Thea Dragsund (21) trur veldig få veit kva jobben hennar går ut på.
– Det beste med jobben er at han er uføreseieleg. Eg likar å kome på jobb utan å heilt vite kva som skal skje, og at ingen dagar er heilt like.
Thea Dragsund er obduksjonsteknikar. Obduksjon er ein utvendig og innvendig medisinsk undersøking av ein død person.
– Jobben min går ut på å assistere patologane i rettslege og kliniske obduksjonar, ha stell og nedlegg for gravferdsbyråa og ha syningar for pårørande, skriv Dragsund på e-post til Framtida.
Veldig skjerma yrke

Ein del av jobben er arbeid i høve gravlegging. Foto: Privat
Ein vanleg arbeidsdag varierer veldig, skriv ho.
– Nokre dagar står eg lenge i obduksjonssalen, medan andre dagar kan det vere mindre obduksjonar. Då nyttar eg meir tid på stell og nedlegg for gravferdsbyråa.
– Eg trur generelt at veldig få veit kva jobben min går ut på, ettersom det er eit veldig skjerma yrke. Dei fleste trur kanskje at jobben min berre er å obdusere, men eg gjer mykje anna og.
Greip moglegheita
Dragsund fekk jobben litt tilfeldig, fortel ho.
– Eg jobba i eit gravferdsbyrå i fjor sommar, og var innom sjukehuset. Øystein (seksjonsleiar for obduksjon), tilbydde meg ein jobb etter at han såg korleis eg tok i mot pårørande til ei syning.
Då syntest ho at jobben verka interessant.
– Og eg visste at det var ei moglegheit som kanskje ikkje kom tilbake. Difor bestemte eg meg for å ta den, skriv Dragsund.
Kompetanse frå praktisk erfaring
Dragsund har generell studiekompetanse, men ikkje høgare utdanning.
– Som obduksjonsteknikar kan eg ta ei sertifisering innan faget, men ho kjem etter eg allereie har begynt å jobbe.
Mykje av kompetansen kjem frå praktisk erfaring, skriv ho
– Sidan eg ikkje har noka spesifikk utdanning, har eg lært det meste gjennom opplæringa mi på arbeidsplassen.
Utfordrande å møte pårørande
– Før du blei obduksjonsteknikar, kva forventningar hadde du?

Det kan vere utfordrande å snakke med dei som stod den døde nær, seier Dragsund. Foto: Privat
– Eg forventa at jobben til tider kunne vere krevjande, men at arbeidsoppgåvene er spennande.
Ho fortel at dei forventningane stemte ganske bra
– Ja, jobben er tidvis krevjande, men det blir lettare og lettare å handtere det på ein god måte. Samstundes er jobben minst like spennande som eg hadde førestilt meg.
Dragsund seier det mest utfordrande med jobben er å møte pårørande som har mista nokon dei er glade i.
Vil bli verande
– Yrket passar for ein som er psykisk robust, og som har evne til å handtere psykisk og fysisk krevjande situasjonar. Ein må og ha gode handverksmessige ferdigheiter, meiner Dragsund.
Det mest utrulege som har hent ho, var å oppdage kor godt jobben passa henne.
– Eg hadde ikkje forventa at eg skulle trivast så godt i ein jobb som så mange synest verkar tung eller spesiell, men eg har opplevd jobben som spennande og meiningsfull.
Og ho har ingen plan om å gi seg med det fyrste.
– Førebels trivst eg så godt med jobben min at eg kunne tenkje meg å bli verande ei stund til, avsluttar Dragsund.







