Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 25.03.2021 08:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det følest naturleg å arbeide i eit mannsdominert yrke då eg store delar av oppveksten var saman med gutar heime på Rafteseth, seier Malin Frøystadvåg Storøy.

28-åringen er no i gong med læretida som dekkskadett hjå Eidesvik Offshore. Når ho har fullført den kan ho søkje ut serfikat og verte styrmann. Då går ho inn i ei næring der det til no har vore stort underskot på kvinner.

Før seglingstida som kadett har sunnmøringen teke ei bachelorgrad i nautikk. Til no har Storøy vore fleire turar med forsyningsfartøyet Viking Lady, men no går ferda hennar vidare til det største skipet i rederiet, Viking Neptun.

Viking Neptun er ein koloss av eit skip som er 145,6 meter langt og 31 meter breitt, med heile 2600 kvadratmeter dekksareal ein kan strekkje føtene på. Skipet er også er rusta for å gå igjennom 20-50 cm tjukk is. Foto: kees torn/Wikimedia Commons/CC BY-SA 2.0

– Kvifor valde du denne yrkesvegen? 

Det er vel ei samansetning av fleire årsakar, men det skal seiast eg hadde omlag 10 års arbeidserfaring i ulike typer jobbar før eg valde denne yrkesvegen.

Eg har vakse opp ved havet, og likar å ferdast på sjøen. Det følast naturleg å arbeide i eit mannsdominert yrke då eg store delar av oppveksten var saman med gutar heime på Rafteseth.

Ein av årsakane til yrkesvalet må vel også vere at eg alltid har sett opp til min far som er fiskar. Morfaren og farfaren min var også sjømenn, og segla ute som styrmenn i si tid. Så eg håpar eg har litt saltvatn i årane.

–  Svarte det til forventningane?

Eg har segla ute som messepike på ulike skip tidligare, så visste litt kva sjølivet gjekk i før eg byrja på den 3-årige utdanninga hjå Høgskulen. No er det den 2-årige praksisen eg held på å fullføre, og hittil vil eg seie det svarar ganske godt til forventningane.

Foto: Malin Frøystadvåg Storøy

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut? 

Ein vanleg arbeidsdag for meg går mellom anna ut på loggføring, testing av radioutstyr, rapportering, lasting og lossing av dekkslast og slangelast, inspeksjon av brann- og redningsutstyr og kommunikasjon med til dømes plattformar.

Og dersom det passar seg slik, får eg styre skuta. Det er stas.

– Førebudde utdanninga deg på yrket? 

Eg vil seie utdanninga gir eit godt grunnlag, og ein lærer å tenkje. Men den ordentlege læringsprossen startar ikkje før ein kjem ut i arbeid om bord på skipet. Men det er mi meining.

– Kva er det beste med jobben? 

Kontorutsikta mot havet, køyre båt, sjømenna «mine» og laurdagsbiffen.

– Kva er det mest utfordrande? 

Eg er foreløpig kadett så utfordringane kjem meir etterkvart. Frå og med ein blir styrmann og går oppover i gradene så følgjer dette med eit aukande ansvar og utfordringar. Det er mykje å halde kontroll på til ei kvar tid. Ikkje berre det som er relatert til brua.

Det å arbeide i høg sjø og dårleg vêr kan også vere utfordrande på sin måte. Men det er ein del av «sjarmen», og ein del av det å være sjømann.

Slik ser det ut på brua på Viking Neptun der Storøy arbeider no. Foto: Malin Frøystadvåg Storøy

– Kven passar yrket for? 

For deg som er litt sær. For å setje det på spissen går ein glipp av «halve livet» når ein arbeider til sjøs. Det er difor mykje ein går glipp av. Både små og større ting. Dette må ein vere ok med.

Ein går glipp av «halve livet» når ein arbeider til sjøs

 

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben? 

Eit par smarte ting å sjekke opp før ein startar på utdanninga som styrmann kan vere å finne ut om ein har godt fargesyn, og at ein ikkje er plaga med sjøsjuke. Mitt beste tips når tida er inne for å byrje å jobbe på sjøen, er å vere audmjuk.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

No har eg relativt kort erfaring som dekkskadett. Eg har meir erfaring i forpleininga til sjøs per dags dato. Men det var ganske utruleg då Viking Lady låg i tørrdokk, og eg fekk gå under skroget å sjå på utrustninga og dimensjonane. Artig å kunne gå under kjølen å sjå skipet frå den vinkelen.

Hadde eg fått det samme spørsmålet litt lenger ut i mi kadett-periode, hadde eg nok kunna fortalt om fleire utrulege hendingar på jobb.

Malin Frøystadvåg Storøy

Alder: 28 år
Frå: ishavsbygda Tjørvåg på Sunnmøre.
Yrke: Hudpleiar og styrmann (snart).

Utdanning: Hudpleiar og Bachelor i nautikk.