Natur og Ungdom og Greta Thunberg får Fritt Ords Pris
Fritt Ords Pris 2019 vert tildelt Natur og Ungdom og Greta Thunberg for deira bidrag til å gjere klima- og miljødebatten handlingsretta og mobiliserande.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er ei utruleg stor ære å få denne prisen, seier leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord i ei pressemelding.
Eiterjord tek prisen som ei stor anerkjenning av alt arbeidet som ungdom legg ned for å ta vare på naturen og klimaet.
Kva kan du om klima? Test deg sjølv i Framtida.no sin store klimakviss!
Insisterer på handling og tiltak
Fredag 12. april kunngjorde stiftinga Fritt Ord at Fritt Ords Pris 2019 går til Natur og Ungdom, som er ungdomsorganisasjonen til Naturvernforbundet, og den svenske miljøaktivisten Greta Thunberg (16), som starta skulestreikane for klima.
Styreleiar i stiftinga Fritt Ord, Grete Brochmann, seier i ei pressemelding at prisvinnarane gjer ein stor innsats i vår tids viktigaste debatt ved å insistere på at det ikkje først og fremst er meir kunnskap og betre analyser som no trengs, men handling og tiltak.
– Dette gjer dei på både saklege og engasjerande måtar: Natur og Ungdom ved å mobilisere over lang tid i enkeltsaker, sist ved skulestreikane – Greta Thunberg ved å skapa seg eit ytringsrom som enkeltmenneske og på kort tid få globalt gjennomslag, seier Brochmann.
Fritt Ord er ei privat stifting som særleg arbeidar for å fremma ytringsfridom, offentleg debatt, kunst og kultur. Fritt Ords Pris er deira høgaste utmerking.
Eiterjord spår endring
Natur og Ungdom-leiaren spår at generasjonsoppgjeret som er i gang vil skapa endring.
– Ungdom tek i dag langt meir ansvar enn det som burde vore naudsynt. Me er lei hyklarske politikarar som set klimamål og signerer klimaavtaler, men ikkje følgjer opp med naudsynte tiltak. Dei pøser i staden på med tillatingar til oljeleiting, nye rullebanar og motorvegar, seier Eiterjord vidare i pressemeldinga.
Prisvinnarane får kvar sin Fritt Ord-statuett signert Nils Aas og ein pengepris på tilsaman éin halv million kroner under prisutdelinga som skjer 8. mai på Operaen i Oslo.
Eiterjord lovar at dei skal bruka pengane på å styrke kampen mot det han kallar regjeringa sine «klimakatastrofale prosjekt over heile landet», som oljeboring i Barentshavet i nord, tredje rullebane på Gardermoen og monstervegutbyggingar på Sør- og Vestlandet.
– Klimakrisa krev tiltak i ein heilt annan storleik enn det dei vaksne leverer i dag, understrekar Eiterjord.
Fredag 24. mai manar ungdomsorganisasjonane til ny storstreik for klimaet: – Politikarane har ikkje forstått alvoret