Arbeidsmarknaden: – Ein generasjon som er stuck på venterommet

Ane Breivik (V) og Omar Svendsen-Yagci vil ha kraftigare tiltak for å hjelpe unge inn på arbeidsmarknaden.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Eg skjønar at mange unge vert pessimistiske for framtida når dei ser at det blir stadig vanskelegare å få jobb, å få dei same moglegheitene som foreldregenerasjonen hadde, seier Unge Venstre-leiar Omar Svendsen-Yagci til Framtida.

Vi møter han og Ane Breivik, som er vara til Stortinget for Venstre i Akershus, og også tidlegare UV-leiar, i Venstres hus i Oslo.

– Det er absurd å vere i ein situasjon der folk på min alder som har gjort absolutt alt rett, tatt ei lang og god utdanning, opparbeidd erfaring gjennom deltidsjobbar eller frivillige verv, no står i ein situasjon der dørene til arbeidsmarknaden rett og slett ikkje er opne for dei, seier Breivik.

No føreslår Venstre på Stortinget 13 tiltak for å hjelpe unge og nyutdanna inn på arbeidsmarknaden. Dei vil mellom anna opprette 1000 nye trainee-stillingar i staten, stille krav til konsulentverksemder, senke arbeidsgivaravgifta for unge og opprette eit gründer-stipend.

13 tiltak:

  1. 1000 nye traineestillingar i statsforvaltinga

  2. Statlege verksemder skal ha mål om at 10 % av nytilsettingar er av nyutdanna
  3. Offentlege anbod skal innehalde krav om at 10 prosent av oppdraget vert utført av juniormedarbeidarar eller nyutdanna

  4. Fjerne erfaringskrav som ikkje er fagleg grunngjevne, frå statlege stillingsutlysingar

  5. Gründerstipend for nyutdanna
  6. Obligatorisk arbeidslivsrelevans i alle studieprogram i form av praksis eller samarbeid med næringsliv

  7. Redusere arbeidsgivaravgift for unge arbeidstakarar
  8. Fjerne arbeidsgivaravgifta for ungdom under 16 år

  9. Tilskotsordning for sommarjobb for ungdom mellom 15 og 18 år

  10. Fjerne forbodet mot innleige frå bemanningsselskap

  11. Auke lærlingtilskotet

  12. La ungdom mellom 15 og 18 år jobbe fram til midnatt

  13. Gjere det mogleg å jobbe meir enn tre sundagar på rad

– Noko gale med politikken

– Eit land som er så vellukka som Noreg, burde aldri hatt ein generasjon som er stuck på venterommet, seier Svendsen-Yagci.

Han viser til at éin av ti nyutdanna med mastergrad ikkje får seg jobb etter studiet.

– Då er det openbert noko gale med politikken. Problemet er ikkje at vi har unge som ikkje har lyst til å jobbe, men ei regjering som ikkje gir dei moglegheita, seier han.

Svendsen-Yagci meiner staten ikkje berre kan krevje erfaring i stillingsutlysingar, han må også bidra til å gi unge arbeidstakarar erfaring.

– Eg trur det blir endå viktigare i ei tid der vi ser at KI tar mange av startjobbane til nyutdanna. Vi må tilsette unge og lære dei opp til framtidas arbeidsliv, med meir kompliserte arbeidsoppgåver. Vi må bake kaka større, seier han.

Fleire nyutdanna byråkratar

Medan resten av høgresida vil ha kutt og større effektivitet i det offentlege, vil altså Venstre at 10 prosent av nye tilsettingar i staten skal vere nyutdanna.

– Vil ikkje staten få lågare effektivitet og mindre valuta for pengane viss ein tilset folk med lågare kompetanse?

– Eg trur offentleg sektor er godt tent med å få inn nye kloke hovud som kan bidra med ein annan type kompetanse, svarar Svendsen-Yagci.

– Det er ingen fordel med ei einsarta og homogen gruppe arbeidstakarar. Det er bra med mangfald, og det inneber også nyutdanna med frisk kunnskap og nye perspektiv, held han fram.

Han legg til at Venstre elles ønsker ein slankare stat og effektiviseringskutt, men han avviser at det står i motsetnad til å sørge for erfaring til unge.

Ønsker stipend for gründerar

Venstre ønsker også eit gründerstipend gjennom Lånekassen, på lik line med studielån. Stipendiatar vil vere forplikta til å prøve å starte ei bedrift.

– Det er ein god inngangsbillett til å få erfaring, og vil gjere at fleire torer å ta risikoen med å starte si eiga bedrift, seier Svendsen-Yagci.

Han understrekar at Noreg treng fleire bein å stå på når olje- og gassnæringa minkar.

– Då bør vi ha fleire menneske som torer å skape nye idéar og innovasjon, seier han.

Breivik legg til at det er viktig for beredskapen at Noreg og Europa i større grad kan konkurrere mot teknologiselskap i Kina og USA.

– Noreg må bidra til at Europa kan reise seg og stå på eigne bein, seier ho.

Vil fremje viktige studium

I fjor braut ein debatt om «tullestudium» ut, der nokre stilte spørsmål ved kva studieretningar ved universiteta som har verdi for samfunnet.

I sitt forslag ønsker Venstre å justere finansieringa av høgare utdanning, slik at studieplassar i større grad vert tildelte på grunnlag av dokumenterte arbeidslivsbehov, særleg innanfor teknologi, helse, realfag og grøn omstilling.

– Ensar vi ein ny debatt om tullestudium? 

– Det er ein dårleg strategi å skulle overstyre universiteta. Det vi meiner konkret, er å gi fakulteta meir pengar til å opprette fleire studieplassar og fremje dei vi treng fleire av, seier Svendsen-Yagci.

Samstundes vil forslagsstillarane ha obligatorisk praksis eller samarbeid med næringslivet i alle studieprogram. Eitt av føremåla er å synleggjere for studentane korleis dei kan bruke kompetansen frå studiet i arbeidslivet, seier Venstre-politikarane.

– Filosofar kan jobbe med kommunikasjon. Eg er jurist og jobbar med klima og miljø. Det er ikkje berre éin veg inn i arbeidslivet, men studentar må få ein inngangsbillett, seier Breivik.