Yrket mitt: Ragnhild (24) er sjukepleiar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 11.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjølv om ein til tider føler ein står og stanger hovudet i veggen, trur eg at eg har den mest meiningsfulle jobben. Ein får kjenna på både gode og vonde kjensler, og ein får utfalda seg i eit rikt fagmiljø.

Sjukepleiar Ragnhild Prestbø synest det er ein fryd å få lov til å jobba med menneske i ulike fasar i livet, som har behov for pleien og omsorgen ho kan gi.

Sjukepleiarmangel

I 2040 vil Noreg trenge mellom 167.000 og 224.000 sjukepleiarar, ifølgje ein rapport frå Samfunnsøkonomisk analyse. Det er med andre ord ei utdanning der ein nesten er garantert jobb.

Rekordmange studentar fått tilbod om sjukepleiarutdanning til hausten, ifølgje tal frå Samordna Opptak.

I år er talet på studieplassar auka med 225, slik at 7255 personar har fått tilbod om plass.

Denne auken kjem trass i det nye karakterkravet på minimum 3 i norsk og matematikk, som trådde i kraft i år.

Men då Ragnhild Prestbø starta på sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet var ikkje dette noko ho måtte tenkja på.

Skremmande sommarjobb

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

– Sumaren etter eg vart 18 år, byrja eg som pleieassistent på eit bu- og behandlingssenter. Eg visste ikkje kva eg gjekk til, og eg fekk nokre opplevingar eg syntes var skremmande.

Etter eit par vakter tenkte eg at eg aldri kom til å kunne gjennomføra 8 veker  med sommarjobb, då eg syntes det var for tøft. Likevel pressa eg meg sjølv til å fortsette, og eg likte det betre og betre for kvar dag som gjekk.

Etter kvart følte eg at eg meistra det å jobba med menneske, og eg såg kor mykje pasientane hadde behov for hjelpa mi. Etter kvart som eg jobba meir, fekk eg prøva meg meir, og eg storkosa meg. Gode kollegaer presiserte tydleg kor mykje eg hadde passa til å verta sjukepleiar, og eg beit på.

Fleksibilitet og positivitet

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Ein arbeidsdag er aldri lik. Stell, mat- og medisinutlevering og oppfølging av medisinsk behandling frå lege er store trekk som går igjen.

Korleis ein arbeidsdag ser ut, er avhengig av kva pasientar som er på avdelinga. Då avdelinga eg jobbar på har både langtidsplassar, korttidsplassar og rehabiliteringsplassar, er ingen dagar like.

Somme stunder er det roleg på avdeling, og somme stunder føler ein at ein ikkje strekk til i det heile. Sjølv om ein har lister kvar dag for kva ein skal gjere, er det ikkje alltid mogleg å følge desse.

Som sjukepleiar handlar det om å snu seg raskt om ved endring, og gjere det beste ut av kvar enkelt situasjon. Fleksibilitet og positivitet er svært sentralt for å få gjort dagen til ein god arbeidsdag.

  • Les også innlegget: «Er det ikkje på tide at eldreomsorgen får nokre godord?»

    – Eg skjønar godt at det kan verka lite freistande å byrja å jobba i eldreomsorgen, når det vert fokusert på så mykje negativt, skriv Ragnhild Prestbø i eit innlegg som først vart publisert på Facebook. Foto: Privat

Frå skulebenken til arbeidslivet

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

 Gjennom utdanninga mi fekk eg i store trekk god introduksjon til svært mange ulike tema som kunne vera aktuelle å koma borti. Eg fekk god rettleiing i praktiske prosedyrar, som er dei mest vanlege å gjennomføra som sjukepleiar.

Likevel er det mange moment ein gjerne ikkje fekk grundig nok rettleiing i. Sjølv om ein skulle ynskje at teori og praksis var det same, må ein nok innsjå at det ikkje er det. Kva som skjer er situasjonsbestemt, og ein må av og til gjera endringar for å få gjennomført det ein skal.

