Til hausten kjem boka om Greta Thunberg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 05.11.2019 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ho har gjort oss klar over at dyr og miljø betyr mykje. Og Greta trivast godt, ho har funne seg sjølv og kan stolt seie: «Eg har Aspergers og det er kult». Det er så flott å sjå, seier Malena Ernman på Cappelen Damm-nettsida Boktips.

Malena Ernman, som er ein anerkjent operasongar og representerte Sverige i Eurovision i 2009, fekk sjølv diagnosen Aspergers i vaksen alder. Saman med skodespelarektemannen Svante Thunberg og døtrene Beata og Greta har ho skrive boka Scener ur hjärtat.

På nettsida melder Cappelen Damm at omsetjinga er i gang og at boka kjem ut hausten 2019.

Les også: Belgisk klimaaktivist skuffa over Noreg

Heile familien Ernman-Thunberg har bidrege til boka. Omslag: Polaris

Diagnose- og klimakamp

Òg foreldra til Greta har vorte engasjerte i miljøspørsmålet. Under klimatoppmøtet i Polen før jul snakka Greta og Svante Thunberg saman om klimautfordringane.

Scener ur hjärtat handlar om familiens kamp med diagnosane og vegen som førte til at eldstedottera vart ein verdskjent klimaaktivist.

I eitt Ted-føredrag fortel Greta korleis ho vart deperimert og slutta å ete som 11-åring. Etter å ha vorte send mellom ulike institusjonar og legar vart ho diagnostisert med Aspergers syndrom, OCD og selektiv mutisme.

Ho ville ikkje gå på skulen, men berre vere heime med foreldra.

– Det var forferdeleg, ho visna bort. Ho følte på ei utestenging som ho ikkje kunne forklare, og ho var ikkje involvert i det sosiale på skulen. Før skulestart hadde ho alltid hatt vener. For oss var det brutalt, forklarar mamma Magdalena på nettsida til Cappelen Damm.

Dette var før Greta fann ut kva som var verdas viktigaste sak og i ein alder av 15 år sette seg til å streike utanfor den svenske Riksdagen for å få politikarane til å ta grep.

Hennar «Fridays for future»-streik har sidan breidd om seg til å verte ei internasjonal rørsle. 15. mars mønstrar skuleelevar frå heile verda til global skulestreik, inspirert av Greta.

Sjå Greta Thunberg snakka direkte til verdas toppleiarar under klimatoppmøtet i fjor:

Årets kvinne i Sverige

Allereie i desember utropte Time magazine Greta Thunberg til «one of the world’s 25 most influential teenagers of 2018», det britiske miljøtidsskriftet The Ecologist har peika ho ut som ein av årets 25 kvinnelege klimaleiarar og på kvinnedagen 8. mars kåra både Aftonbladet og Expressen 16-åringen til årets kvinne.

I Aftonbladet er det lesarane som har kåra vinnaren, medan juryen i Expressen meiner ungdomsskuleeleven har gitt ei stemme til ein heil generasjon sitt krav om ei framtid.

Kommunikasjonssjef i Cappelen Damm, Tone Hansen, fortel at forlaget er stolte over å få vere den norske utgjevaren av Greta si historie.

Hennar kamp for miljøet har fått internasjonal merksemd og hun er ei viktig og innverknadsrik stemme, understrekar Hansen.

Les meir: Bono og titusenvis av skuleelevar hyllar Greta Thunberg: «Make the world Greta again»