Yrket mitt: Emil (30) er tømrar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har alltid sett opp til min pappa, som også er tømrar. Og eg fann tidleg ut at eg ville ha eit fysisk arbeid, så då passa det bra å verte det, fortel Emil Pettersen på e-post til Framtida.no.

Den 30 år gamle tømraren frå Laukvik vart nyleg kåra til Norges Hyggeligeste Håndverker i kategorien «tømrar/snikkar». Det var ein absolutt høydare så langt i karrieren:

– Dette gir bare enda meir boost og vilje til å fortsetje.

– Svarte det til forventningane?

Eg likar veldig godt å skape ting med hendene, å sjå at produktet vert til. Så der vil eg seie at det levde opp til forventningane.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

Eg møter på arbeidsplassen kl 07.00. Her vert det anten planlagt på førehand kva eg skal gjere, eller ei synfaring med huseigar kor vi vert einige om kva som skal gjerast. Det kan vere alt frå byting av bordklede, setje inn vindauge, montere kjøken, legge golv osb.

Kl. 11 møtest resten av firmaet i vår felles kontorbygning for lunsj. Så går resten av dagen til å fortsetje der ein slapp før lunsj.

Kl. 15.30 vert dagen avslutta med rydding av arbeidsplass, eventuelt prekavering av verktøy, samt planlegge litt neste dags aktivitet.

– Kva er det beste med jobben?

Det beste er variasjon. Ingen dagar er like. Og så dette med å sjå at eit produkt du sjølv har skapt vert bra. Samt fornøgde kundar.

– Kva er det mest utfordrande?

Vêret er det eg ser på som mest utfordrande. Regn, sludd og mykje vind kan gjere ein enkel jobb mykje meir utfordrande enn den vanlegvis ville vore.

– Kven passar yrket for?

Det passar for menneske som ikkje er redde for å bruke kroppen, då dette er eit ganske fysisk tungt arbeid. Å vere kreativ og løysingsorientert er ein stor fordel.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

Eit tips til ungdommar generelt er å vise interesse for faget. Vis at ein verkeleg har lyst til å jobbe som tømrar. Ta initiativ til å lære, og ver positiv.

https://framtida.no/2019/11/29/yrket-mitt-asbjorn-42-er-kokk

– Det du presterer her og no, er det som betyr noko. Det har ikkje noko å seie om bord 5 er nøgde om bord 4 er skuffa fordi du brende biffen. Det er det som gjer det spennande og det er det som er det mest utfordrande med jobben, fortel Asbjørn Sandøy. Foto: Kjærast

Emil Pettersen

Alder: 30

Frå: Laukvik i Lofoten

Yrke: Tømrar

Utdanning: Tømrar