Spire om nytt klimamål: – Milevis unna
Etter brot i forhandlingane har Stortinget sikra fleirtal for eit nytt klimamål. Spire etterlyser eit forpliktande nasjonalt delmål for utsleppskutt.

– Dette politiske kaoset er milevis unna dei ambisiøse klimamåla verda treng, uttalar Thea Birgitte Erfjord i miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire.
Tysdag ettermiddag vart Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre samde om eit nytt klimamål som skal meldast inn under Parisavtala. Etter brot i forhandlingane, stilte Ap og Høgre seg bak eit forslag frå Venstre.
Ifølgje det nye målet skal klimagassutslepp kuttast med 70–75 prosent frå referanseåret 1990 innan 2035.
– Venstre har vore villig til å strekke oss svært langt for å kome til ei semje. Eg er glad for at vi no har lukkast med det. Prosessen har ikkje vore god, men sluttresultatet er godt, seier Venstre-nestleiar Sveinung Rotevatn ifølgje NRK.

Sveinung Rotevatn i Vandrehallen på Stortinget ved eit tidlegare høve. Foto: Fredrik Varfjell / NTB
I samarbeid med EU
I forslaget fleirtalet stiller seg bak, ber Stortinget regjeringa planlegge for at klimamålet skal blir nådd med utsleppskutt i Noreg i samarbeid med EU, og kome tilbake til Stortinget i løpet av 2026 med forslag til korleis dette kan sikrast.
Det meiner Spire er ei svak betring av ein bekmørk klimaplan. Dei er kritiske til at regjeringa endar opp utan eit forpliktande nasjonalt delmål for utsleppskutt.
– For å unngå klimakatastrofar som vil ta millionar av liv, må Noreg ta sin rettferdige del av ansvaret for utsleppskutt. Då må Noreg faktisk forplikte seg til eit nasjonalt delmål, ikkje klappe seg sjølv på skuldra for halvvegs formuleringar om nasjonale ambisjonar og utvatna politikk, uttalar Spire-leiaren.
I tillegg meiner organisasjonen at utfasing av fossilnæringa blir neglisjert nok ein gong.
– Noregs klimapolitikk kan ikkje bestå av falske løysingar og kvotar. Vi treng ein utfasingsplan og reelle tiltak viss vi skal unngå heilt irreversible klimaendringar og sikre ei rettferdig omstilling, seier Erfjord.
Naturvernforbundet: – Fortvilande
– Det er fortvilande å sjå at det har blitt semje om eit klimamål som på ingen måte svarar på alvoret i klimakrisa, skriv leiar i Naturvernforbundet Truls Gulowsen i ei pressemelding.

Truls Gulowsen er leiar i Naturvernforbundet. Foto: Fartein Rudjord
Han er skuffa over at styringspartia ikkje har fått til eit breitt klimaforlik med fleire miljøparti.
Naturvernforbundet er positive til at forslaget til Venstre strammar inn kvotekjøp utanfor EU, noko Ap sitt opphavlege forslag la til rette for. Det kan likevel opnast for kjøp av klimakvotar utanfor EU i nokre tilfelle.