Yrket mitt: Oscar (26) er helsefagarbeidar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Valet av yrkesveg var eigentlig tilfeldig. Eg ønska ein jobb kor eg kunne utfordra meg sjølv og lære nye ting, samstundes som eg fekk jobbe med andre menneske.

Det skriv Oscar Aaslund Hovin i ein e-post til Framtida.no. I litt over eitt år har 26-åringen frå Støren i Trøndelag jobba i heimesjukepleieteneste dedikert til barn og unge i Trondheim kommune.

Sjølvstendig arbeid

Som mann med fagbrev som helsefagarbeidar er han i mindretal. I 2019 var heile 87 prosent av helsefagarbeidarane i Noreg kvinner, ifølgje SSB.

Men for Aaslund Hovin har yrket absolutt svart til forventningane.

– Eg har ein fantastisk jobb kor eg både får bruke min faglege kompetanse, relasjonskompetanse og tekniske kompetanse. Eg får også brukt mi erfaring på ein positiv måte, forklarar helsefagarbeidaren.

26-åringen jobbar primært som nattevakt i avdelinga, noko som medfører mykje sjølvstendig arbeid.

– På natta har vi nattevakter i private heimar hos familier med alvorleg sjuke barn. Natta handler i stor grad om å observere helsetilstand og gjere tiltak ut ifrå dei observasjonane vi gjer. Vi har barn med pustestøtte, blant annet BiPAP, CPAP og heimerespirator.

Vil ha vidareutdanning

Aaslund Hovin forklarar at hovudfokuset i helsefagarbeiderutdanninga er på vaksne og eldre. Det er lite pediatrisk sjukepleie i løpet av utdanningsløpet, men ein får eit godt grunnlag i grunnleggjande sjukepleie, anatomi, fysiologi og delvis sjukdomslære.

Etter ei tid i arbeidslivet ønskjer han seg ei vidareutdanning som fokuserer på arbeid med alvorleg sjuke born, noko han håpar ein kan jobba for å få til.

– Ein får fleire og fleire alvorleg sjuke born i kommunane, noko som set stort krav til kompetansen i kommunehelsetenesta, understrekar han.

Det kjekke og det vonde

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Ein gang dykka eg etter ei pølsepakke som var kasta i ein innsjø. Den ligg godt endå.

– Kva er det beste med jobben?

– Eg set stor pris på å ha ein jobb med stor variasjon kor ingen dagar er like. Sidan eg jobbar med fleire born, er inga natt lik og eg får heile tida nye utfordringar. Dessutan jobbar eg med utruleg kule born!

– Kva er det mest utfordrande?

– Det mest utfordrande med min jobb, er når barn døyr. Fleire av borna vi jobbar med, har ein tilstand som medfører forkorta levetid. Det er utfordrande, men det er også veldig fint å kunne bidra til å fylle korte liv med innhald.

Hatar utrykket «varme hender»

26-åringen meiner yrket passar godt for engasjerte personar som er opptatt av å yte helse- og omsorgstenester av ypparste klasse. Ein skal vere i stand å tileigna seg ny kunnskap og ein skal kunne tenkje heilskapeleg, forklarar han.

– Med tanke på den høge delen deltidsstillingar og den låge løna, bør ein også vere bestemt og villig til å stå på krava, forklarar Aaslund Hovin, som òg har eit anna tips:

– Er ein berre omsorgsfull og glad i menneske, bør ein unngå helsevesenet.

Ifølgje helsefagarbeidaren er «varme hender» ein av dei vanlegaste misoppfattingane når det kjem til yrket.

– Eg hatar uttrykket varme hender. Sjølvsagt er det viktig å vere omsorgsfull, men utan fagkompetanse og fagleg engasjement, kjem ein ikkje langt. Som helsefagarbeidar jobbar ein med menneske som har behov for helse- og omsorgstenester. Ein veit at ein lever lengre, ein er sjukare og det krev spesialisert kompetanse.

Ei åtvaring

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Tenk to gonger før ein vel ein jobb innanfor helsevesenet. På den eine sida er det verdas beste jobb, på den andre siden er det ein jobb kor ein ofte endar opp som lågtlønna i ein sektor kor deltidsstillingar og ekstravakter er meir vanleg enn kva heiltidsstillingar er.


Stine Kamilla Schjelderup Mathisen er formann på fisketrålaren Ramoen. Foto: Privat

Oscar Aaslund Hovin

Alder: 26 år

Frå: Støren, 5 mil sør for Trondheim.

Yrke: Helsefagarbeidar

Utdanning: Helsefagarbeidar og fagbrev