Yrket mitt: Viyan (36) er farmasøyt

Viyan Tarin (36) har inntrykk av at mange ikkje er klar over kor lang utdanning farmasøytane som hjelper dei på apoteket har.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange veit ikke kva farmasøyten gjer på apoteket, men me har ei viktig rolle når det gjeld å sikra riktig legemiddelbruk.

Det skriv Viyan Tarin i ein e-post til Framtida.no.

Ho har ei mastergrad i farmasi frå Universitetet i Oslo. Der lærer ein mellom anna om korleis legemiddel vert framstilt, korleis dei verkar i kroppen og korleis dei kan brukast riktig for å førebyggja og behandla sjukdom.

Sikrar riktig legemiddelbruk

Farmasøyten som jobbar på apoteket hjelper kundane med å hente medisinar på resept eller kjøpe andre varer og reseptfrie legemiddel. Dei sjekkar reseptane og sikrar at pasienten har fått riktig medisin mot aktuell tilstand og i riktig dose.

– Me sjekkar også for at medisinen ikkje blir påverka eller påverkar andre legemiddel kunden brukar. Ved mogleg avvik tek me kontakt med forskrivande lege for å sjekka og sikra at det ikkje har skjedd ein feil før kunden får med seg legemiddelet. Når alt dette er sjekka rettleier vi kunden og gir relevant informasjon, forklarar Tarin.

Ut i leiarjobb

– Utdanninga har absolutt førebudd meg på det å være farmasøyt og bidra til riktig legemiddelbruk hos våre kundar/pasientar. Men ikkje å vere apotekar, forklarar 36-åringen.

Etter å ha jobba som teamleiar på Vitusapotek Jernbanetorget fekk ho apotekarjobb ved Apotek 1 Flateby.

Ho lærte ikkje noko om leiing eller økonomi på studia, men etter å ha jobba som teamleiar fann ho ut at dette var noko ho trivdest med.

– Eg fann fort ut at eg likte å jobba som leiar og ha personalansvar, og at apotekdrift var spennande. Derfor søkte eg nye utfordringar, forklarar ho.

Det er mykje konkurranse om apotekstillingane i Oslo-området. Foto: Privat

– Som ung farmasøyt utan apotekarerfaring er det vanskeleg å få apotekarjobb i Oslo då det er rift om desse jobbane, og mange søkjarar har mange års erfaring og vil gjerne inn til sentrum.

Viyan Tarin sende difor inn ein open søknad med interesse for ledig apotekarstilling og at ho kunne pendla og jobbe 1-2 timar frå Oslo.

Variert arbeidskvardag

Tarin valde å jobba i apotek først og fremst fordi det gjev ho varierte arbeidsoppgaver og utfordringar.

– Som apotekar har eg det overordna ansvaret for personalet (rekruttering, oppfølging, utvikling), kvalitet og drift. Eg elskar å jobba med menneske. Det gjev meg enormt mykje å læra bort, motivera og utfordra mine tilsette/kollegaar til å bli betre, skriv 36-åringen.

For Tarin er det viktig å få medarbeidarane sine til å blomstra og bidra til at det viktige samfunnsoppdraget til apoteka vert teke på alvor.

– Kva er det beste med jobben?

– Det beste med jobben er å hjelpa folk til ta betre vare på helsa si og gje pasientane ein tryggheit i bruken av legemidla dei har.

Det mest utfordrande ved jobben er personalansvaret.

– Arbeidstakarane er forskjellige menneske, dei har forskjellige behov, det krev mykje av ein leiar. Og situasjonsbasert leiing krever mykje erfaring.

Farmasøyt Viyan Tarin (36) stortrivst med leiaransvaret som apotekar. Foto: Privat

Drøymer om doktorgrad

– Kva feiloppfatningar har folk om yrket ditt?

– Mange veit ikkje at dei som jobbar i apotek har mange års utdanning. Farmasøytar er veldig dårleg marknadsført diverre.

Det mest utrulege som har skjedd ho på jobb har vore dei gongane ho har har oppdaga alvorlege feildoseringar, og forhindra alvorleg skade hos kundane ved å kontakta lege.

– Kva draumar har du for framtida?

–  Eg har som mål å ta doktorgrad i farmasi. Om mogleg vil eg helst byggja vidare på masteroppgåva mi som handla om nye legemiddel i behandling av diabetes og fedme.

Lær kjemi, søk apotekjobb!

Tarin meiner farmasi passar for dei som er nyfikne på korleis medisinar verkar på kroppen.

– Ein må så klart lika og forstå kjemi, elles kan starten på studia bli veldig tøff. Ein må ha interesse for helse, kropp og sjukdom. Og for å jobba i apotek må du lika å jobbe med menneske og ha lyst til å hjelpa folk.

Ho rår unge som siktar seg inn på farmasi til å læra kjemi på vidaregåande og å søkja seg til ein apotekjobb så tidleg som mogleg i studiet.

– Seinare når du startar på praksis og skal læra å bruka den teoretiske kunnskapen du har lært, har du eit stort forsprang, tipsar ho.


På arbeidsplassen til Randi Langø, Ruhs, er alle tilsette utdanna frisørar eller parykkfrisørar. Foto: Privat