Yrket mitt: Hanne (23) er butikkslaktar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Noko av det mest utfordrande må vere når kunden spør om middagstips, fortel Hanne Hageland Tønnessen på e-post til Framtida.no.

23-åringen frå Flekkerøy i Kristiansand er nesten ferdig med læretida si som butikkslaktar og arbeider hjå Meny Lillesand.

– Ein kjem alltids fram til noko, men det er like vanskeleg å hjelpe andre med middag som det er å finne noko til seg sjølv.

Til hausten er Tønnessen blant dei som skal reise til Graz i Austerrike og konkurrere i Yrkes-EM.

23-åringen er ikkje ukjend for konkurransar, ho har allereie sikra seg eit NM-sølv for butikkslaktar-lærlingar frå september i fjor. Det er framleis det mest utrulege som har hendt ho på jobb, fortel Tønnessen.

Hanne Hageland Tønnessen er butikkslaktar hjå Meny Lillesand, og vann NM-sølv for butikkslaktar-lærlingar i september 2019. Foto: Meny

Frå tilkallingsjobb til fagbrev

Hanne Haugland Tønnessen trivst så godt i tilkallingsjobben at ho valde å ta fagbrev i faget. Foto: Privat

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

– Eg visste eigentleg ikkje kva eg skulle jobbe med, men så fekk eg ein tilkallingsjobb i ferskvare. Der treivst eg så godt at eg fann ut at eg like godt kunne ta fagbrev som butikkslaktar, fortel Tønnessen.

23-åringen forklarar at når ein utdannar seg til butikkslaktar går ein først på VG1 Restaurant og matfag og VG2 Matfag, før ein går ut i lære to år i bedrift. Ho har såleis vore innom mange ulike fag i utdanningsløpet, som til dømes kokk, servitør, bakar, konditor og pølsemakar.

– Alt det ein er innom i dei andre faga kan ein bruke når ein vert butikkslaktar. Faget er mykje meir enn berre kjøt. Kundane spør om alt. Eg meiner difor at utdanningsløpet førebur deg godt på kvardagen som butikkslaktar.

Til sommaren skal ho etter planen gå opp til fagprøve for å sikre seg fagbrevet.

– Svarte det til forventningane?

– Absolutt. Eg trivst veldig bra på jobb og føler eg lærer noko nytt nesten kvar dag. I tillegg møter eg mange hyggelege kundar og får varierte og spennande arbeidsoppgåver.

– Kvar dag er ulik

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Ein vanleg arbeidsdag for meg går ut på å leggje diskar med salatar, kjøt, pølser og så vidare, kutte kjøt til manuell disk, hjelpe kundar, lage varm mat, vaske og halde diskar og benkar reine, og produsere diverse produkt. Kvar dag er ulik.

– Kva er det beste med jobben?

– Kundemøtene. Noko av det gøyaste med jobben er absolutt dei faste kundane som ein opparbeider seg eit forhold til. Det er alltid like hyggeleg når dei kjem innom og slår av ein prat. Og så synest eg det er veldig gøy når eg får stå på skjærerommet og beine ut kjøt.

Sjå også korleis slaktar og kjøtskjærar Hans Kristian Larsen beinar ut lammelår:  

Får mykje att for å konkurrere

– Kven passar yrket for?

– Yrket passar for dei som er interesserte i mat og som likar å jobbe med menneske.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Eg vil anbefale å prøve å få ein helgejobb i ein ferskvare, samstundes som du går på Restaurant og Matfag. Ein får mykje igjen av å kunne bruke det ein lærer på skulen med ein gong, ute i ei bedrift, fortel Hanne Hageland Tønnessen.

– I tillegg vil eg anbefale å vere med å konkurrere viss ein har mogelegheita. Ein lærer ufatteleg mykje av det og får mykje igjen seinare for den jobben ein legg ned i å konkurrere.

Yasmin Syed er kanalvert hjå NRK1. Foto: Privat

Hanne Hageland Tønnessen

Alder: 23 år

Frå: Flekkerøy

Yrke: Butikkslaktar (lærling)

Utdanning: Butikkslakter