Frisør, flyteknikar eller kanskje fiskar? Gratulerer med arbeidernes dag!

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 01.05.2021 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trykk på overskrift eller bilete for å lese heile intervjuet:

Fiskar: – Det er sjeldan du veit når du startar

– Eg hadde sett føre meg at det skulle verte hardt, for eg visste kor mange timar dei jobbar, og det fekk eg bekrefta, seier Isak Dreyer på telefon til Framtida.no.

Isak Dreyer er inne i sin tredje sesong som fiskar. Livet på havet er tydelegvis like god trening som ein får på treningsstudio, for Dreyer kunne nyleg hente heim tittelen Norges tøffeste. Foto: Michael Schult Ulriksen/NRK

26-åringen frå Bodø har vorte landskjend etter at han henta heim sigeren i NRK-programmet Norges tøffeste. Der vart det tydeleg at arbeidserfaringa som fiskar kom godt med.

– Ein veit aldri kor tid ein skal ut att eller kor lang arbeidsdagen vert. Det er sjeldan du veit når du startar, kor tid du sluttar, fortel Dreyer om arbeidskvardagen. 

Konditor: – Eg ønska ikkje ein vanleg «kontorjobb»

– Eg har vore permittert under heile pandemien, men håpar snart å vere tilbake på jobb igjen.

Det skriv konditor Malin Skagen (22) på epost til Framtida.no. Ho er ein av utøvarane på konditorlandslaget, og jobbar til vanleg som konditor på det historiske hotellet Lysebu, som ligg i Holmenkollen i Oslo.

Malin Skagen (22) er ein del av konditorlandslaget i kategorien kake og dessert. Foto: privat, kollasj Framtida.no

– Eg ønska ikkje ein vanleg «kontorjobb», samstundes som eg kanskje var litt lei skule. Valet fall då på restaurant og matfag, der eg fort fann ut at det var konditor eg ville bli.

Bilmekanikar: – Komponentar byter seg ikkje sjølv

– Folk har no den oppfattinga at vi berre sit og trykkjer på datamaskinar for å fikse bilane, som til ein viss grad er sant, men komponentar byter seg ikkje sjølv.

Vegard Marius Benjaminsen (21) frå Førde jobbar som bilmekanikar og kan skilte med ein andreplass i yrkes-NM, som er noko av det mest utrulege han har opplevd på jobb.

Her byter Vegard Marius Benjaminsen EPCU(Electric Power Control Unit) på elbilen Hyundai IONIQ ev. Foto: Privat

21-åringen kan knusa fleire myter om yrket sitt.

– Me er for lengst forbi kalendrar med lettkledde damer i garderoben og slikt, skriv han i ein e-post til Framtida.no.

Parykkspesialist: – Eg sette opp ei varsel på Finn.no

– Ei framtid kor det å bruke parykk ikkje er tabulagt hadde vore fantastisk! skriv Randi Langø på e-post til Framtida.no

På arbeidsplassen til Randi Langø, Ruhs, er alle tilsette utdanna frisørar eller parykkfrisørar. Foto: Privat

Parykkspesialisten frå Bærum fortel at ho skulle ynskje det var mykje meir aksept for parykkbruk og vidareutdanna seg med ein bachelorgrad i Maske og hårdesign.

– Eg sette opp ei varsel på Finn.no i tilfelle dei skulle lyse ut ei stilling, og litt over 1,5 år seinare kom varselet! Eg sende inn ein søknad, og resten er historie.

Helsefagarbeidar: – Eg hatar uttrykket varme hender

– Eg har ein fantastisk jobb kor eg både får bruke min faglege kompetanse, relasjonskompetanse og tekniske kompetanse. Eg får også brukt mi erfaring på ein positiv måte.

Oscar Aaslund Hovin frå Støren i Trøndelag stortrivst i arbeidet som helsefagarbeidar, som byr på både gode menneskemøte og utfordringar.

Oscar Aaslund Hovin. Foto: Sandra Skillingsås.

– Eg hatar uttrykket varme hender. Sjølvsagt er det viktig å vere omsorgsfull, men utan fagkompetanse og fagleg engasjement, kjem ein ikkje langt. Som helsefagarbeidar jobbar ein med menneske som har behov for helse- og omsorgstenester. Ein veit at ein lever lengre, ein er sjukare og det krev spesialisert kompetanse.

Farmasøyt: – Me har ei viktig rolle 

– Mange veit ikke kva farmasøyten gjer på apoteket, men me har ei viktig rolle når det gjeld å sikra riktig legemiddelbruk.

Det skriv Viyan Tarin i ein e-post til Framtida.no.

Farmasøyt Viyan Tarin (36) sjekkar at reseptane pasientane får er riktige, og kan også setje vaksinar. Foto: Privat

Ho har ei mastergrad i farmasi frå Universitetet i Oslo. Der lærer ein mellom anna om korleis legemiddel vert framstilt, korleis dei verkar i kroppen og korleis dei kan brukast riktig for å førebyggja og behandla sjukdom.

– Det beste med jobben er å hjelpa folk til ta betre vare på helsa si og gje pasientane ein tryggheit i bruken av legemidla dei har.

Frisør: – Må vere innstilt på å jobbe hardt

Joakim Sumstad frå Måløy er frisør og deleigar i salongen Bowie i Ålesund.

– Yrket passer for deg som tålmodig, kreativ og likar å jobbe med folk. Ønskjer ein verkeleg å bli frisør må ein vere innstilt på å jobbe hardt og ofra litt, fortel 27-åringen.

