Yrket mitt: Joakim (27) er frisør

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mitt tips til deg som ønskjer å bli frisør er at ein aldri skal vere redd for å gjere feil, det er då ein verkeleg lærer, skriv Joakim Sumstad.

27-åringen frå Måløy jobbar som frisør i Ålesund, der han er medeigar i salongen Bowie.

Det betyr at Sumstad ikkje kan jobba på grunn smitteverntiltaka iverksett av regjeringa, men når samfunnet gradvis opnar opp att vil det neppe vere mangel på kundar.

Frå servitør til frisør

Frå og med hausten 2020 kan ein velje frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign allereie på VG1, men då Sumstad skulle velja måtte ein gå VG1 design og handverk før ein kunne kome inn på VG2 frisør.

– Eg har alltid hatt ei interesse for det kreative og det å kunne vere med å skapa noko, forklarar Sumstad.

Han kom ikkje inn på førstevalet design og handverk då han skulle søka vidaregåande og endte derfor på andrevalet som var kokk og serivtørfaget.

Men om du trur at det var bortkasta må du tru om att.

– Å gå kokk og servitør var ei kjempeoppleving og ei erfaring som eg har teke med meg vidare i frisøryrket, forklarar han.

Seks månader før læretid

Etter å ha jobba nokre år som servitør flytta måløyværingen til Ålesund frisørutdanning ved privatskulen Cancam.

– Det er ein skule som varar i seks månader og så er det rett ut som lærling, dette var noko som passa meg veldig bra sidan eg ville komme meg fort ut i jobb, forklarar Sumstad.

Etter å ha fullført læretida si på Cancam fekk han etterkvart tilbod om jobb som dagleg leiar i ein av salongane i kjeden.

Seinast i fjor henta Sumstad heim to NM-gullmedaljar i frisørfaget i kategoriane brurefrisyre og langthåroppsetting, før han i oktober starta salongen Bowie saman med tre kollegaar.

Butikkåpning og NM-gull er noko av det mest utrulege Joakim Sumstad har opplevd i karrieren:

Hardt arbeid

– Svarte frisøryrket til forventningane?

– Absolutt! Eg trivst veldig godt med jobben og yrket mitt, men det har tatt nokre år med hardt arbeid for å kome ditt eg er i dag. Eg tenker at alt hardt arbeid vil løne seg i lengda.

– Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Ein vanleg arbeidsdag for meg er som regel der eg har kundar som skal ordnast på håret, men dagane mine er veldig forskjellige og det er noko eg elskar med min jobb. Det kan vere alt frå kundar, planlegging av photoshoot og konkurransar.

Joakim Sumstad synest konkurransar er noko ein lærer mykje av, som bidreg til ein variert arbeidskvardag. Foto: Privat

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Eg gjekk privatskule så eg var berre seks månadar på skule før eg gjekk ut i praksistid. På skulen lærer ein alt veldig grunnleggande, ting som skal hjelpe deg når du skal ut i arbeidslivet. Men når ein kjem ut i arbeidslivet vil ein absolutt lære så mykje meir og ein lærer seg undervegs kva teknikkar ein likar betre enn andre.

Kundekrets og strenge kollegaar

Det mest utfordrande med frisøryrket er krevjande kundar, men Sumstad er ikkje i tvil om at kundane også er det absolutt beste med jobben. Kundane og kollegaane.

– Utan kundane mine hadde eg aldri kunne gjort det eg held på med, fortel Sumstad.

I tillegg har han funne ut at han det å konkurrere i faget er noko han verkeleg har ei lidenskap for. Noko som har gitt han god trening i å vere kreativ under tidspress.

– Konkurranse gjorde at eg fekk meir trening når det kom til form og farge. Ein lærer veldig mykje når ein held på sidan ein prøver og feilar med idear undervegs, seier Sumstad.

Han meiner det er viktig at ein frå starten av har ei trygg, men streng gruppe kollegaar rundt seg, som hjelper ein å pushe grensene framover.

– Eg har vore sjukt heldig som har hatt ein kjempe fin og flink gjeng som har hjelpt meg sidan starten av læretida, og eg er utrulig takksam.

Mykje meir enn hårklipp

– Kven passar yrket for?

– Yrket passer for deg som tålmodig, kreativ og likar å jobbe med folk. Ønskjer ein verkeleg å bli frisør må ein vere innstilt på å jobbe hardt og ofra litt, svarar Skumstad, som også har nokre gode råd på vegen:

– Ein skal ikkje gløyme at frisøryrket ikkje berre er å klippe hår, det er så mykje meir og det er uendelege moglegheiter. For meg har frisøryrket gitt meg så mykje og eg har møtt og jobba med masse fantastisk folk.

Fotograf Signe Fuglesteg Luksengard kan sakna roen ho finn i heimbygda Leveld, men er framleis ikkje sikker på om ho kjem til å flytta tilbake. Foto: Andrea Nøttveit

 

Joakim Sumstad

Alder: 27år

Frå: Måløy

Yrke: Frisør / medeigar i Bowie

Utdanning: Privatskule på Cancam i Ålesund