Greta seglar over Atlanteren til klimakonferanse

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare i sommar kom nyheita om at Greta Thunberg tek eit friår for å prioritere klimaaktivisme, framfor skulearbeid.

Den svenske 16-åringen som har starta ei verdsomspennande rørsle der elevar streikar for klima skulle eigentleg byrje på vidaregåande til hausten, men har større ting på agendaen.

Til no har fire land erklært klimakrise. Først ut var Storbritannia, etterfulgt av Irland, Canada og Frankrike.

I Noreg har fleire kommunar og fylkeskommunar gjort det same, men Erna Solberg meiner ikkje ei slik erklæring er naudsynt.

Klimatoppmøte i New York og Santiago

I september deltek Greta Thunberg på FNs klimamøte i New York og i desember vert klimakonferansen COP25 arrangert i Santiago, Chile.

Då nyheita kom i juni visste ikkje Thunberg korleis ho skulle løyse reisa på ein klimavenleg måte.

– Sidan eg ikkje flyr, får eg ta meg over Atlanteren på ein annan måte. Eg har ikkje heilt løyst det enno, men på ein eller annan måte skal eg komme meg dit. Eg skal i alle fall prøve alle moglegheiter som finst, sa Thunberg til Dagens Nyheter.

Tvitra gode nyheiter

På Twitter i går fortalde Thunberg at løysinga har meldt seg. Ho har fått klimavenleg skyss over Atlanteren i august:

Uaktuelt med cruiseskip

På turen, som startar i London i august, får Thunberg får med seg skodespelarfaren Svante Thunberg.

Dei vert med seglteamet som mellom anna består av skipper Boris Hermann og Pierre Casiraghi, som er barnebarnet til prins Rainier III av Monaco og Grace Kelly.

The Guardian og NRK skriv at Malizia II er ein 60 fot lang konkurransebåt heimehøyrande i Monaco, som har både solpanel og turbinar under vatn for å skaffa energi.

Facebook skriv teamet at det er ei ære å segla Greta Thunberg over Atlanteren utsleppsfritt.

Til Associated Press fortalde Thunberg at mange har prøvd å hjelpa ho over havet med ulike båtar.

For klimaaktivisten var det uaktuelt å reisa med cruiseskip på grunn av utsleppa, men august kan vere ei tøff tid for seglbåtar over Atlanteren på grunn av orkanfare.

Med på turen er også dokumentarskapar Nathan Grossman, som har følgt Thunberg sidan august i fjor.

Optimistisk klimaforkjempar

I intervjuet med AP fortel Thunberg korleis livet hennar har vorte snudd på hovudet det siste året.

– På ein måte er eg meir optimistisk, fordi folk sakte vaknar opp og blir meir bevisste på situasjonen, seier Thunberg til nyheitsbyrået.

Ho vert håpefull av Fridays for future-rørsla, men viser til at framleis har nesten ingenting  skjedd i løpet av det siste året.

Skulestreik for klima fredag 24. mai. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Trump-skeptikar

Førre månad arrangerte The Guardian eit felles intervju med stjerneskotet Alexandria Ocasio-Cortez og Greta Thunberg via videolink.

Den demokratiske kongresskvinna var svært imponert over Thunberg sine talar, men 16-åringen er ikkje sikker på korleis bodskapen vert motteken i USA.

President Donald Trump har markert seg som ein sterk klimamotstandar og har varsla at han vil trekkja landet frå Parisavtalen som vart inngått i 2015.

Thunberg utelukkar ikkje eit møte med presidenten, men er usikker på kva som kan koma ut av det.

– Han høyrer openbert ikkje på vitskapen og forskarane. Så kvifor skulle eg, eit barn utan noko formell utdanning, klara å overtyda han?

Les også: New York har vedteke dei mest ambisiøse klimamåla i USA

Med «New York State Climate Leadership and Community Protection Act» vil delstaten kutta klimagassutsleppa med 85 prosent av 1990-nivå innan 2050. Det vil dei mellom anna gjere med å få delstaten over på eit nytt karbon-fritt elektrisk system innan 2040. Foto: Matteo Catanese, Unsplash.com