Sjukepleiaryrket består av svært mange ting, og det er ikkje mogleg å gå gjennom alt du kjem til å koma borti. Sjølv om ein er «ferdig utdanna» på papiret, vert ein aldri utlært. Det er stadig endringar, og stadig nye ting som kjem opp.

Veks som person

– Kva er det beste med jobben?

 Å få bidra til at kvar enkelt pasient skal ha ein best mogleg dag, trass i ulik sjukdom og liding, ser eg på som svært meiningsfullt.

Når ein er så privilegert å få møta så mange menneske, i ulike situasjonar, er det meiningsfullt i seg sjølv. Alt er så spanande!!

Ein får verkeleg prøvd seg på alt mogleg. I og med at eg jobbar i kommunen, har me ikkje tilgang på alt som er på sjukehus. Då får ein vera kreativ, og bruka det ein har tilgjengelig.

Som sjukepleiar er det ikkje berre pasientar ein får jobba med. Ein har dialog med pårørande, kollegaer, leger og elles andre instansar. Etter at eg byrja å jobba i helsesektoren, har eg sett meir og meir pris på jobben min, og kor heldig eg faktisk er som får lov til å vera ein del av det. Ein veks ikkje berre som sjukepleiar, ein veks også som person!

Maja Christine Oskal (til venstre) saman med kollega Maja Louise Lauritsen, som er utdanna sjukepleiar. Foto: Ingun Mæhlum/NRK

Travle dagar

– Kva er det mest utfordrande?

 Somme dagar er travle, og alt går i eitt. Då gjeld det å prøva å halda hovudet kaldt, og priorietera kva som må gjerast.

Som nyutdanna sjukepleiar som byrjar jobbkarrieren sin i kommunehelsetenesta, får ein verkeleg kjent på å strekka til. Ein er ofte aleine sjukepleiar på jobb. Ein får då svært mykje ansvar, og ein strekker seg svært langt for å få gjort det som skal verta gjort.

I løpet av sitt første år som sjukepleiar har Ragnhild Prestbø verkeleg fått utfordra seg sjølv. 24-åringen meiner at ein aldri vert utlært. Foto: Privat

På berre eitt år har eg strekt meg langt som sjukepleiar, då eg verkeleg har fått prøva kunnskapen min i ulike situasjonar.

Aldri ferdig utlært

– Kven passar yrket for?

 Sjukepleiaryrket passar for dei som liker å jobba med menneske, og ser på det som givande å hjelpa andre. At ein liker at det til tider «brenn litt», er heller ikkje negativt.

Sjølv om ein har ei «bachelor i sjukepleie» på papiret, er ein ikkje ferdig utlært. Dette fører til at ein bør like å halda seg oppdatert, og vera interessert i fagfeltet.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

  • All erfaring er god erfaring!
  • Å kunna jobba innan helsefeltet medan ein studerer, eller før ein byrjer å studera, er gull verdt. (Dess meir erfaring ein har frå feltet, dess meir får du ut av utdanninga. Ein får fleire knaggar å henga kunnskap på, og ein veks både som person og som framtidig sjukepleiar.)
  • Les jamnt og grundig, og ver oppriktig interessert!
  • Ikkje stress med at du skal kunna alt med ein gong – det kjem etter kvart!

Åleine i stormen

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

 Berre det å stå åleine som nyutdanna sjukepleiar på jobb, med ansvar for mange pasientar, er utruleg nok i seg sjølv. Den fyrste vakta eg stod å skulle prøva å halda hovudet kaldt, og det skjedde fleire ting på ein gong, var tøff. Til sjuande og sist vaks eg enormt på det, og er i dag ein meir stødig sjukepleiar ute i feltet.

Freddy André Øvstegård har ei bachelorgrad i statsvitskap, og er no stortingsrepresentant for SV. Foto: Privat

 

Ragnhild Prestbø

Alder: 24 år

Frå: Fitjar

Yrke: Sjukepleiar

Utdanning: Bachelor i sjukepleie