Yrket mitt: Vegard (21) er bilmekanikar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Folk har no den oppfattinga at vi berre sit og trykkjer på datamaskinar for å fikse bilane, som til ein viss grad er sant, men komponentar byter seg ikkje sjølv.

Vegard Marius Benjaminsen (21) frå Førde jobbar som bilmekanikar og kan skilte med ein andreplass i yrkes-NM, som er noko av det mest utrulege han har opplevd på jobb.

Forbi lettkledde kvinnekalendrar

Som sølvvinnar i NM var Vegard Marius Benjaminsen teken ut til yrkes-VM i Graz i Sveits i 2020, som vart utsett på grunn av koronapandemien. Planen er å gjennomføra meisterskapet i september, men det er usikkert om Noreg kjem til å delta.

21-åringen kan knusa fleire myter om yrket sitt.

– Me er for lengst forbi kalendrar med lettkledde damer i garderoben og slikt, skriv han i ein e-post til Framtida.no.

I mai 2019 fekk han fagbrevet og fekk jobb i bedrifta Auto 8-8 Forum avd. Førde, der han tok læretida. Læreplassen sikra han seg etter utplassering i tiandeklasse.

Dokumentasjonsarbeidet var noko av det som overraska bilmekanikar Vegard Marius Benjaminsen mest. Foto: Privat

Praktisk arbeid

Teknologi- og industrifag, ofte kalla TIP, er det nest mest populære yrkesfaget, bak helse- og oppvekst. Dette er også det utdanningsprogrammet på vidaregåande som auka mest frå i fjor til i år, ifølgje Udir.

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

– Har alltid hatt interesse for å jobbe med hendene og med praktisk arbeid. Slik at då eg kom på ungdomskulen så stod valet mellom TIP og elektrofag. Og etter utplasseringane som vi hadde på ungdomskulen enda valet på TIP og køyretøy.

Yrkesvalet svarte til forventningane, men Benjaminsen vart overraska over mengda med dokumentasjon ein treng etter forskjellige arbeidsoppgåver.

Første jobb kan vere alt frå bremseskift til elbilbatteribyte. Vidare skriv ein på arbeidskortet og dokumenter med bilete om det er garantiarbeid.

– Ved ledig tid er det som regel alltid litt vedlikehald som må gjerast så då gjer me det. No held me for eksempel på å laga ein testvegg til lærlingane våre slik at dei får testa seg på grunnleggjande elektro.

Ei hjelpande hand

Trass i at det har vorte litt mindre arbeid under korona har dei vore heldige og ungått permitteringar.

– Kva er det beste med jobben?

– Læra om ny teknologi som kjem ut og det å kunne finna feil på bilar med problem. Rett og slett det å hjelpa folk.

Det mest utfordrande er feilsøking av periodiske feil og det å vidareformidla det ein har gjort i dokumentasjonen. Draumen vidare er å fullføre masterutdanninga hjå Hyundai og bli god på feilsøking.

– Ikkje ver redd for å gjere feil

Bilmekanikaryrket passar ifølgje Benjaminsen for dei som likar å lære nye ting, særleg om tekniske dubedittar og bil. Og han har eitt tydeleg råd til dei som siktar mot yrket:

– Ikkje ver redd for å gjere feil, det er då ein lærer. Spør dei som kan faget, dei har mykje kunnskap ein kan plukke opp. Ikkje hald deg til ein «læremeister», men ha mange.


Kontorutsikt som denne, er ein av grunnane til at Storøy søkte seg til eit yrkesliv på havet. Foto: Malin Frøystadvåg Storøy

Vegard Marius Benjaminsen 

  • Alder: 21
  • Frå: Førde, Sogn og Fjordane
  • Yrke: Bilmekanikar/teknikar
  • Utdanning: Fagbrev som bilmekanikar