Greta Thunberg på amerikansk TV: – Opplys dykk sjølve

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I august brukte Greta Thunberg 15 dagar på å segle over Atlanterhavet for å delta på FN sitt komande klimatoppmøte i New York.

Klimatoppmøte finn ikkje stad før 23. september, men fram til dess latar den svenske klimaaktivisten til å nytte tida godt.

– Politikken som trengst, finst ikkje enno

Greta Thunberg er no på ein aldri så liten turné på amerikansk TV. Tysdag stilte ho opp på CBS This morning, eit program som når fleire millionar amerikanarar.

Dagen etter dukka klimaaktivisten opp i det timeslange programmet Democracy now! og torsdag vart ho intervjua i det satiriske nyheitsprogrammet The Daily Show with Trevor Noah. 

Programleiar Trevor Noah spør Thunberg kva folk og politikarane kan gjere no:

– Om eg skal velje ein ting så er det å opplyse seg sjølve. Å prøve å forstå situasjonen og prøve å presse fram politisk rørsle. Politikken som trengst for å fikse dette finst ikkje enno, svarar 16-åringen som har kome med den same oppmodinga i alle tre TV-intervjua.

Samstundes legg ho til:

– Det vi må gjere som individ er å bruke demokratikreftene for å gjere stemmene våre høyrde slik at makthavarane ikkje lenger kan halde fram med å ignorere dette.

Sjå eit klipp frå intervjuet her: 

Amerikanarar flest trur på klimaendringane

Det er kjent at den amerikanske presidenten, Donald Trump, ikkje har særleg tru på at klimaendringar krev handling. Han har trekt USA ut av Parisavtala, påstått at klimaendringane er ein bløff frå kinesisk hald, og står bak fleire Twitter-meldingar som denne:

Det tyder likevel ikkje at alle amerikanar flest er like tvilande til klimaforskinga.

Ny forsking frå det amerikanske forskingssenteret Yale Program on Climate Change Communication (YPCCC) viser at 69 prosent av amerikanarar trur global oppvarming føregår. Berre 16 prosent er overbeviste om det motsette – at det ikkje skjer.

Samstundes forstår 55 prosent av amerikanarane at klimaendringane er menneskeskapte.

– Eit faktum

Greta Thunberg meiner amerikanarane framleis har ein veg å gå.

Trevor Noah spurde Thunberg om det er forskjellar på korleis klimaendringar vert omsnakka i Sverige og i USA, og ho svara klårt:

– Her følest det som om det vert det diskutert om det er noko du trur på eller ikkje. Der eg kjem frå er det eit faktum, slår Thunberg fast.

Framtida.no har spurt alle stortingsrepresentantane om dei støttar skulestreikane. Foto: Collage. Bakgrunnsfoto: Andrea Rygg Nøttveit. Forgrunn: Stortinget