Yrket mitt: Fredrik (34) er lærar

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 23.03.2021 09:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

OBS: Intervjuet vart gjort før koronakrisa og bileta er teke etter at skulane stengde på grunn av korona.

– Var det ein ting eg var sikker på, så var det at eg ikkje skulle jobbe i ungdomsskulen, fortel lærar Fredrik Georg Svang Jansen på e-post til Framtida.no.

34-åringen spekulerer i om denne overtydinga kom av at ungdomsskulen ikkje var «jubel og stas» for hans eigen del.

Likevel, det som starta som ei 8-vekers praksisperiode på ein ungdomsskule då han tok vidareutdanninga PPU, enda opp med fast tilsetjing og 9 år på same arbeidsplass.

Når Jansen ser attende på forventningane han hadde til å undervise i ungdomsskulen, er han lukkeleg for at han tok feil:

– Eg har ikkje mistrivest eitt sekund i jobben som ungdomsskulelærar. Eg er så glad for å få jobbe med ungdom.

Frå bakteriar til menneske

– Kvifor valde du denne yrkesvegen?

– Eg enda eigentleg opp med å velje vekk bioteknologi. Studiet var spennande, men eg innsåg at eg passa betre med folk enn med bakteriar og virus. Derfor pensa eg over på lektorstudiet.

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Nei! Åra med realfag var gull verd, og eg koste meg. PPU studiet burde bestått av eitt år i yrket med 12 veker samlingar. Ikkje 12 veker samlingar og ein masse pedagogiske refleksjonsnotat.

Dei vekene eg hadde med praksis på Seiersten under stødig og trygg rettleiing av Susanne, er nok den mest lærerike perioden i livet mitt!

Enkelte politiske krefter skal ha det til at det er mengda studiepoeng som avgjer kor mykje eleven lærer. Der må eg beklage – det er personleg eignskap og ei leiing som støttar lærarane sine, som skaper det beste læringsmiljøet. Meiner eg.

Eit knekkebørd kjennest som heilaften på Bagatelle

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Ut av døra i det eg ser på som god tid. Kjem på kontoret eit snautt kvarter etterpå og har framleis «god» tid.

Kollegaene strøymer på og ein slurk kaffi må nytast medan ein opnar teams-, mail- og skulemelding. Første økt kjem kjappare på enn planlagt, og i korga har eg ekstra blyant, dagsplanleggaren, open iPad for ikkje å lukke mailen eg skulle rokke å lese, ein halv Kvikk lunsj og nøklar. Kanskje balanserer eg kaffikoppen i den same handa.

Nydelege 8. klassingar, morgontrøytte og struttande av lærelyst møter ein i gangen. Litt tett er det, mellom skap og folk.

Dei fem timane med undervisning, inspeksjon, litt lunsj, labforsøk og konflikthandtering går svært fort. Å legge inn to knekkebrød før fellestid om 4 minutt, kjennest som ein heilaften på Bagatelle. Leiinga loser staben gjennom fagfornyelse, verdigrunnlag og HR-system, medan augelokka mine blir tunge.

Før eg veit ordet av det har vi planlagt dei neste åtte vekene i naturfag og fått med både vurdering for læring og punkt frå overordna del. Jo, det var kanskje ei nyttig økt likevel. Dei siste vurderingane blir offentleggjorde i OneNote, eg kastar på meg jakka og ruslar heim. Og på veg heim er eg aldri i dårleg humør. Sliten, ja. Men aldri i dårleg humør!

Ein uvanleg kvardag ser slik ut: Heimekontor medan skulane er koronastengde! Foto: Privat

Tidsnød og dårleg samvit

– Kva er det beste med jobben?

– Klasserommet og elevane. Eg tar full veke i klasserommet framfor tre timar på kontoret. Any day! Eg elskar den tida med elevane.

– Kva er det mest utfordrande?

– Tidsnød og dårleg samvit. Å gå frå jobb, utan å ha fått hjelpt han du ønskte å hjelpe. Han du veit går heim til noko kjipt. Å jobbe i ei verksemd der menneska er viktigast, men systemet er først og fremst økonomisk styrt. Det er frustrerande. Og nokre gongar vondt.

Som kontaktlærar skal eg ta vare på 13-åringar. Og det utgjer snaue 6 prosent av stillinga. Eg må seie at det er «morosamt» at nokon har tenkt det. Eg skulle elska å sjå den ministeren som har 10 år i læraryrket og framleis meiner at 6 prosent av tida er nok til å ta vare på seksogtjue 13-åringar!

– Treng alle menneske i skulen

– Kven passar yrket for?

– Empatiske menneske. Og folk med ei sterk sjølvkjensle. Humor hjelper òg – ikkje minst fordi du må le av deg sjølv. Mykje. Ofte.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Ja. Gjer det du gjer, og gjer det bra! Ikkje bli verdsmeister i alt. No kjenner eg til få ungdom som siktar seg inn mot yrket «ungdomskulelærer» Det gjorde jo ikkje eg. Men det er viktig at du finn noko du trivst med, noko du blir god i og at du finn glede i hjelpe andre.

I skulen treng vi ALLE menneske. Elevane er ulike, og det burde dei tilsette ved skulen òg vere.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Det er ikkje éi hending eg kan trekke fram. Det er nokre utrulege hendingar og dei er alle i same kategori. Det er dei små augneblinkane ein får med kvar elev, der ein møtest med fullstendig openheit, gjensidig respekt og ærlegdom. Det er utruleg kva ein kan oppleve når ein jobbar med menneske på denne måten.

Illustrasjon Sarepta Studios

Fredrik Georg Svang Jansen

Alder: 34

Frå: Oslo

Yrke: Lærer

Utdanning: Realfag og ped ved NMBU i Ås.