Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.10.2019 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er her som innbyggarar på planeten. Som offer for forureringa som hensynslaust har blitt dumpa på vårt land, vår luft, våre hav og generasjonar. Og me står her som barn som har fått rettane sine krenka. I dag kjempar me tilbake, opnar Alexandria Villaseñor (14) frå USA.

Det er 23. september, same dag som startskotet går for Klimatoppmøtet i FN. Villaseñor, Greta Thunberg og 14 andre ungdomar har kalla inn til pressekonferanse.

– Har ikkje halde det dei lova

Her annonserer Villasenor at dei har levert ein formell klage på fem store land til FNs barnekomité: Tyskland, Frankrike, Brasil, Argentina og Tyrkia.

Greta Thunberg. Foto: Children vs. Climate change

– Det har gått 30 år sidan dei signerte Barnekonvensjonen og verdsleiarane har ikkje halde det dei lova. Dei lova å beskytta rettane våre, men det har dei ikkje gjort, seier Greta Thunberg som også er med.

Ungdomane bak kampanjen #ChildrenVsClimateCrisis peikar på at dei allereie opplever klimaendringane og legg til at forsking viser at trusselen berre vil veksa dess eldre dei blir, når verda nærmar seg 1,5 graders oppvarming og meir.

– Verdas leiarar har gløymt forpliktingane sine

Dei 16 ungdomane kjem frå 12 ulike land og meiner at landa dei har klaga inn til FN, har brote barnerettane ved å ikkje ta nok grep for å stoppe klimakrisa.  

Alexandria Villaseñor. Foto: Children vs. Climate change

– Barnekonvensjonen dei signerte, sikrar alle barn sine rettar. Den er til for oss. Men det ser ut til at verdas leiarar har gløymt forpliktingane sine. Avtalen seier at land må verna om og respektera alle barn si rett til liv, helse, kultur. Det gjer dei ikkje, sa Villaseñor. 

Retten til liv, helse og kultur vert omhandla i artikkel 6, 24 og 30 i Barnekonvensjonen. 

Ved å uvørent forårsake og oppretthalda livstruande klimaendringar, har ikkje landa klart å gjera nødvendige førebyggande tiltak som respekterer dette. Dei har dimed handla i strid med barnekonvensjonen, står det i den formelle klaga. 

Landa som er klaga inn, er nokon av dei største utsleppslanda både historisk og i dag. Dei er dimed med på å varma opp jorda og skapa konsekvensar som havstiging og meir ekstremvêr. 

Dei 16 ungdomane kjem frå 12 ulike land i verda. Skjermdump frå heimesida Children vs Climate change

USA og Kina kan ikkje klagast inn

Barnekonvensjonen vart vedteken av FN i 1989. 22 år etter, kom ein tilleggsprotokoll som gir barn rett til å klage til FNs barnekomité, dersom land ikkje har gjort nok for å sikre rettane deira. 

Det er likevel ikkje alle land som har forplikta seg til denne tilleggsprotokollen, noko som forklarar kvifor ikkje dei aller største utsleppslanda blir klaga inn.  

USA, som ligg på utsleppstoppen, har ikkje forplikta seg til klageprotokollen, og kan dimed ikkje klagast inn til FN. Det same gjeld Kina, som ligg på andreplass på utslepp.

Noreg har forøvrig ikkje forplikta seg til dette heller, og kan dimed ikkje klagast inn.

– Som å stele pengar frå eit lite born

I den no verdskjende talen til Greta Thunberg på FN-toppmøtet, sa ho mellom anna at verdsleiarane har stole barndommen hennar. 

Ranton Anjain. Foto: Children vs Climate change

Frå salen spør ein journalist om dei andre ungdomane føler det same.

– Ja. Øya mi er i ferd med å bli øydelagd. Det er ikkje rett å halde på å mista heimen sin. Det er som å stele pengar frå eit lite barn, seier Ranton Anjain (17) som kjem frå Marshall-øyane i Stillehavet.

