Ein av fire blir påverka av klimastreikane
Ei ny undersøking viser at ein av fire nordmenn er blitt meir medvitne om klimaendringane, på grunn av barn og unge sitt klimaengasjement.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Førre fredag var fleire tusen elevar samla til den tredje nasjonale skulestreiken for klimaet så langt i år. Nokre få timar seinare runga Klimabrølet i Oslo og Bergen for å krevje klimahandling frå regjeringa.
Ei ny undersøking gjort av Norstat for Norad viser at den yngre garde sitt engasjement for klimasaka har ein effekt: Folk i heile landet har vorte meir medvitne om klimaendringane.
Det skriv Norad på sine heimesider.
I undersøkinga svarar éin av fire nordmenn frå 18 år og oppover, at barn og unge sitt engasjement for klima har gjort dei meir medvitne om klimaendringane.
Særleg i Nord-Noreg har engasjementet smitta: Der svarar heile éin av tre nordlendingar at klimamedvite har auka.
- Lurar du på kva stortingspolitikarane synest om skulestreikane? Les vår uhøgtidelege undersøking her.
Større handlingsrom
– Vi ser ei veksande generasjonskonflikt der dei unge er meir opptekne av klima- og miljøspørsmål, seier Berit Kristoffersen, forskar ved UiT, til Norad.
Forskaren meiner eit klimaengasjement som smittar over på vaksne kan føre til at det blir eit større handlingsrom for å finne felles løysingar i nord.
– Det er godt nytt for alle som ynskjer å gjera noko med klimaproblemet, seier Kristoffersen.
- Les også om generasjonskløfta i klimasaka: – Dei under 30 er meir bekymra for klimaet og meir villige til å støtte klimapolitikk
Har trua på teknologi
I undersøkinga har også respondentane svara på kva dei meiner er det viktigaste tiltaket i møte med klimakrisa. Er det å ete mindre kjøt? Å avvikle olje- og gassindustrien? Eller kanskje å parkere bilar som går på fossilt brennstoff?
Majoriteten, 31 prosent, har svara at alternativet dei har mest tru på, er teknologi og innovasjon.
– Dette er jo den løysinga som tilsynelatande gjer at vi kan halde fram som før, med nokre mindre justeringar, seier Kristoffersen.
Samstundes trur forskaren at det ein står overfor for spennande løysingar i nord, deriblant elektrifisering av båtar og ei auka bruk av solenergi.