Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Allereie i 1964-65 vart den vesle billa oppdaga av britiske William Brock medan han var på feltarbeid i Kenya. Billene finst over heile verda, men er ikkje særleg kjende og har ikkje hatt eit offisielt namn før no.

No har forskar Michael Darby, ved naturhistorisk museum i London æra klimaaktivist Greta Thunberg, med å kalla opp ein av bille-artane i billefamilien Ptiliidae etter ho.

Det skriv museet i ei pressemelding.

Nelloptodes gretae. Foto: Naturhistorisk museum i London.

I godt selskap

Billearten som har fått namnet Nelloptodes gretae er gul/gull i fargen og er omlag 0,80 mm lang. Den har ikkje auge eller vinger, men to lange antenner. Kanskje minner desse om flettene Thunberg pleier å gå med?

Forskaren har også kalla opp ein av artane i Ptiliidae-familien etter Sir David Attenborough, og trur sjølv dette er første gong ein art har blitt oppkalla etter den unge klimaaktivisten Thunberg.

– Eg veit i alle fall ikkje om andre biller som er kalt opp etter henne, seier forskaren.

Ikkje fordi den er liten

Forskar Darby fortel at billene er nokon av dei minste dyra som lever på eigahand i verda, og kan vera mindre enn eit punktum. Få av dei er lengre enn ein millimeter.

Men det er ikkje på grunn av storleiken han har kalla opp billa etter unge Thunberg.

– Det er berre at dette er denne arten eg jobbar med.

Og som Greta Thunberg sjølv har sagt: Eg har lært at ein er aldri for liten til å utgjera ein forskjell. 

Foto: Montasje frå Framtida.no