Carl Smith (17) er ein del av Yupiaq-stamma på Alaska. Eit sjølvopphaldande folk som har hatt tradisjonar for jakt, fiske og sanking på bredda av Kuskokwim-elva så lenge dei kan hugsa.

– Ja. Eg kan ikkje leva ut sjølopphalds-livsstilen som før. Me pleide å gå på jakt og plukka bær, men no held alt på å forsvinna, seier han fortvila. 

Carl Smith. Foto: Children vs Climate change

– Dei burde reisa og sjå korleis det er

På spørsmål om kvifor dei trur verdsleiarane er så treige til å ta grep, svarar Smith at han trur det er fordi dei er redde for å tapa pengar.

– Eg synest dei burde reisa og sjå sjølv kva klimakrisa gjer med folk i små byar og bygder, seier han.

Dei tre representantane frå Marshall-øyane, mellom Hawaii og Australia, er samde.

– Eg ville vist dei bakgården min. Berre eg går ut døra, ser eg klimaendringane. Det skjer her og no. Eg bur på sjøsida, og dei brytande bølgjene er mykje større enn før, seier Litokne Kabua (16) som bur på øya Ebeye.

Ranton Anjain (17) ville vist fram sitt gamle hus på Ebeye, som vart øydelagt i storm sommaren 2015.

– Sjømurane me har bygd for å halda bølgjene unna, er blitt ubrukelege, fortel han.

Frå pressekonferansen. Foto: Unicef

– Folk blir tvungne ut av husa sine

David Ackley III. Foto: Children vs Climate change

David Ackley III (16) fortel at han hadde vist fram alt på Marshall-øya si, Majuro.

– Det flaumar praktisk talt over over alt på øyane. Folk blir tvungne ut av husa sine og det er ikkje noko kjekt å sjå, seier han.

Aust for Filippinene ligg øya Palau, der Carlos Manuel (17) kjem frå. Han fortel at folk også der er tvungne til å flytta ut av heimane sine på grunn av havstiging.

– Å mista heimen sin er ikkje lett, særleg om forfedrane dine har budd der i hundrevis av år. Framtida vår avheng av dei, så eg ber leiarane våre om å handla no. Medan me framleis har ei øy å bu på. Ver så snill, me må handla no, seier han til verdsleiarane.

Catarina Lorenzo. Foto: Children vs Climate change

– Vil ikkje tillata dei å ta framtida vår frå oss

Catarina Lorenzo (12) frå Brasil er også med på klagen, og seier at dei vil kjempa uansett.

– Om vaksne ikkje vil hjelpa oss, så vil me handla åleine om me må. Me vil ikkje tillata dei å ta framtida vår frå oss. Dei fekk retten til si framtid, kvifor skal ikkje me få det same? 

Ein annan av klagarane er Raina Ivanova (15) frå Tyskland, som fortalde at dei står der og har levert klagen ikkje berre for si eiga framtida, men også for framtida til dei vaksne og barna deira. 

Raina Ivanova. Foto: Children vs Climate change

– Eg vil at de skal vita at veslesyster mi og mange andre yngre barn i vår generasjon, græt fordi dei har mista håpet om at me skal klara dette. Men om alle gjer litt, kan me koma langt saman. 

– Min siste bodskap er at denne krisa er ei global krise. Det vil ikkje berre påvirka ein nasjon, men alle oss, over alt i verda, legg Alexandria Villaseñor til.

– Viss ikkje no, når? spør Ranton Anjain.

Les også om: New York som har vedteke dei mest ambisiøse klimamåla i USA: Den amerikanske delstaten vil kutta klimagassutsleppa med 85 prosent frå 1990-nivå innan 2050.

Med «New York State Climate Leadership and Community Protection Act» vil delstaten kutta klimagassutsleppa med 85 prosent av 1990-nivå innan 2050. Det vil dei mellom anna gjere med å få delstaten over på eit nytt karbon-fritt elektrisk system innan 2040. Foto: Matteo Catanese, Unsplash.com