Opplever at svensk ungdom ikkje blir lytta til
– Når eg snakkar til dei, så er det som om dei feikar at dei blir imponerte, seier Hussein Secho om opplevingane sine med vaksne under Almedalsveckan.

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of `25» som er støtta av Fritt Ord.
– Eg er ikkje spesielt interessert i svensk politikk, men heller det som skjer utanriks, seier Hussein Secho (16).
Framtida.no møter han saman med Vincént Blomér og Alexander Hoffman under Almedalsveckan, der dei har sommarjobb.
Almedalsveckan blei arrangert på Gotland i slutten av juni og tiltrekte seg om lag 30 000 politisk interesserte, og stort sett godt vaksne, menneske frå prateklassa i Sverige. Arrangementet har gitt inspirasjon til Arendalsuka i Noreg.
Secho, Blomér og Hoffman fortel om stoda når det gjeld ungdom og politikk i Sverige. Dei tre gutane seier at politikk sjeldan er eit samtaleemne blant deira jamaldrande.
– Me snakkar kanskje om store internasjonale saker som Trump og Palestina, men ikkje eigentleg svensk politikk, seier Secho.
– Trur dokker at venane dokkar veit kva som skjer i Riksdagen?
– Av og til kanskje, men eigentleg ikkje, seier Blomér.
– Vaksne vil helst bestemma
Gutane er samde om at meiningane og interessene til ungdom ikkje blir tillagt nok vekt.
– Vaksne vil helst bestemma alt sjølve, seier Secho.
– Er problemet at ungdom ikkje bryr seg om politikk eller at vaksne ikkje lyttar?
– Eg trur at hovudproblemet er at vaksne ikkje lyttar til oss. Det er nok mange ungdommar som forsøkjer å gjera ein skilnad, men blir stoppa av vaksne som trur dei veit betre, seier Blomér.
– Unge mistar interessa når eldre folk ikkje tek dei seriøst, seier Secho.
Han fortel at dei opplever dei same haldningane blant dei vaksne deltakarane på Almedalsveckan.
– Dei er litt interesserte, men eg opplever at dei fleste ikkje tek oss seriøst. Når eg snakkar til dei, så er det som om dei feikar at dei blir imponerte, seier Secho.
Synest ungdom bør få meir makt
Dei tre gutane synest at ungdom burde hatt meir påverknad i samfunnet.
– Vaksne kan ikkje forstå problema og ynska til ungdom på same måte som ungdom sjølve kan, seier Secho.
– Eg trur at mange saker blir betre dersom både unge og vaksne påverkar, meiner Blomér.
– Kva bør bli gjort for at ungdom skal bli høyrde i Sverige?
– Kanskje ein burde hatt meir om politikk på skulen? Dersom unge kan meir, blir dei også kanskje tatt meir seriøst, seier Secho.
– Unge folk og politikarar må snakka saman, seier Blomér.
– Gjekk over ganske fort
Secho fortel at han har vener som er med i SSU (Sveriges socialdemokratiska ungdomsförbund) som er systerorganisasjonen til AUF i Noreg.
– SSU er litt weird. Dei snakkar om politikk og å endra verda. Nokre gonger et dei pizza og har fest. Eg er eigentleg ikkje sikker på om dei har så mykje aktivitet.
Dei andre ungdomspartia i Sverige kjenner dei tre gutane ikkje til.
– For nokre år sidan var ungdommar i Sverige kjende over heile verda for klimastreikar. Korleis er det no?
– Eg trur det fyrst og fremst var Greta Thunberg og venane hennar. Eg kjenner ikkje nokon som har streika, seier Secho.
– Eg har høyrd om skulestreikane, men aldri sett nokon streika. Mange var engasjert i streikar og sånn før, men eg trur det gjekk over ganske fort, seier Blomér.
– Eg trur sånne ting er veldig sjeldne. Nokre folk er utruleg interesserte i politikk, men dei er fåe, seier Hoffman.
– Blir heilt nomen
– Bør folk bry seg om politikk eller er det okei å ikkje vera engasjert?
– Folk bør bry seg. Dersom ingen er engasjerte så kan dårlege folk enda opp med makta. Det å veta kven du røystar på er veldig viktig, seier Secho.
– Det ville vore lettare for unge folk å engasjera seg viss vaksne gjorde det lettare å forstå politikk, seier Hoffman
Han meiner at politikk ofte endar opp med å bli mest prat.
– Eg føler at mykje politikk i Sverige berre er at dei snakkar mykje og ingenting skjer.
– Når eg har vore på politiske møte, så er det så mykje snakk at ein blir heilt nomen i hovudet, seier Secho.