko dei brenn for. Dei reiser heile vegen til Noreg og viser at dei faktisk bryr seg om fansen. Ein får også sjå litt meir av det som skjer bak kameraet når ein er på show. 

Sjølv dansar hen og lip syncar til songane dei brukar i programmet. I tillegg har hen sydd kjolen sin sjølv, inspirert av drag-artistane i tv-programmet som syr mykje sjølv.

Det var søster hens som introduserte hen for RuPaul’s for litt over to år sidan.

– Eg tenkte at det var litt grov humor, men såg ein episode til. Då var det gjort. Før dette visste eg ikkje ein gong kva drag var, ler hen.

F.v. Mica Andersen Olafsen (18) og Quinn Berre (14), i sjølvsydd kjole for høvet. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Første dragshow: – La oss starta med eit bang!

Ved sida av ho, sit Mica Andersen-Olafsen (18) som også var med på meet and greet. 18-åringen er på dragshow for fyrste gong. 

Så eg tenkte: La oss starta med eit bang! Og no føler eg at eg går i ei sky av Scarlet!

18-åringen brukar pronomenet «dei», er sjølv skeiv og seier dei er ekstra interessert på grunn av det.

– Det er spesielt å sjå så mange skeive samla. Dette er liksom ein så spesifikt skeiv ting. 

Det var også søster til Andersen Olafsen som introduserte dei for Drag Race – midt i eksamensperioden i vår.

– Eg blei heilt hekta og det vart dragshow i alle pausane frå eksamenslesinga, fortel dei.

– Det er ditt første dragshow, kva forventar du?

– Å bli wowed. Eg synest Scarlet er veldig flink i lip sync og ho er ein av favorittane mine i programmet. Ho er classy, samstundes som ho er ei ordentleg sørstatsjente og viser det. Ho har så mykje sjølvtillit. Det veldig inspirerande.

Dei kjenner også på lysta til å prøva seg på drag sjølv.

– Eg har ein heil person klar, men eg må få litt meir sjølvtillit. Namnet er Time Crystal. Men eg er ganske sjenert, og eg anar ikkje kor eg skulle gått for å gjera det. 

Scarlet Envy held dragshow på Rockslo og i Noreg for fyrste gong. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Øvre aldersgrense

Før showet startar fortel Scarlet Envy til Framtida.no at sjølv om alle publikum er unike, så er det kanskje litt ekstra unikt å stå på scena framfor eit så ungt publikum.

– Eg har nok påverknad på dei og dei har sett meg på TV. Men dei har også stor påverknad på meg når eg møter dei, og dei fortel kva dei ynskjer. Det er ikkje berre einvegs. Det er veldig fint, seier ho.

Sjølv om ho kanskje passar litt ekstra på kva ho seier når det er yngre publikum tilstades gjer ho ikkje større endringar i showet. Ho er oppteken av å behandla sitt unge publikum med respekt og gje dei det same showet som alle andre får.

– Eg må kanskje passa litt meir på kva eg seier, men det blir same show som alle andre får. Dei er berre tilfeldigvis yngre, ler Scarlet Envy før ho går på scena på Rockoslo.  Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Kva er det med drag du likar så godt?

– Det er ein fantasi eg lente meg så inn i at det til slutt vart verkelegheit. Det synest eg er ein veldig kul del av det. Scarlet var inni meg, og saman med miljøet, får det fram noko som ikkje ein gong skulle vera ekte, til noko veldig ekte. Det er veldig kult! Mi erfaring med drag er at det binder folk saman, og at det er ein måte å prosessera ting på. Og kven likar ikkje glitter? Eg elskar glamouren og sminke. 

Glittereksplosjon og lip sync

Og på scenen ser me det tydeleg. Etter to timar med sminking og påkleding entrar ho scenen.

I høghælte sko, sjølvsydd kostyme og lange extensions tek ho dei vel femti ungdomane som har møtt opp, med storm.

Jacob James var ikkje gamal nok til å koma inn på bar i New York, og byrja med drag og karakteren Scarlet Envy. – Så eg sette på meg ein parykk, tredde inn i ein annan identitet, og så slapp dei meg inn. Så berre rulla det derifrå. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Songen pumpar ut av høgtalarane og Envy dansar og lip syncar til Céline Dion. Mot slutten av låten snur ho seg med ryggen til publikum.

Så kjem eit pang! Glitter og konfetti dryssar ned over henne i det siste tone av låten vert spelt.

Norsk drag: Open drag stage

Det er tid for pause, men heldigvis slepp ungdomane kjede seg lenge, for no er det meir drag.

Den norske gruppa «Open drag stage» underheld ungdomane med forseggjorte kostyme, høge hælar, fargerik sminke og dans.

Open drag stage. Dragshow på Rockslo. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Open drag stage. Dragshow på Rockslo. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Publikum opp på scenen

Brått er det tid for å utfordra publikum litt.

– Er det nokon frivillige? spør Veela Voulez Vous i Open drag stage.

Hand etter hand fyk opp i lufta i salen. Olafsen og Berre vert plukka opp saman med ei tredje.

Det er lip sync-battle, til Telephone av Lady Gaga. Songen startar og utfordrarane gjer sitt aller beste for å vinna.

Med kvar si banan og ein scene å boltra seg på, gir dei alt. Til slutt vert vinnaren kåra: Andersen Olafsen har vunne bilettar til nytt dragshow.

Mica Andersen Olafsen tok utfordringa på scenen og dansa og lip synca til Lady Gaga. Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Kva skjedde? Visste de at de skulle på scenen?

– Nei, svarar både Olafsen og Berre i kor. Nesten sjokkerte over kva som nettopp skjedde.

– Du sa jo du var sjenert, Mica?

– Heile oppveksten min var Telephone og Lady Gaga, så då dei sa at det var sangen tenkte eg berre: «Hell, yeah.» Og eg har jo lyst å driva med dette, så eg såg eit høve til å berre prøva meg fram og sjå korleis reaksjonane var.

– Eit av dei beste dragshowa eg har vore på

Etter konserten får me ei siste oppdatering på kvelden.

– Var det som forventa?

– Veldig imponerande. Scarlet drog fram ting eg ikkje visste at ho kunne, og framføringane mellom låtane var også heilt fantastiske. Det eit av dei beste drag-showa eg har vore på, seier Berre. 

Begge er også svært imponerte over den norske gruppa. Men Scarlet er på topp.

– Dritbra show! Eg er allereie hes og kjem sikkert til å vakna opp utan stemme i morgon. Eg veit ikkje kor forventingane mine låg, men ho var uansett over dei, seier Andersen Olafsen.

For Vetle er det er ein krevjande jobb å kle seg opp som dragdronninga Svetlana. Brystinnlegg må til. Foto: Jacob Knagenhjelm / Studvest