Yrket mitt: Aleksandra (24) er flyteknikar

Noko av det mest utfordrande i yrket som flyteknikar er tidspresset og når du må halda igjen eit fly fordi det ikkje er forsvarleg å senda av garde.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Yrket som flyteknikar passar for dei som likar å skru, feilsøke, er veldig nøyaktige og genuint interesserte, skriv Aleksandra Fjuk.

24-åringen frå Jessheim er flyteknikar i SAS. Det er ein jobb som krev at ein toler eit høgt arbeidspress og klarer å beholde roa, samt vågar å seie ifrå:

– Du må våge å diskutere og å vere ueinig med kollegaar, både flygande personell og teknikarar, forklarar ho.

Bestemte seg på utdanningsmesse

Etter å ha sett ein flymotor på utdanningsmesse i Lillestrøm med ungdomsskuleklassen bestemte Fjuk seg for å søke seg inn på flyfag på Skedsmo vidaregåande skule.

– Sidan barndommen har eg alltid vore interessert i å lage, bygge, designe og generelt halde på med praktisk arbeid. Eg har køyrt motocross heilt sidan eg var elleve år gamal, og ville difor skru på motorsykkelen min og lære meir om dette ved å velje denne utdanningsretninga.

Flyteknikar er ein flymekanikar med vidareutdanning. Dei jobbar i turnus, noko som betyr at ein jobbar til ulike tider slik at det alltid er nokon til stades som kan fikse flya. Sidan Aleksandra jobbar netter har ho ein turnus der ho òg har mykje fri.

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– For min del så jobbar eg berre om nettene når flya står inne sidan dei skal ut og fly på dagtid. Vi jobbar som regel i eit team som har ansvar for x tal fly og flya sine jobbpakkar som består av alt fra smøring av understell, service, bytte av setetrekk til bytte av større komponentar, motor og understell. Det er også teknikarar som jobbar ute med fly i trafikk som gjerne skal gå på kort tid.

Det er mykje ansvar og stadig nye utfordringar i jobben som flyteknikar. Illustrasjonsfoto: Miguel Ángel Sanz, Unsplash.com

Ein dag praksis i veka

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

 Ja. Det var sterkt fokus på det teoretiske for at vi skulle forstå flyet sine system, oppbygning og ikkje minst sikkerheit. Men vi hadde også ein heil dag i veka kor vi fikk god tid til å jobbe praktisk på fly som skulen hadde til disposisjon.

– Kva er det beste med jobben?

– Det beste med jobben min er at den er så variert. Ingen dagar er like. Nokre dager er rolige med jobb du har gjort mange gonger, medan andre dagar så kjem du borti ting du aldri har vore borte i og får utfordringar og meistringskjensle. Vi har også tilgang på billige flybillettar som gjer at ein kan reise mykje og billig om du ønskjer det.

Lite tid og store avgjerder

– Kva er det mest utfordrande?

 Det mest utfordrande med jobben er når du veit at flyet skal gå, du har litt for lita tid på deg til å gjere ferdig flyet og du må finne ut under press kva du skal gjere for at flyet skal bli fort ferdig, eller om du må ta den beslutninga om at flyet ikkje kan gå fordi det ikkje er forsvarleg med eventuelle feil som har dukka opp.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

 Mitt første tips er å bruke veldig mykje tid på skulen, då det er fort gjort å henge etter når ein startar som lærling og ikkje har nok kunnskap.

 Ikkje ver redd for å spørje om hjelp av dine kollegaar, ein skal aldri gjere ein jobb på fly om ein er usikker, rådfør deg alltid før du gjer noko du er usikker på.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

 Det kulaste som har skjedd er vel då eg fekk lov til å prøve å taxe, altså køyre flyet på rullebanen bort til «rusegropa» der vi skulle teste motorane på take-off power medan flyet stod på bakken.

Kontorutsikt som denne, er ein av grunnane til at Storøy søkte seg til eit yrkesliv på havet. Foto: Malin Frøystadvåg Storøy

Aleksandra Fjuk

Alder: 24

Frå: Jessheim

Yrke: Flyteknikar

Utdanning: Flysystemmekanikar Fagbrev