Yrket mitt: Susanna (29) er marinbiolog

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har hatt mange morosame naturopplevingar på jobb! Blant anna jobba eg med å merke piggskater i Australia, og då fekk vi besøk av både småhai, skjelpadder og ørner når vi jobba i mangroveskogen, fortel Susanna Huneide Thorbjørnsen på e-post til Framtida.no.

29-åringen er utdanna marinbiolog og jobbar som førsteamanuensis hjå Universitetet i Agder.

Med eit slikt yrke treng ho ikkje reise heilt til andre sidan av jordkloden for å oppleve utrulege ting i arbeidskvardagen:

– Her heime på sørlandskysten har eg blant anna hatt ei lita utfordring med hummar som stal båtnøkkelen vår.

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

– Eg har alltid vore interessert i havet og dyra som bur der, og ville verte marinbiolog frå tidleg alder. Ikkje berre får ein jobbe med dyr, men ein forskar også på korleis ting i naturen heng saman.

– Svarte det til forventningane?

– Ja, det er veldig spennande å vere marinbiolog. Ein jobbar med mykje forskjellig. Akkurat no jobbar eg med åtferda til sjøørret. Ein kan sjå forskjell på åtferda til fisk, dei har faktisk forskjellig personlegdom. Nokre fiskar er meir forsiktige, medan nokre er meir tøffe. Om du er ute og fiskar ørret er det meir sannsynleg at det er ein av dei tøffe fiskane du får på kroken.

Eg jobbar også med korleis verneområde i havet skal beskytte fisk og hummar.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Arbeidsdagane er veldig forskjellige. Nokre gongar er eg ute i fjorden og fiskar, og merkar fisk med sendarar slik at vi kan følgje med på åtferda deira. Andre dagar jobbar eg på kontoret med å analysere den informasjonen vi har samla inn i naturen.

Så er det også nokre dagar der eg reiser rundt og held føredrag om det vi har funne ut eller underviser på universitetet. Det er veldig moro.

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Ja, då eg studerte til bachelor og mastergrad lærte eg mykje om dyr og plantar og samspelet med naturen. På slutten av mastergrada og i doktorgrada lærte eg å forske på dyra og havet.

Som marinbiolog jobbar Susanna Huneide Thorbjørnsen med korleis verneområde i havet skal beskytte fisk og hummar. Foto: Even Moland

– Kva er det beste med jobben?

– Det beste med jobben er at det er veldig spennande å forske på dyr og natur, og finne ut ting ein ikkje visste frå før. Det er også veldig moro å vere ute med båt og jobbe, og å reise rundt og treffe kollegaar frå andre stadar i Noreg eller verda som jobbar med liknande ting.

– Kva er det mest utfordrande?

– Det er mange dagar som vert brukte på kontorarbeid og analysering av informasjon som ein har samla inn. Som forskar må ein også bruke ein del tid på dette, men eg synest også det er veldig moro.

– Kven passar yrket for?

– Yrket passar for deg som er glad i dyr og natur og som kan tenke deg å studere samanhengar i naturen.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Dei fleste universiteta i Noreg tilbyr ei bachelorgrad i biologi. Eg valde å ta bachelorgrada ved NTNU og mastergrada ved Universitetet i Bergen. Eg synest det var fint å studere ved to forskjellige universitet, slik at eg fekk vere ein del av to forskjellige studiemiljø.

Når de er på universitetet, så kos dykk med biologien! Det er jo så mykje spennande, men samstundes er det sjølvsagt greit om ein ikkje synest alle delar av biologifaget er like gøy. Når ein har studert nokre år kan ein velje kva retning ein ynskjer å gå vidare på.

Om ein ynskjer å starte på ei bachelorgrad i biologi på universitetet er det litt forskjellig frå stad til stad kva som krevst, men ein må minst ha hatt R1-matte (eventuelt S1+S2) og ha hatt minst eitt realfag i to år på vidaregåande.

Den er fantastisk kjekt å byggje oppatt skadde framtenner, slik at folk kan smile breitt igjen, fortel tannlege Signe Rydland. Foto: Privat

Susanna Huneide Thorbjørnsen

Alder: 29

Frå: Larvik

Yrke: Marinbiolog

Utdanning: Doktorgrad i marinbiologi