Frå Carola til Klæbo: Sebastian (38) lagar dorullnissar av alt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har prøvd å google litt for å finne ut korleis dorullnissar oppstod, men eg har ikkje funne noko, så det vert nok eit evig mysterium, seier Sebastian Aasen Solli.

38-åringen frå Ski har fleire dorullnissar på samvitet enn dei fleste, og er nok det næraste ein kjem ein ekspert på den særeigne kunsten.

Frå Carola til My Little Pony

Det heile starta for ni år sidan då Sebastian Aasen Solli hadde lyst på ein julekalender til bloggen sin som ber tittelen: Sebolas – dorullnisser, ostepop og blogg.

Det starta med litt hummer og kanari, ein dorullnisse av My Little Pony, ein Carola som var fångad av en snøstorm, ein som skulle på julebord og ein som skulle heim.

Etter kvart har det vorte til at han løftar norske kjendisar og ikon, sidan dorullnissar, så langt eksperten har klart å spørje seg fram til, er eit særeige norsk fenomen.

Kva har Markus og Martinus til felles med Elisabeth «Bettan» Andreassen og Hanne Krogh i Bobby Socks? Dei er begge klassiske døme på norske dorullikon. Foto. Sebolas.com

Den største kvelden

Med åra har stadig fleire fått augene opp for dorullnissane og i år skal Aasen Solli gjesta den tradisjonsrike NRK-sendinga «Kvelden før kvelden».

– Det er så stort at eg nesten får gåsehud. Her sit eg, ein vaksen mann og lagar dorullnissar, så vert det teken på alvor, seier 38-åringen, som håpar profileringa kan føra til litt meir trafikk i eigne kanalar.

– Kva reaksjonar får du på hobbyen din?

– Eg synest at folk tek det ganske bra. Dei seier først «hæ», men når eg forklarar litt og viser bilete synest dei det er gøy.

I årets julekalender «Dorullby Brukt og Antikk» kjem Dolokk Holmes, ein karakter som òg byr på påskekrim, for å hjelpa Nissemor og Nissefar å løysa eit mysterium i Dorullby. Foto: Sebolas.com

Dorullkarakterar

Men kva er eigentleg greia med dorullnissar?

– Eg synest det er gøy å prøve å formidle ei personlegheit når det er så mange avgrensingar. Eg lagar ikkje armar og bein, og dei har heller ikkje noko ansikt, bortsett frå to prikkar, likevel skjønar du kva personlegdom dei har, seier Aasen Solli.

Ved sida av bloggen jobbar han som lærar i kunst og handverk og drama, noko som gjer at han er veldig glad i kostyme som skapar ein karakter.

– Eg er veldig glad i populærkultur og synest det er gøy å observera menneske. No er eg så inni det at eg har lyst å laga dorullnissar av alt, forklarar entusiasten.

I adventskalendaren «Dorullby Brukt og Antikk» kan du gjette på kven som kjem inn døra i butikken til Nissemor og Nissefar. Foto: @dorullnissen

Samlebandproduksjon

I byrjinga var alt lov, men med tida har Solli utvikla eit sett reglar som gjev dorullnissane ein felles estetikk. Dei har verken bein eller armar. Andletet består ganske enkelt av to svarte perler og dei har ikkje munn eller nase, med mindre det er viktig for karakteren.

Når han først set i gang med samlebandproduksjonen kan han bruka fleire dagar på nissane. Første dagen får dei grunnkostymet, neste dag kjem detaljane på plass og til slutt er det håret.

– Det kan fort gå eit par timar på kvar. Eg likar jo best dei som har litt detaljar, og gjerne dei eg ikkje får til perfekt, fordi det er litt av sjarmen.

Ein annan del av sjarmen er å bruka mest mogleg av det ein har heime av til dømes gåvepapir, emballasje og serviettar.

Frå venstre: Dronning Fjellrose frå Jul i Blåfjell, Olsenbanden og Selma frå Snøfall. Foto: @dorullnissen

Dorullsamling

Men kunst og handverklæraren har ikkje hatt mykje av hobbyen med seg inn i klasserommet. I år er faktisk første gongen elevane skal ha dorullnisseverkstad.

– Kor får du tak i alle dorullane?

– Dorullar får ein jo på naturleg vis. Me kastar ingen lenger, forklarar dorullnissebloggaren.

– Eg hugsar det var noko styr for nokre år sidan der barnehagar nekta å laga dorullnissar på grunn av bakteriar, men det er berre noko tull. Det er ikkje meir bakteriar der enn på mobilen din, forsikrar Solli.

I byrjinga vart dorullnissane kasta i søppelet etter at dei var dokumentert men etter kvart som kvaliteten gjekk oppover nekta sambuaren han å kasta dei, så no vert dorullnissane oppbevara i luft-, støv-, og vasstette kasser.

Frå venstre: Daenerys Targaryen frå Game of Thrones, Greta Thunberg og kroppspositivist og burleskdansar Carina Carlsen aka Fifi von Tassel. Foto: @dorullnissen

Angela Merkel på hylla

Når han ser ein serie han likar er dorullnissebrillene fort på og gleda var til dømes stor då han fann ut at ein av karakterane i Jul i Blodfjell eigna seg i dorullformat.

Dei som ikkje eigna seg like godt var dei innsette i Orange is The New Black, som står halvferdige heime. Det funka liksom ikkje heilt med dei identiske fangedraktene.

– Eg laga Angela Merkel, men ho er eg ikkje nøgd med. Ho er berre ei kva som helst dame, fordi ho ikkje har eitt kostyme ho er kjent for, seier Solli.

Han forklarar at menneske som ikkje har noko signaturkostyme er utfordrande, ja nærast umoglege. Difor vart også Putin ståande halvferdig på hylla.

Kunstnaren har fått førespurnadar om å laga familien til folk i dorullformat, men takkar nei rett og slett fordi han ikkje anar kven dei er.

Idrettsutøvarar kan òg vera ei utfordring.

– Klæbo gjekk for så vidt, fordi eg fann eit bilete eg kunne bruka. Men om det er sportsfolk med kondomdrakter og masse spons så spørs det om eg gidd.

Frå venstre: Therese Johaug, Johannes Høstflot Klæbo og Marit Bjørgen har alle vorte portrettert i dorullformat. Foto: @dorullnissen

Triana og Tegnehanne

– I byrjinga tenkte eg at eg håpar folk ikkje vert støtt, men eg trur dei fleste skjønar greia, seier Solli, som berre har fått positiv respons på verka sine.

Han plar tagge personane han portretterer på Instagram og dei fleste trykkar liker, men Triana Inglesias svara også på posten:

Og då Tegnehanne delte vidare dorullversjonen av seg tok det heilt av.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Tegnehanne fortjente en dorullnisse. Med taco.

Et innlegg delt av Dorullnissen (@dorullnissen)

– Eg var i klasserommet og skjønte ikkje kva som skjedde. Mobilen sa berre pling-pling og eg fekk masse likes og folk byrja å følgje meg, seier Solli.

– Kva er ambisjonane vidare?

– Draumen har lenge vore å gje ut ei bok med til dømes Dolokk Holmes eller andre enkle krimmysterier for barn eller vaksne med sans for dårlege ordspel. Det er det eg jobbar mot no, seier Solli, som òg kunne tenkja seg å pitche ein idé for NRK om alt går vegen på den store kvelden.

Alle er mistenkte når Dolokk Holmes skl løysa gåta. Her frå årets påskekrim. Foto: @dorullnissen