Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år sidan 2013 har BBC laga si liste over 100 kvinner, med bakgrunn i spørsmålet: Korleis ville framtida sett ut, om den var driven fram av kvinner?

Blant kvinnene som vert løfta fram finn me namn som Alexandria Ocasio-Cortez (AOC). Politikarstjerna frå USA er den yngste kvinna som nokon gong har sete i Kongressen.

Den «brasilianske AOC», Tabata Amaral, er også utpeika. 25 år gamal er ho ein av dei yngste kongresskvinnene i Brasil. Ho vart kjend etter at ein video der ho «grillar» utdanningsministeren, gjekk viralt.

F.v. Francia Marquez (Foto: Goldman Prize), Autumn Peltier (Foto: FN), Jamie Margolin (Foto: Zero Hour), Greta Thunberg (Foto: Children VS Climate).

Klima pregar lista

Det er også fleire klimaaktivistar på lista. I tillegg til Greta Thunberg, som starta ei verdsomspennande rørsle med klimastreikar, finn me eldre og yngre kvinner frå heile verda.

Dr. Gada Kadoda frå Sudan, hjelper kvinner i avsidesliggjande områder med å bruka solkraft. Ho lærer kvinnene opp til å bli ingeniørar i lokalsamfunna sine, for at dei skal sikre elektrisitet til bygdene dei bur i.

Jamie Margolin, er 16 år akkurat som Thunberg, og tala saman med henne i den amerikanske kongressen. Margolin har vore med å starta «the Zero Hour movement», og gjennom sosiale medium organiserte dei dei første klimademonstrasjonane over heile USA.

14 år gamle Autumn Peltier er nok den yngste på lista, men har kjempa for reint drikkevatn for urfolk i Canada sidan ho var åtte år gamal.

37 år gamle Francia Marquez frå Colombia vann i fjor Goldman Environmental Prize for si mangeårige innsats mot store selskap som driv ulovleg gullgraving i heimlandsbyen hennar, La Toma i Colombia. Dette fører til avskoging og ikkje minst er det fleire barn som har blitt forgifta med kvikksølv. Innsatsen hennar har ført til fleire dødstruslar.

Urfolk-forskjempar og Oscar-nominert

Yalitza Aparicio, vart nominert til Oscar for beste kvinnelege skodespelar, etter at ho spelte i filmen «Roma». Foto:Chris Pizzello/Invision/AP

Første kvinnelege munk

Dhammananda Bhikkhuni. Foto: Gakuro/Wikimedia

På lista er også forskarar, forkjemparar i LHBT-kampen, kunstnarar, filmskaparar, oppfinnarar, NASA-tilsette, legar, ordførarar, advokatar, journalistar og aktivistar – sjå den fullstendige lista hjå BBC.