Amnesty-pris til Greta og skulestreikarane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 18.09.2019 13:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I august segla den svenske 16-åringen over Atlanteren for å delta på FNs klimatoppmøte i New York, som startar 23. september.

Greta Thunberg tok imot Amnesty International sin samvitspris for 2019 under ein seremoni i Washington DC måndag.

«Nok er nok»

Prisen «Amnesty International Ambassadør for samvit» vart delt ut av generalsekretær i Amnesty International, Kumi Naidoo.

– Desse unge leiarane har gitt oss ei utfordring. I ei apatisk verd på veg mot katastrofe, har dei stått opp som vår kollektive samvit og sagt: «nok er nok». Dei har kravd at me sluttar å ignorera omfanget av krisa og sluttar å koma med unnskyldningar, og heller mobilisera. No er det tid for kvar enkelt av oss å følgja dei, seier Kaido i ei pressemelding frå Amnesty International.

– Kjempar for våre liv

I talen sin dediserte Greta Thunberg  prisen til alle dei millionane av unge menneske verda over, som tilsaman utgjer Fridays for future.

– Me, som saman er Fridays for future-rørsla, kjempar for våre liv. Men ikkje berre det. Me kjempar òg for våre framtidige barn og barnebarn, for framtidige generasjonar, for kvart einaste levande vesen på jorda, sa Thunberg i talen.

I tillegg til seremonien i USA var det arrangement verda over der Fridays for future-aktivistar vart heidra.

Mandela, Malala og Kaepernick

Amnesty International sin samvitspris er den høgaste utmerkinga frå menneskerettsorganisasjonen. Prisen går til ein person som har vist unikt leiarskap og mot i sin kamp for menneskerettane – folk som har handla etter sitt samvit og inspirert andre.

Prisen har vorte delt ut sidan 2002. Tidlegare vinnarar er store namn som Nelson Mandela, Malala Yousafzai, Ai Weiwei, Alicia Keys og Colin Kaepernick.

Thunberg får prisen for sitt klimaengasjement.

Les også: Game of Thrones-skodespelar hyllar Greta Thunberg

– Ingen er for små til å gjera ein forskjell

Hausten 2018 starta den då 15 år gamle skuleeleven ein aksjon der ho streika kvar fredag for å stilla opp framfor det svenske parlamentet og krevja klimahandling frå politikarane. Dette vert starten på Fridays for future-rørsla som har samla over éin million skulestreikarar verda over.

I talen sin slo 16-åringen fast at aktivisme fungerer.

– Så det eg seier de må gjera no, er å handle. Fordi ingen er for små til å gjera ein forskjell, sa Thunberg, som oppmodar alle til å ta del i klimastreikane som finn stad 20. og 27. september.

Bilete frå Klimabrølet 30. august 2019 i Oslo. Foto: Ingvild Eide Leirfall