Yrket mitt: Gunvald (26) er dirigent

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dirigentyrket passar for alle som har ein kjærleik for musikk, fortel Gunvald Ottesen på e-post til Framtida.no.

26-åringen frå Stord arbeider til dagleg som frilans-dirigent, og har dirigert orkester både i Noreg og i Sverige.

Men ein lidenskap for musikk er ikkje det einaste ein treng, om ein vil gjere det godt i yrket:

– Dessuten må ein vera glad i å leia og inspirera andre, og ein bør kunne ta avgjersler som ein sjølv tør å stå for, sjølv om det sit mange musikarar i orkesteret som er ueinige med deg, forklarar Ottesen.

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

Gunvald Ottesen vart ikkje instrumentalist, men brukar heller musikk-kunnskapane som dirigent. Foto: Rune Hammerstad

– Eg vart aldri spesielt brilliant til å spela noko instrument, ettersom eg hadde større interesse for å leika meg fram med musikk, enn å stå på øverommet og spele skala og etydar, fortel Gunvald Ottesen på e-post til Framtida.no.

Ottesen byrja å spele fiolin då han var 7 år gamal, og gjennom oppveksten spelte han ei rekkje instrument. Han klimpra på gitar, spelte saxofon og piano og song.

– Dette gjorde at eg hadde ei brei forståing for musikkfeltet ganske tidlig, og fekk sjansen til å oppleva og utforska masse fantastisk musikk, frå klassisk til populærmusikk.

Då han var ferdig på musikklinja ved Stord vidaregåande skule, gjekk Ottesen difor vidare på Toneheim folkehøgskule og over til eit nytt instrument: dirigering.

Han fekk prøve seg på alle aspekt av faget – han dirigerte kor, orkester, korps og storband. Då han var ferdig hadde han funne yrket sitt, og søkte seg vidare til Noregs Musikkhøgskule for å verte orkesterdirigent.

– Svarte det til forventningane?

– Ja, heilt klart. Det inngår mykje sjølvstudier og førebuingar når ein skal lære seg repertoaret og førebu eit prosjekt, men det å få lov til å formidle musikk saman med musikarar og songarar på toppnivå er eit privilegium og ei glede kvar gong.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Det går veldig i periodar, ettersom ein først og fremst er frilansar. Den største delen av jobben skjer ved skrivebordet heime, der ein sit og innstuderer repertoaret og bestemmer seg for korleis vi skal tolke musikken best mogeleg.

Så kjem det periodar der ein går på podiet framfor orkesteret og dirigerar prøvar på føremiddagen, og om det er opera eller musikkteater har ein gjerne regiprøvar med berre songarane og piano utanom orkesterprøvane også.

Så kjem tida for konsert eller framsyning, der ein prøver å slappe av og bruke så lite krefter på dagen som mogleg, slik at ein er i topp form til ein går på scenen om kvelden.

Her dirigerer Gunvald Ottesen Gävle Symfoniorkester i Sverige. Foto: Magnus Larsson

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– I veldig stor grad. Dei første åra av utdanninga handlar det gjerne mest om å bli komfortabel med å stå framfor eit orkester og dirigere. Etterkvart vert det meir og meir fokus på musikken, og kva ein kan gjere for å formidle den på beste og mest effektive måte til musikarane.

Heldigvis har vi fått masse praksistid i løpet av utdanninga, både internt på skulen og utanfor.

– Kva er det beste med jobben?

– Det å få skape konsertar og framsyningar der publikum kjenner at dei har blitt rørte på ein eller anna måte.

Det er også fantastisk å få lov til å leike seg med både gammalt og nytt repertoar, og stadig finna nye kvalitetar som ein ikkje har sett før, som gjer at det kjennest som nytt igjen sjølv når ein har jobba med det mange gonger før.

Sjå Gunvald dirigere her: 

 

– Kva er det mest utfordrande?

– I perioder kan det vera veldig mykje repertoar som skal innstuderast på ein gong, der det ikkje blir så mykje tid med andre musikarar, noko som kan virka demotiverande. Men det er alltid verdt det når ein kjem godt førebudd til prøvestart på ny produksjon.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Ver nysgjerrig! Leik deg med så mykje musikk du kan, ikkje lås deg for tidlig inn på berre eit enkelt område.

Gå også på konsertar, teater, museum, les bøker, prat med folk som er gode på ting som du sjølv ikkje kan så mykje om. Og diriger gjerne alt du får sjanse til, om det er det lokale koret eller korpset, eit revy- eller teaterorkester eller liknande, berre for å bli vant til situasjonen.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– I 2017 jobba eg som assistentdirigent for Opera Østfold i ein produksjon av Mozarts «Tryllefløyten». Assistentdirigenten blir gjerne alt-mogeleg-mannen som leiar prøvar når dirigenten er borte, og som fiksar alle andre praktiske småting når det gjeld musikken.

To dagar før premiere var plutselig songaren som spelte fuglefangaren Papageno sjuk, så nesten utan forvarsel var eg nøydd til å stå saman med orkesteret og syngje heile rollen som Papageno gjennom mikrofon, mens regissøren spelte rolla fysisk på scenen, slik at vi kunne gjennomføre prøveførestillinga.

Gunvald Ottesen dirigierer i ein produksjon av «Figaros Bryllup» ved Noregs Musikkhøgskule i 2017. Foto: Sindre Ohrvik Hopland

Gunvald Ottesen

Alder: 26

Frå: Stord

Yrke: Dirigent

Utdanning: Mastergrad i orkesterdirigering, Kungliga Musikhögskolan i Stockholm