Fritt Ord-vinnar Greta Thunberg ber norske politikarar ta klimagrep
Greta Thunberg og Natur og Ungdom er tildelt Fritt Ord-prisen for bidraga i klima- og miljødebatten. I takketalen bad Thunberg norske politikarar om å handle.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den svenske klimaaktivisten har valt å donere halvparten av prisen sin på 500.000 kroner til klimasøksmålet Natur og Ungdom og Greenpeace har reist mot den norske staten for å stanse oljeboringa i Barentshavet.
Les også: Storbritannia erklærer nasjonal klimaendring-krise
Videohelsing
16-åringen var ikkje til stades under prisutdelinga i Operaen i Oslo onsdag kveld, men i ei videohelsing gav ho ei tydeleg oppfordring til norske politikarar.
– Det er ei viktig sak som viser at makthavarane ikkje lenger kan halde på som i dag. Mi utfordring til norske politikarar er at vi må handle no, elles kan det bli for seint. Land som Sverige og Noreg har så store moglegheiter til å gå føre. Vi må ta ansvar, sa Thunberg.
Sidan august 2018 har 16-åringen inspirert hundretusen av ungdommar, elevar og studentar over heile verda til å demonstrere for klimakampen. For det har ho vorte lønt med Fritt Ord-prisen, som er ein pris for ytringsfridom.
Les også: Greta Thunberg bad EU-politikarane om å «få klimapanikk»
Skulestreiken
Også Natur og Ungdom vart tildelt prisen. Miljøvernorganisasjonen arrangerte elevstreiken for klimakampen, som trekte rundt 40.000 skuleelevar og studentar over heile landet 22. mars.
– Klimadebatten polariserer delar av norsk offentlegheit i høgare grad enn før. Klimafeltet er ikkje ein hyggeleg samlingsstad der ein blir klappa på hovudet for glød og iver. Det er vesentlege politiske og økonomiske interesser involvert på mange nivå, og store verdiar står i konflikt. Natur og Ungdom og Greta Thunberg tør å gå inn i dette minefeltet og gjere argumenta og interessene sine gjeldande, sa styreleiar Grete Brochmann i stiftinga Fritt Ord under prisutdelinga.
Fritt Ord-prisen er ei årleg utmerking gitt av den private stiftinga med same namn i tilknyting til markeringa av Noregs frigjering i 1945. Utmerkinga vart første gong gitt i 1976. Blant tidlegare prisvinnarar finn ein Kim Friele, Lech Wałęsa, Erik Bye, William Nygaard, Shabana Rehman, Per Fugelli og Robert Mood.