Her er Joakim Sumstad i sving under NM i frisørfag 2019, der han henta heim to gullmedaljar. Foto: Privat

Butikkslaktar: – Få ein helgejobb i ein ferskvare

Hanne Hageland Tønnessen frå Flekkerøy i Kristiansand visste ikkje kva ho ville bli, men så fekk hp fekk tilkallingsjobb på Meny.

– Eg vil anbefale å prøve å få ein helgejobb i ein ferskvare, samstundes som du går på Restaurant og Matfag. Ein får mykje igjen av å kunne bruke det ein lærer på skulen med ein gong, ute i ei bedrift, fortel 23-åringen.

Hanne Hageland Tønnessen er butikkslaktar hjå Meny Lillesand. Foto: Pixabay.com / Privat

Lærar: – Elskar tida med elevane

Fredrik Georg Svang Jansen (34) er ungdomsskulelærar som lengtar attende til skulekvardagen.

– Eg tar full veke i klasserommet framfor tre timar på kontoret. Any day! Eg elskar den tida med elevane, fortel han.

Fredrik Georg Svang Jansen er lærar i ungdomsskulen. Foto: Pixabay.com/Privat

Sjukepleiar: – Den mest meiningsfulle jobben

Sjukepleiar Ragnhild Prestbø synest det er ein fryd å få lov til å jobba med menneske i ulike fasar i livet, som har behov for pleien og omsorgen ho kan gi.

– Sjølv om ein til tider føler ein står og stanger hovudet i veggen, trur eg at eg har den mest meiningsfulle jobben. Ein får kjenna på både gode og vonde kjensler, og ein får utfalda seg i eit rikt fagmiljø, fortel ho.

At ingen dagar er like, gjer yrket enda meir spanande, og utfordrande, tykkjer sjukepleiar Ragnhild Prestbø (24). Foto: Privat

Flyteknikar: – Du må våge å diskutere

Aleksandra Fjuk (24) frå Jessheim er flyteknikar i SAS.

– Du må våge å diskutere og å vere ueinig med kollegaar, både flygande personell og teknikarar. Yrket som flyteknikar passar for dei som likar å skru, feilsøke, er veldig nøyaktige og genuint interesserte, fortel ho.

På biletet til venstre skiftar flyteknikar Aleksandra Fjuk hovudhjul. Til høgre lekkasjetestar ho etter ferdig arbeid. Foto: Privat

Servitør: – Spennande å jobbe med mat og menneske

Magne Andreas Gaut er servitør og vinkelner på Trondheimsrestauranten To rom og Kjøkken.

– Eg har valt denne yrkesvegen fordi eg synest det er veldig spennande å jobbe med mat og menneske. Og med dette yrket får eg begge deler, fortel 21-åringen, som har måtte stogga ein matkrig i restauranten.

21 år gamle Magne Andreas Gaut er servitør og ein av utøvarane på Yrkeslandslaget 2020. Foto: Privat

Marinbiolog: – Fekk besøk av både småhai, skjelpadder og ørner 

Marinbiolog Susanna Huneide Thorbjørnsen jobbar som førsteamanuensis hjå Universitetet i Agder.

– Eg har hatt mange morosame naturopplevingar på jobb! Blant anna jobba eg med å merke piggskater i Australia, og då fekk vi besøk av både småhai, skjelpadder og ørner når vi jobba i mangroveskogen, fortel ho.

Susanna Huneide Thorbjørnsen er marinbiolog. Foto: Angela Helen Martin

Dirigent: – Må vera glad i å leia og inspirera andre

Gunnvald Ottesen frå Stord er frilans-dirigent. I tillegg til kjærleik til musikk er det spesielt ein eigenskap som er viktig:

– Ein må vera glad i å leia og inspirera andre, og ein bør kunne ta avgjersler som ein sjølv tør å stå for, sjølv om det sit mange musikarar i orkesteret som er ueinige med deg, fortel han.

Gunvald Ottesen dirigierer i ein produksjon av «Figaros Bryllup» ved Noregs Musikkhøgskule i 2017. Foto: Sindre Ohrvik Hopland

Tannlege: – God finmotorikk er nødvendig

Etter arbeidsveka på ungdomsskulen fann Signe Rydland ut at ho ville bli tannlege.

– Ein bør vera glad i å møta ulike typar menneske, vera nysgjerrig på korleis ein kan hjelpa kvar enkelt. I tillegg må ein ha interesse for å tileigna seg mykje teoretisk kunnskap. God finmotorikk er nødvendig, og ein god porsjon estetisk sans, fortel ho.

Den er fantastisk kjekt å byggje oppatt skadde framtenner, slik at folk kan smile breitt igjen, fortel tannlege Signe Rydland. Foto: Privat

Tømrar: – Alltid sett opp til min pappa

Emil Pettersen frå Laukvik har vorte kåra til Noregs hyggelegaste tømrar.

– Eg har alltid sett opp til min pappa, som også er tømrar. Og eg fann tidleg ut at eg ville ha eit fysisk arbeid, så då passa det bra å verte det, fortel han.

Emil Pettersen. Foto: Privat

Styrmann: – Følast naturleg å arbeide i eit mannsdominert

Malin Frøystadvåg Storøy utdanna seg til hudpleiar før ho fann ut at ho ville bli styrmann.

–Det følast naturleg å arbeide i eit mannsdominert yrke då eg store delar av oppveksten var saman med gutar heime på Rafteseth, seier Malin Frøystadvåg Storøy.

Kontorutsikt som denne, er ein av grunnane til at Storøy søkte seg til eit yrkesliv på havet. Foto: Malin Frøystadvåg Storøy