Greta Thunberg er kåra til årets person av TIME

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

16 år gamle Greta Thunberg er den yngste personen gjennom tidene som er kåra til årets person av TIME Magazine.

Før 16-åringen frå Sverige kom, var rekordhaldaren 25 år gamle Charles Lindbergh som fekk æra i 1927, etter å vorte den første som flaug åleine over Atlanteren.

Han var også den første i historia som fekk den ærefulle tittelen.

Svenske Greta Thunberg (16) er kåra til årets person av Time magazine. Skjermdump

– Det kjem ein morgondag

Greta Thunberg har på den andre sida gjort seg bemerka for å segla same vegen, for å minimera klimaavtrykket sitt.

TIME Magazine har eit stort stykke om aktivisten, der dei har møtt 16-åringen både i USA og i Madrid der ho reiser for å delta på klimatoppmøtet som går føre seg i desse dagar.

– Me kan ikkje berre halda fram å leva som om det ikkje kjem ein morgondag, for det kjem ein morgondag, seier Thunberg i intervjuet.

16-åringen starta sin eigen skulestreik for klima hausten 2018 og har inspirert unge verda over til å ta saka i eigne hender gjennom rørsla Fridays for future.

Foto: Evgenia Arbugaeva

Symboliserer smerta – og håpet

Allereie i mai vart Greta Thunberg løfta fram på TIME si liste over framtidas leiarar.

Fleire har òg teke til orde for at ho bør bli årets person, mellom anna gjennom ein kampanje som har fått over 45.000 underskrifter.

TIME understrekar i artikkelen om årets person at Thunberg verken er leiar av ei politisk gruppe eller parti, at ho ikkje er popstjerne eller millionær, men ei vanleg tenåringsjente som vart eit ikon fordi ho våga å snakka makta midt imot.

– Ho symboliserer smerta, frustrasjonen, desperasjonen og sinnet – og på eitt nivå: håpet – til mange unge som ikkje ein gong er gamle nok til å stemma innan framtida deira er fordømt, seier Varshini Prakash til Time Magazine.

Ho er ein av grunnleggjarane av den amerikanske Sunrise Movement og er sjølv på TIME si liste over 100 personar du må sjå opp for.

På kortlista til årets person hadde magasinet TIME:

  • Demokraten Nancy Pelosi, som leiar Representantane sitt hus og er pådrivar i riksrettsprosessen presidenten
  • Donald Trump (som har vore på topplista dei siste fire åra og vart kåra til årets person i 2016)
  • Ein anonym CIA-varslar som leverte ein telefonsamtale mellom Trump og presidenten i Ukraina
  • Protestantane i Hongkong

Fakta