Game of Thrones-skodespelar hyllar Greta Thunberg

Bella Ramsey meiner den svenske 16-åringen er den verkelege Lyanna Mormont.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Stor respekt til deg. Greta Thunberg, eg står med deg, skriv skodespelar Bella Ramsey på biletdelingstenesta Instagram.

Den britiske 16-åringen har delt vidare eit utdrag av talen som svenske Greta Thunberg haldt for det britiske parlamentet tysdag 23. april.

Ramsey skriv vidare at Greta Thunberg er ei levandegjering av rollefiguren ho sjølv speler i Game of Thrones, Lyanna Mormont.

Ei tøff lady

Rollefiguren til den britiske 16-åringen Bella Ramsey har etter kvart markert seg som ei av dei tøffaste unge kvinnene i Game of Thrones etter at ho entra scena i sesong 6.

13 år gamle Lyanna Mormont, som er overhovudet av Huset Mormont, har for vane å seie rett ut kva ho meiner anten det er til Jon Snow, Sansa Stark eller andre vaksne.

Lady Mormont har heller ingen planar om å sitje framfor peisen å strikke medan menn kjempar for ho og insisterer på å bidra i å forsvara menneskeheita i Westeros.

Kva kan du om Game of Thrones? Test deg sjølv i vår kviss!

Vart det for lett? Test om du kan nok høgvalyrisk til å sitja på jerntrona!

Bella Ramsey (16) kjem til å sakna å snakke alvor til eit rom fullt av vaksne menn. Foto: HBO

Bella beundrar Lyanna

På privaten er Ramsey oppteken av dyrevelferd og er i likheit med Greta Thunberg veganar.

I eit intervju med magasinet The Cut svarar Ramsey på kva ho vil sakna mest med å spela Lyanna Mormont:

– Eg trur det må vera moglegheita til å stå opp framfor ei gruppe vaksne menn og shame dei.

Den unge skodespelaren fekk nyleg æra av å verte ambassadør for The Prince William Award og programmet SkillForce, som skal hjelpe unge å byggje karakter og sjølvtillit.

Ramsey meiner rollefiguren Lyanna Mormont er sterk både mentalt, fysisk og når det kjem til personlegheit.

– Eg likar korleis ho står opp for det ho trur på, uansett kostnad eller konsekvensar. Eg beundrar verkeleg sjølvtilliten hennar, korleis ho kan reise seg utan å stusse framfor alle dei folka, seier Ramsey til The Cut.

Les også: Kvinnene i Game of Thrones har størst sjanse til å overleva, ifølgje forskarar

Ein av dei nesten 40.000 ungdommane som streika for klimaet fredag 22. mars. Foto: Andrea Nøttveit

Storbritannia erklærer nasjonal klimakrise

Symbolikken i Game of Thrones har vorte eit ynda tema for dei mange skulestreikarane verda over.

Klimaforkjempar Eirin Høiseth meiner at Greta Thunberg er vår Jon Snow. Les innlegget «Winter is (not) coming!»

I slutten av førre månad tok Labour-politikar Jeremy Corbyn initiativ å stemme over ei nasjonal miljø- og klimaendring-krise i Storbritannia.

Onsdag vedtok Underhuset i det britiske parlamentet samrøystes å erklære ei «klimakrise».

Loading…