Yrket mitt: Randi (30) er parykkspesialist

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ei framtid kor det å bruke parykk ikkje er tabulagt hadde vore fantastisk! skriv Randi Langø på e-post til Framtida.no. 

Parykkspesialisten frå Bærum fortel at ho skulle ynskje det var mykje meir aksept for parykkbruk.

– Eg synest det er synd at nokon er redde for å innrømme at dei brukar det, då det aldeles ikkje er noko å vere redd for, uansett kva grunnen til at ein brukar det er.

Langø håpar såleis det at parykkar vert stadig meir populære blant kjendisar og på sosiale medium kan føre noko godt med seg – mindre tabu, meir aksept.

Alexandra Joner er ein av dei som er med på å normalisere parykkbruk. Foto: Skjermdump frå Instagram @ruhsparykker

Finn jobb gjennom Finn.no-varsel

– Dette var ikkje ein veg eg visste eg skulle, men ein veg som vart til medan eg heldt på, fortel 30-åringen om karrierevalet.

– Eg ynskja først å verte frisør, då eg alltid har elska å jobbe med hår, men etter kvart vart interessa for det kreative sterkare og eg valde å vidareutdanne meg.

Ho utdanna seg til makeup-artist og spesialeffekt-artist, og fortel at ho fall heilt pladask. Det førte ho vidare til ei bachelorgrad i Maske og hårdesign.

– Det var her eg verkeleg vart introdusert for parykkfaget og interessa vart berre større og større jo meir eg lærte om det!

Langø hadde tidlegare hatt nokre jobbar innan film-, teater- og musikalverda, men då ho laga sin første parykk og sitt første skjegg var ho sikker på at ho det var det ho ville halde fram med. Vegen derfrå til fast jobb var likevel ikkje rett fram.

Etter ho var ferdig utdanna tok Langø kontakt med ein tidlegare kollega som var tilsett hjå Ruhs AS, men fekk beskjed om at dei ikkje var på jakt etter nye tilsette.

– Eg sette opp ei varsel på Finn.no i tilfelle dei skulle lyse ut ei stilling, og litt over 1,5 år seinare kom varselet! Eg sende inn ein søknad, og resten er historie.

Tøft å halde kjenslene i sjakk

Randi Langø tok til i den nye jobben sin i mars i fjor, og fortel at utdanningskombinasjonen har budd ho godt på den nye arbeidskvardagen – anten det er å møte kundar i stolen, handverket bak kulissane eller det administrative som følgjer med.

– For meg er sjeldan to dagar like, men mykje av jobben går i å hjelpe frisørar rundt om i Noreg finne passande parykkar til kundane sine, forklarar parykkspesialisten.

Slik ser ein parykk ut før Randi Langø har reparert han og etter. Foto: Privat

Arbeidsplassen hennar, Ruhs, har ein salong på Frogner i Oslo, men er hovudsakeleg ein leverandør for parykkar og hårerstatning. Arbeidskvardagen kan difor spenne frå kontorarbeid til konsultasjonar til parykkrettleiing og parykkreperasjon.

– Kva er det beste med jobben?

– Det beste med jobben er nok kjensla av å hjelpe andre gjennom ein tøff periode. Ein stor del av dei som treng ein parykk treng det jo av medisinske grunnar, som til dømes kreftbehandling, fortel Langø.

Men i det beste med jobben ligg òg kimen til det mest utfordrande i arbeidskvardagen – å møte menneske ein kjenner eller små barn som treng parykk fordi dei er alvorleg sjuke eller i behandling.

– Det kan vere tøft å halde kjenslene i sjakk i slike situasjonar.

Kjem langt med å vere interessert

Litt avhengig av kor i parykkverda ein vil hamne, så tilrår Randi Langø blivande parykkmakarar å starte på frisørlinja første året på vidaregåande. Då kan ein velje å gå over til maskør eller parykkmakar på andreåret eller å halde fram som frisør.

– Den utdanninga er veldig i djupna og lærer deg mykje om parykkar, inkludert å lage dei frå botnen av, forklarar ho og utdjupar:

– Frisørutdanninga i Noreg har inga direkte kopling opp mot parykkar, men ferdigheitene du lærer der kan verte brukt direkte på parykkar for å tilpasse dei til den enkelte kunden.

– Kven passar yrket for?

– Du må heilt klart vere open for å jobbe med menneske, då det er ein stor del av jobben. Men så lenge du har ei solid interesse for parykkar/hår og likar å hjelpe menneske så kan ein nok få til det meste, tenker eg!


Her er Joakim Sumstad i sving under NM i frisørfag 2019, der han henta heim to gullmedaljar. Foto: Privat

Randi Langø

Alder: 30

Frå: Oppvaksen i Bærum, bur no i Oslo. 

Yrke: Parykkspesialist

Utdanning: Frisør og Bachelor i Maske og Hårdesign.