Jens Martin (29) startar draglinje på folkehøgskule: – Drag kan vere ein måte å ta eit oppgjer med det flinke mennesket

Kristiane Nerdrum Bøgwald
Publisert
Oppdatert 17.05.2021 19:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tenkte at det måtte vere ein god idé. Mange ønsker å prøve ut dette, men dei veit ikkje heilt korleis, seier Jens Martin Hartvedt Arvesen (29) på telefon til Framtida.no 

Han er initativtakar og hovudlærar for eit heilt nytt linjefag på Arbeiderbevegelsens folkehøgskule: Drag – kings, queens og queers. 

– Eg bar på idéen i om lag eit år før eg tok kontakt med skulesystemet, seier Arvesen.

Folkehøgskulen i Moelv tok imot tilbodet med ein gong, og linja var på plass etter berre to veker.

Det var Blikk som først omtalte saka.

Rektor, Ingvild Jevne på Arbeiderbevegelsens folkehøgskule seier at ho gler seg til å møte det første kullet på den nye drag-linja som byrjar til hausten. Foto: Privat

Teaterlinja låg brakk

– Eg synest dette er eit veldig spennande konsept. Vi har tidligare hatt ei teaterlinje som halta litt. Vi fekk ho ikkje ordentleg i gang. Så kom Jens Martin Arvesen og hadde planen klar. Då tenkte vi: ja! La oss strø ein regnboge over teaterlinja og freshe ho ordentleg opp.

Det seier ein entusiastisk rektor for Arbeiderbevegelsens folkehøgskule, Ingvild Jevne, når Framtida.no slår på tråden.

Sidan 1939 har Arbeiderbevegelsens folkehøgskule vore ein frilynt utdanningsinstitusjon der elevar kan velje mellom ulike linjefag: Klima, fred og konflikt og praktiske fag som fotografi og grafisk design er nokre av dei.

Jevne seier at den nye drag-linja passar som hand i hanske til folkehøgskulen sin eigen visjon og verdigrunnlag.

– At det skal vere ein plass til alle menneske i samfunnet, at du skal kunne vere den du er, er ein av grunnpillarane til skulen. Såleis passar drag og historia til drag veldig godt inn, og eg synest det er veldig artig at vi kan få ho opp å gå, seier ho.

Jevne fortel at dei allereie har fått inn nokre søknadar og mykje positiv merksemd frå ulike hald, sjølv om faget kom på plass for berre nokre dagar sidan.

Ho understrekar at det skal vere eit fag for alle uavhengig av kjønn eller seksuell orientering.

På den nye drag-linja til Arbeiderbevegelsens folkehøgskule skal elevane lære å skape si eiga drag-rolle. Personane på biletet er modellar. Foto: Privat.

Dansa seg inn i drag-miljøet

Jens Martin Hartvedt Arvesen er frå Oslo og har bakgrunn som dansar. Han er utdanna frå kunsthøgskulen i Oslo, og fortel at han byrja å teste ut drag og lage dragshow i 2013.

– Eg hadde vore bakgrunnsdansar for fleire dragshow tidligare, og så fekk eg lyst til å prøve ut drag sjølv. I 2013 opna det seg ei moglegheit på sommarleiren til Skeiv Ungdom,  Jafnaðr. Her laga eg dragshow i lag med Remi Johansen Hovda og Katinka Steensgaard.

I dag driv han gruppa Princessilicious saman med Elektra Puzzz, Nabi Yeon Geisha og Eliza Fierce, som har turnert med framsyningar på fleire stader i Noreg. På scena er Arvesen kjent under namnet Cassie Brødskive. Dei fire medlemmane står òg bak konsepta Open drag stage, Draglaboratoriet, Drag Core og Dronningtimen.

Jens Martin Arvesen har laga drag-show sidan 2013. På scena kaller han seg sjølv Cassie Brødskive. Foto: Karina Rønning

– Eg ønskte å vidareformidle kunnskapen eg sit på. Elevane som kjem inn på drag-linja skal lære å skape si eiga rolle, fortel Arvesen og legg til: 

– Vi kjem sjølvsagt til setje opp dragshow.

Han fortel at framsyningane skal bli vist til dei andre studentane på skulen og til eit eksternt publikum. Gjennom folkehøgskuleåret skal elevane på drag-linja også lære   korleis ein kan lage sine eigne drag-show.

Arvesen legg vekt på at elevane også skal kunne diskutere historia og politikken til faget.

Ikkje berre menn i sexy kvinneklede

Arvesen fortel at drag-miljøet i Noreg ikkje er like stort som i andre vestlege land sidan folketalet i Norge er lågt.

– Men også i Norge skjer det mykje kult, og i dag er det mange unge menneske som er aktive i drag-miljøa. Eg vil seie at vi har ein rik tradisjon for drag her til lands.

Han nemner Great Garlic Girls, revygruppa som blei starta opp av Morten Rudå, Olav Klingen og Simen Sand, og som sidan 1981 har opptredd med ei rekke dragshow.

Norsk Melodi Grand Prix 1986. Artisten Ketil Stokkan & “The Great Garlic Girls” vinn den norske finalen med melodien “Romeo”. Foto: Henrik Laurvik / NTB

Mange trur at drag må vere ein homofil mann som er kledd ut som ei glamorøs og sexy dame.

Arvesen understrekar at drag ikkje berre er menn som kler seg ut som kvinner.

– Mange har nok det inntrykket av at drag må vere ein homofil mann som er kledd ut som ei glamorøs og sexy dame. Det er stereotypien. Men det finst mange perspektiv på kva drag kan vere. I media ser ein ofte berre eit knippe av dei, som til dømes RuPaul’s Drag Race. 

RuPaul’s Drag Race er ein amerikansk reality-serie der dragqueen RuPaul er på jakt etter USA si neste drag-superstjerne.

Arvesen seier at ein burde oppsøkje sjølve drag-miljøa for å få ei ordentleg forståing for kva drag kan vere.

– Der blir fenomena undersøkt med lupe, seier han.

Daisy Sælen Hafstad: — Modig prosjekt!

Daisy Sælen Hafstad seier at drag er meir synleg og stovereint i dag enn tidligare.  Foto:Chris Green

– Det er spennande og bra at vi har komme så langt her til lands at drag har blitt eit skulefag. Det at ein folkehøgskule vel å satse på dette er veldig modig, seier Daisy Sælen Hafstad.

Hafstad veit kva ho snakkar om. Ho har mangeårig bakgrunn frå drag-miljøet. Ho har òg skrive boka Parykkar, stilettar og frigjering – historia om norsk dragshow, og har sidan 90-talet vore ein viktig forkjempar for homofile og transpersonar. I boka skriv ho om dei tidlege artistane til drag-historia og fram til dei vi har i dag.

– Drag er framleis smalt sjølv om det er meir stovereint og synleg no enn det har vore, seier ho.

Ho tenker at drag som underhaldingsform med konkurransar kan ha bidrege til å gjere drag meir synleg.

Eit oppgjer med det flinke mennesket

Jens Martin Arvesen trur at det nye faget han er i ferd med å utvikle kan passe godt til ein folkehøgskule-setting der personleg og sosial modning står i fokus.

– Når ein prøver drag så kan ein komme i kontakt med sider av seg sjølv som kanskje kan verke litt skumle.

Han seier at mange menneske lett kan hamne i den flinke gute- eller jente-rolla.

– Den flinke guten eller jenta prøver heile tida å tilfredstille alle andre sine forventningar, berre ikkje sine eigne. Då kan ein lett bli underkua, seier han og held fram:

– Drag kan vere ein måte å ta eit oppgjer med det flinke mennesket. Drag er fritt. Drag skal vere radikalt og i opposisjon.


Då han var ung våga ikkje Geir Egil Eiksund (32) frå Ørsta seie til nokon at han vart forelska i gutar. No er han aktuell med barneboka «Kampen», som han sjølv ville ha lese. Foto: Kristianne Marøy/Samlaget

Kva er drag?

  • Drag blir som regel definert som eit mellombels skifte av kjønnsuttrykk, det vil seie å opptre som eit anna kjønn, først og fremst ved scene-framsyningar.
  • Ifølgje Jens Martin Arvesen kan ei drag-rolle vere kvinne, mann eller ikkje-binær. Ein snakkar om «Drag-kings», «Drag-Queens» eller «Drag-queers».
  • Drag inneber vanlegvis å kle seg ut som ein rollefigur der satire, ironi, utfordrande seksuell åtferd og å vere frekk er viktige ingrediensar.